Hopp til innhold

Dårleg nett er eit «demokratisk problem» – regjeringa lovar utbetring

FJALER (NRK): Kommunestyremøta i bygda er ein prøvelse fordi nettet er så dårleg. No legg regjeringa ein halv milliard ekstra på bordet for å styrke dekninga i distrikta.

Digitalt kommunestyremøte i Fjaler: Ivar Selvåg og Kjetil Høgseth Felde

HAR RESIGNERT: Dei politiske møta i Fjaler har stadige brot på nettsambandet. Her er det Ivar Selvåg (Sp) som ser i taket, medan ordførar Kjetil Høgseth Felde (Sp) leier møtet.

Foto: Skjermdump frå Fjaler kommunes nettside

– Det er ei demokratisk utfordring dersom tilgangen på fiber avgjer om du kan delta som folkevald, seier Kjetil Høgseth Felde (Sp).

Han er ordførar i Fjaler kommune i Sunnfjord. Gjennom korona-året har han gjentekne gonger opplevd at kollegaer har forsvunne og mista forbindelsen under digitale kommunestyremøte.

For eksempel Joakim Janninge, som representerer SV i kommunestyret og formannskapet.

– I starten pleidde eg å kjefte og smelle for meg sjølv når eg mista forbindelsen. No berre sukkar eg oppgitt, og sender ein SMS til ordføraren om at det har skjedd igjen, fortel han.

Han kallar det eit demokratisk problem når politiske møte hakkar og ikkje glir som dei skal.

– Det er alltid ting som blir sagt, som du ikkje får med deg. Men du har ikkje lyst til å vere ein møteplagar, heller.

DALSTRØKA BORTANFOR: – Det er ei demokratisk utfordring dersom tilgangen på fiber avgjer om du kan delta som folkevald, seier ordføraren i Fjaler.

Gjer bytehandel med tilbydarane

I dag lanserer regjeringa ei distriktspakke for å styrke utbygginga av breiband i område som manglar tilbod om raskt nett.

– Ekskludering frå digital kommunikasjon er eit demokratisk problem, seier distrikts- og digitaliseringsminister Linda Hofstad Helleland (H).

Ein halv milliard kroner er lagt i potten, saman med 256 millionar kroner som alt er løyvd over statsbudsjettet.

Linda Helleland

DEMOKRATISK PROBLEM: – Ekskludering frå digital kommunikasjon er eit demokratisk problem, seier distrikts- og digitaliseringsminister Linda Hofstad Helleland (H).

Satsinga er lagt opp som ein «bytehandel» med tilbydarar som Telenor og Telia.

Regjeringa legg ein rabatt på 560 millionar i potten når nye 5G-frekvensar skal auksjonerast bort. I byte må selskapa forplikte seg til å byggje ut breibandkapasiteten i distrikta i form av 5G eller fiber.

– Digitaliseringen pregar samfunnsutviklinga i aller høgste grad. Og det er nettopp derfor denne satsinga er så viktig og riktig, seier Helleland.

I dag har 90 prosent av alle husstandar tilbod om høghastigheitsbreiband.

Dei ti prosentane som ikkje har dette, utgjer 270.000 husstandar og mange bedrifter, mange av dei i grisgrendte strøk.

Nestleiar i Arbeidarpartiet, Bjørnar Skjæran, meiner det er «for lite, for seint».

– Høgkapasitets internett bør vere ein rettigheit på lik linje med straum. Vi har sett av 500 millionar kroner til dette kvart år i heile perioden, mens regjeringa kjem med ein løyving no, i eit valår.

– Like viktig som vatn og straum

Tone Undertun bur på Hellevik i Fjaler. Ho har jobb i Helse Førde og eige føretak.

Ofte jobbar ho heimanfrå, men «rett som det er» kapitulerer linja og ho dett ut av møta.

– Det er både flaut og kjennest uprofesjonelt, sjølv om det skuldast noko vi ikkje rår over, seier ho.

Eit stabilt nett bør vere like sjølvsagt for husstandane som vatn og straum, meiner ho.

«På høg tid», seier ho om satsinga til regjeringa.

– Det er heilt nødvendig for at vi skal unngå at folk flytter frå distrikta.

Dale i Fjaler

BYGD I NETTSKUGGEN: – I starten pleidde eg å kjefte og smelle for meg sjølv når eg mista forbindelsen. No berre sukkar eg oppgitt, seier Joakim Janninge (SV) i Fjaler kommunestyre.

Foto: Jonas Sætre / NRK

Målet er ikkje meir heimekontor

Koronapandemien gjer at fleire enn nokon gong jobbar på heimekontor, men dette er ikkje drivaren i satsinga, seier Helleland.

– Målet er å styrke den digitale grunnmuren for å inkludere fleire i det digitale samfunnet, og å styrke næringslivets mogelegheit til å skape verdiar og arbeidsplassar, seier ho.

Kjetil Høgseth Felde

ALLE VEGAR: – Stabilt breiband er nesten like viktig som vegen vi køyrer på, seier Fjaler-ordførar Kjetil Høgseth Felde.

Foto: Noralv Pedersen / NRK