Hopp til innhold

Slik må mobilen stå for at Solbjørg skal ha dekning

KINN (NRK): I bygda Kråkenes må innbyggarane rett som det er opp i høgda for å finne mobildekning. Framleis er 13–14 prosent av landet utan mobildekning.

Mobildekning på Kråkenes

EINASTE PLASS: Solbjørg Teige på Kråkenes er nøydd til å plassere mobilen på denne plassen for å ha dekning. – Eg må sitje på ein stol framfor glaset når eg skal prate, seier ho.

Foto: Privat

I den vesle bygda Kråkenes i Kinn kommune, med utsikt mot storhavet og Stad, står ein einsleg mobiltelefon i vindaugekarmen.

Det er stort sett her han står.

Dette er nemleg den einaste plassen i huset at mobilen til Solbjørg Teige har dekning.

– Eg må sitje på ein stol framfor glaset når eg skal prate, seier ho.

Allereie i august var ho «trøytt og lei».

Og i september vart det enda verre. Då mista dei fasttelefonen.

Den forsvann fordi Telenor fasar ut koparnettet. Innan 2022 skal det vere vekke i hele landet.

Det har skapt bekymring i distrikta. For det kan ta lang tid før eit fibernett er på plass.

Om det kjem i det heile tatt.

NRK har tidlegare skrive om bygda Festvåg nord for Bodø, der innbyggarane kjemper for ikkje å måtte stå att heilt utan nett.

Kråkenes

UT MOT HAVET: Heilt yst i vest, med utsikt mot storhavet og Stad, finn vi den vesle bygda Kråkenes. Her kan dei ikkje setje si lit til mobildekninga.

Foto: Privat

– Fjella skuggar for signala

– Stad er eit stort og geografisk komplisert område, seier Bjørn Amundsen, som er dekningsdirektør i Telenor.

Ikkje så ulikt heile regionen, som er Sogn og Fjordane.

– Dei har vakre fjell som er fine å sjå på, men dei skuggar for signala, seier Amundsen.

Per i dag er 13–14 prosent av flatearealet i Noreg utan mobildekning. Typiske stader er brear, vidder og inst i tronge fjordarmar. Altså plassar der det ikkje bur folk.

Nesten.

Ifølgje analyseselskapet Tutela er 1,41 prosent av folk i Noreg utan forbindelse.

Dei meiner likevel at Noreg er best i verda på mobildekning.

– Det er praktisk talt umogleg å dekke kvar einaste kvadratmeter av eit land. 5G-implementering vil vere ein del av løysinga, og signalhulla innandørs vil i aukande grad bli laust hjelp av dedikerte antennesystem og tilgang til WiFi-nettverk, seier Chris Mills, analytikar hos Tutela Technologies til ITavisen.

Dette er de mørke hullene i Norge uten mobil-dekning
Foto: Tutela Technologies, Ltd.

– Vanskeleg å dekke opp ytterkantane

I slutten av oktober viste Telenor fram sine 5G-planar og lovde «full nasjonal dekning» innan utgangen av 2024. Telia høgna bodet, og lovde det same innan utgangen av 2023.

Begge skal investere milliardbeløp i utbygginga av 5G dei kommande åra, og oppgraderer 4G-netta samtidig.

Det gjev håp til ordførar i Kinn, Ola Teigen (Ap), som tysdag var på synfaring i Kråkenes.

Det er likevel mykje som står att, seier han:

– Det er særleg vanskeleg å dekke opp alle ytterkantane i kommunen. For å dekke Kråkenes sine åtte husstandar må vi ut med om lag 2 millionar kroner. Då er det framleis 692 husstandar i kommunen som manglar dekning.

Bjørn Amundsen, Telenor

SKUGGAR FOR: Sogn og Fjordane har vakre fjell som er fine å sjå på, men dei skuggar for signala, seier Bjørn Amundsen, som er dekningsdirektør i Telenor.

Foto: Tale Hauso / NRK

– Inga mobildekning der eg fann henne

Ein båttur sørover ligg Svanøy, som ligg i same kommune.

Her driv Johan Trygve Solheim Norsk Hjortesenter. Den dårlege dekninga skaper konstant vanskar i drifta, men det mest dramatiske opplevde han på privaten.

Det var den dagen kona fekk massiv hjernebløding.

– Der eg fann henne var det inga mobildekning, fortel han.

Han måtte skunde seg tilbake til hjortesenteret for å ringe naudnummeret, og til alt hell gjekk det bra.

No gleder han seg over lovnaden om at innbyggjarane skal få ein ny mobilmast innan to-tre år.

– Det har med tryggleik å gjere, seier han.

Johan Trygve Solheim

REDDA: Johan Trygve Solheim vart redda av telefonen på jobb då kona fekk massiv hjernebløding på ein stad utan telefondekning.

Foto: privat