I to veker aksjonerte aktivistar for å stanse grunnarbeidet til det omstridde gruveanlegget ved Førdefjorden.
Då lenkeaksjonane på Engebø vart avslutta i vår, varsla Naturvernforbundet at dei ville gå til sak mot staten for å få omgjort vedtaket som gir Nordic Mining løyve til gruvedrift med fjorddeponi.
No har natur- og miljøvernorganisasjonen gjort alvor av truslane, og saman med miljøvernorganisasjonen Natur og Ungdom, saksøkar dei staten.
– Det er ei veldig stor avgjerd. Det er ein stor risiko for ein miljøorganisasjon å gå til retten, seier Truls Gulowsen, leiar i Naturvernforbundet.
Meiner løyve er gitt på feil grunnlag
Noreg er eitt av to land i verda som tillèt gruvedumping i sjøen. Det andre landet er Papua Ny-Guinea.
EU sitt mineralavfallsdirektiv, som vart teken inn i norsk lov i 2012, krev at tiltak for å minimere avfall skal vere «ein vere ein integrert del av planprosessen» (sjå faktaboks).
Årsaka til at organisasjonane no går til søksmål er at dei meiner at staten gav gruveselskapet Nordic Mining løyve til sjødeponi i Førdefjorden utan at dei måtte greie ut om andre og meir miljøvenlege løysingar først.
– Departementet har begynt prosessen i feil ende og derfor landa på feil resultat, seier Gulowsen i Naturvernforbundet.
Organisasjonane meiner derfor at vedtak som er tillate i seinare tid har skjedd som følgjefeil av løyve som ikkje burde blitt gitt i utgangspunktet.
Målet med søksmålet er å hindre gruveselskapet Nordic Mining i å få lov til å dumpe 250 millionar tonn gruveavfall i Førdefjorden.
– Å dumpe så store mengder gruveslam i ein nasjonal laksefjord vil øydelegge for livet i fjorden. Dette er ein av dei store miljøvernsakene i Noreg i dag, fortel Gina Gylver, leiar i Natur og Ungdom.
Slik såg det ut då Natur og Ungdom aksjonerte mot fjorddeponi i Engebø i vår.
Foto: AMANDA IVERSEN ORLICH / Natur og ungdomNordic Mining ikkje bekymra
Søksmålet skremmer likevel ikkje selskapet som potensielt må møte konsekvensane av det. Dagleg leiar i Nordic Mining, Ivar Fossum, seier dei ikkje er bekymra for at dette skal få nokon konsekvensar for dei:
– Staten har gjort ein usedvanleg grundig og omfattande jobb for å gi oss dei løyva vi har fått, så at det at dette skal få nokre konsekvensar for oss ser eg ingen risiko for. Eg er ikkje bekymra i det heile tatt.
Fossum i Nordic Mining er heller ikkje einig i at løyva gitt fører til miljøskadelege konsekvensar.
– Vi ser fram til å produsere kanskje verdas mest klimavenlege mineral frå prosjektet i Førdefjorden.
Ivar Fossum i Nordic Mining meiner søksmålet ikkje vil ha nokon konsekvensar for dei.
Foto: Vidar Gudvangen / NRKBåde Naturvernforbundet og Natur og Ungdom er likevel optimistiske til at søksmålet vil gå igjennom.
Dei meiner å kunne syne til løyve gitt utan god juridisk grunn, og at desse dermed bør bli sett på som ugyldige.
– Vi har fått råd frå gode advokatar som støttar oss i at det fullt mogleg å få stoppa dette i retten og gjort om på løyva, seier Gulowsen.
NRK forklarer
Kva vil Nordic Mining i Førdefjorden?
Gruveselskapet Nordic Mining vil utvinne rutil og granat frå Engebøfjellet i Sunnfjord kommune.
Rutil blir brukt til kvitningsmiddel og som metall i fly og sportsutstyr. Granat blir brukt mellom anna til sliping.
I sjøkanten ved Engebøfjellet skal eit prosessanlegg knuse stein. Herifrå vert rutil og granat sendt ut i verda med skip.
Medan gruveavfallet vert deponert på botn av fjorden. Selskapet anslår mengda til 1,2 - 1,3 millionar tonn årleg.
Gruveplanane har vore omstridde. Då anleggsarbeidet starta opp, var aksjonistar til stades for å stogge arbeidet.
6. mai blei det kjent at Nærings- og fiskeridepartementet held fast ved driftsløyvet.