Hopp til innhold

Svensk koronasmitta lege brukte ikkje munnbind – smitta pasient og sjukepleiar

Helse Førde vedgår: Følgde ikkje FHI sine munnbind-råd då vikarlegen kom frå Sverige og gjekk på jobb.

Nordfjord Sjukehus

NYE MUNNBIND-REGLAR: Etter hendinga med den svenske legen brukar no alle på Nordfjord sjukehus munnbind.

Foto: Ottar Starheim / NRK

Måndag 22. juni gjekk den svenske vikarlegen på jobb på Nordfjord sjukehus.

Førre veke vart det kjent at legen hadde fått fritak frå karantene frå Helse Førde. Legen jobba tre dagar, frå måndag 22. juni til onsdag 24. juni, før symptom på Covid-19 byrja å vise seg.

Fredag 26. juni kom det positive testresultatet.

Då hadde allereie ein sjukepleiar og ein pasient blitt smitta av viruset gjennom kontakt med vikarlegen.

No stadfestar Helse Førde at den svenske vikarlegen heller ikkje brukte munnbind då ho jobbe på sjukehuset.

Kom frå sjukehus i Sverige

– Det er synd at dei råda som vart gitt, ikkje blei praktisert då denne vikaren kom frå Sverige. Det er viktig at helsetenesta går føre som eit godt døme.

Det seier Oddgeir Lunde, fylkesleiar for sjukepleiarforbundet i Sogn og Fjordane.

Det var ein hjartepasient som var til undersøking hjå vikarlegen onsdag 24. juni, som først opplyste til NRK at vedkommande ikkje brukte munnbind.

No seier Helse Førde at det skjedde, og at legen hadde jobba på eit sjukehus i Sverige.

Kommunikasjonssjef i Helse Førde, Terje Ulvedal, seier at då vikarlegen starta i jobben, var det ikkje krav om at utanlandske helsevikarar skulle bruke munnbind.

Strenge korona-restriksjonar på Nordfjord sjukehus.

BRUKAR MUNNBIND: Etter utbrotet ved Nordfjord sjukehus, må utanlandske helsevikarar bruke munnbind.

Foto: Raymond Lidal / NRK

Kallar FHI «rådgjevande»

Men fleire dagar før vikarlegen byrja å jobbe på Nordfjord sjukehus, publiserte Folkehelseinstituttet (FHI) sine råd om smitteverntiltak blant utanlandsk helsepersonell.

Her rår dei blant anna utanlandsk helsepersonell til å bruke munnbind dei ti første dagane.

Ulvedal syner til at FHI i denne samanhengen er eit rådgjevande organ, og at helseføretaket ikkje har brote regelverket som var gjeldande frå Helsedirektoratet.

– Bruken av munnbind har variert mellom helseføretaka. Nokre har pålagt svensk og utanlandsk helsepersonell utanom Norden å bruke munnbind ved pasientkontakt, andre ikkje.

Ulvedal seier at Helse Førde følgjer retningslinjer frå nasjonale helsemyndigheiter.

– Vår praksis har ikkje vore unik, men i ettertid ser vi at dette tiltaket med munnbind nok kunne vore innført tidlegare.

No brukar alle munnbind

No brukar utanlandsk helsepersonell i Helse Førde munnbind. Etter tilfellet på Nordfjord sjukehus har også styresmaktene stramma inn regelverket for når utanlandske helsevikarar kan starte å jobbe.

Dropesmitte gjennom luftvegane er den største kjelda til koronasmitte. Bruk av munnbind hindrar dette.

I Sverige har totalt 70.639 personar fått stadfesta smitte, syner tal frå WHO. I Noreg har totalt 8895 personar fått stadfesta smitte.