Hopp til innhold

Fekk fritak frå karantene – testa positivt for covid-19

Ein svensk vikarlege ved medisinsk avdeling ved Nordfjord sjukehus har testa positivt for covid-19.

Nordfjord Sjukehus

NORDFJORD SJUKEHUS: Ved sjukehuset på Nordfjordeid jobba den svenske vikarlegen i nokre få dagar får vedkommande testa positivt for covid-19.

Foto: Ottar Starheim / NRK

Legen kom til Noreg tidleg denne veka, og var på jobb ved Nordfjord sjukehus tysdag og onsdag. Torsdag fekk legen lette symptom, og heldt seg borte frå jobb. Fredag kom det positive prøvesvaret.

Opphavleg skulle legen ha vore i ti dagars karantene, sidan vedkommande kom frå Sverige. Helse Førde gav likevel legen fritak frå karanteneplikta.

– Vi har anledning til å gi fritak frå karanteneplikta når vedkommande oppfyller ei rekke kriterium, mellom anna å vere heilt symptomfri og at vedkommande ikkje har vore i kontakt med andre som er smitta, seier Trine Hunskår Vingsnes, direktør ved medisinsk klinikk i Helse Førde.

Tiltak ved sjukehuset

No blir pasientar som treng innlegging, sende til Førde sentralsjukehus. Det skjer fram til situasjonen er avklara på Nordfjord sjukehus.

Helse Førde jobbar med smittesporing og vernetiltak. Alle pasientar som har vore i kontakt med legen vil bli kontakta av sjukehuset og informert, står det i ei pressemelding frå helseføretaket.

Også i Nordland har ein tilsett på sjukehus testa positivt for korona.

Ein svensk vikarsjukepleiar ved Helgelandssjukehuset i Sandnessjøen testa fredag kveld positivt for korona. No er heile den kirurgiske avdelinga ved sjukehuset stengd.

– Beklageleg

Vingsnes seier at legen har det bra etter forholda, men at vedkommande er lei seg for å ha kome på jobb utan å vite om smitta.

– Legen har gjort alt rett, levert alle opplysningar og kan ikkje klandrast. Legen kjente ikkje til nokon risiko for smitte. Avdelinga har også følgt rutinar, seier ho.

– Dette er beklageleg. Samtidig er vi som helseføretak avhengig av å bruke vikarar, spesielt på sommaren. Vi kartlegg vikarane før eller når dei kjem, og gjer ei risikovurdering for kvart enkelt personell før vi eventuelt gir fritak frå karanteneplikta. Men vi er også klar over at ein slik gjennomgang ikkje gjer at vi kan vere 100 prosent sikker.