Hopp til innhold

Hjartepasient blei behandla av koronasmitta lege: – Legen brukte ikkje munnbind

Svensk helsepersonell skal bruke munnbind i kontakt med norske pasientar dei ti første dagane i Noreg. Den korona-råka legen på Nordfjord sjukehus gjorde ikkje det, hevdar hjartepasient.

Strenge korona-restriksjonar på Nordfjord sjukehus.

SLEPP IKKJE INN: Etter at ein lege og ein sjukepleiar har fått påvist koronasmitte, så blir ingen nye pasientar tatt inn på medisinsk avdeling på Nordfjord sjukehus.

Foto: Raymond Lidal / NRK

– Eg var i kontakt med den svenske legen. Legen undersøkte meg på poliklinikken og brukte ikkje munnbind, og eg hugsar ikkje om legen brukte hanskar. Eg hugsar at eg tenkte det var litt rart.

Det seier ein mannleg hjartepasient til NRK. Han er ein av dei som har hatt nærkontakt med den svenske legen.

Han skulle inn på Nordfjord sjukehus til ein rutinekontroll. No sit han i karantene i påvente prøvesvar på Covid-19.

Sist laurdag sendte Helse Førde ut melding om at ein svensk vikarlege var smitta av korona. Vedkomande hadde ikkje vore i karantene.

– Skal bruke munnbind

– Legen brukte ultralyd, så hen var ikkje fysisk borti meg, men sat nær meg med andletet sitt. Og det er vel slik det smittar mest.

Assisterande direktør i Helsedirektoratet, Espen Nakstad, er tydeleg på at helsepersonell som kjem frå Sverige skal følgje strenge reglar.

– Bruk av munnbind i ti dagar, som ein då gjer i ti dagar medan ein jobbar med norske pasientar. Så er det å teste uansett om ein ikkje har symptom, i tilfelle det har kome noko virus opp i nasen som man ikkje er klar over, sa Nakstad på Dagsrevyen tysdag kveld.

Den svenske legen testa seg og fekk påvist smitte. Ein sjukepleiar er også smitta.

– Vanskeleg å forstå

Hjartepasienten får ikkje vite før onsdag om han har fått Covid-19. Sjølv blei han oppringd tre dagar etter at han hadde vore til konsultasjon hos den svenske legen.

Han tykkjer det er uforståeleg at svenske helsearbeidarar ikkje blir sett i karantene før dei kjem til landet.

– Men korleis ein kan plassere ein lege som har nærkontakt med pasientar som sikkert også har forskjellige komplikasjonar og er utsette, er vanskeleg å forstå, seier mannen.

Både Helsedirektoratet og Helse Førde har dei siste dagane framheva kor avhengige det norske helsevesenet er av svenske arbeidarar.

– Det er gjort unntak for arbeidstakarar frå heile EØS og Schengen-området, nettopp fordi ein treng den arbeidskrafta i Noreg. Men det er gjort på veldig strenge vilkår, meiner assisterande helsedirektør, Espen Nakstad.

– Veldig beklageleg

Administrerande direktør i Helse Førde, Arve Varden, har førebels ikkje hatt høve til å sjå på påstandane frå hjartepasienten om at legen ikkje brukte munnbind.

Han forstår spørsmålet om korleis eit sjukehus kan innvilge at ein lege kan kome inn utan å sitje i karantene i 10 dagar.

– Då er det viktig å understreke at vi har hatt eit system som har fungert frå tilbake i mars. Dette er det første tilfellet. Det er veldig beklageleg at det skjer, men vi kan aldri gardere oss 100 prosent, seier Varden.

Blei provosert over beskjeden

For hjartepasienten følast det som ei lang ventetid for å få vite om han har blitt smitta eller ikkje av den svenske vikarlegen på Nordfjordeid.

– Eg blei oppringt laurdag. Då hadde vi hatt besøk av besteforeldre fredagen og var på besøk hjå venner og familie laurdag når dei ringde.

– Kva tenkte du?

– Eg blei kraftig provosert.