– Den gamle rekorden var på 15,3 grader frå Lærdal i 1990, så det er ein gamal fylkesrekord som er slått, slår statsmeteorolog Kristin Sæther fast.
I helga viste kvikksølvet på gradestokkane i Svelgen 15,5 grader på det høgaste. Berre ei veke tidlegare var den same industristaden fattige 0,2 grader frå å slå Lærdal sin 29 år gamle fylkesrekord.
Om Svelgen i helga målte ny fylkesrekord for februar, er det likevel eit godt stykke unna noregsrekorden.
23. februar i 1990 målte dei 18,9 grader på Sunndalsøra i Møre og Romsdal.
- Les også: – Uvanleg lang periode med mildvêr
- Les også: Så mildt at insekta kan bli lurte i døden
– Vi er inne i ein usedvanleg mild periode. Vi har høgtrykk i aust og lågtrykk i vest. Midt i mellom blir det dradd opp varmluft frå sør. Ein skal ikkje sjå vekk ifrå at det også var ein føn-effekt på laurdag. Då blir det ekstra varmt, seier Sæther.
Varmerekordar sette også fleire stader på laurdag:
- Sogndal Lufthamn med ni grader. Den gamle var på 8,8 grader 23. februar 2006.
- Sandane Lufthamn med 15,1 grader. Den gamle var på 13,8 grader 15. februar i år.
- Stryn, Kroken, med 14 grader. Den gamle var på 13,8 grader 15. februar i år.
- Stadlandet med 13 grader. Den gamle var på 12,3 grader 18. februar i år.
I tillegg var onsdag i førre veke den nest varmaste februardagen på Fureneset og i Førde sidan 2003, med høvesvis 13 og 11 varmegrader.
Med berre fire dagar att av februarmånaden, trur Sæther at den nye varmerekorden for fylket blir ståande.
– Det skal framleis vere mildt, men den varmaste perioden ser ut til å ha vore i helga, seier ho.
At det februar har fått ein mild avslutning er sikkert og visst. Plussgradene gjer det krevjande for fleire skisenter på Vestlandet. Dei ser ikkje ut til å få naudhjelp frå vêrgudane.
– Allereie har vi 10,8 grader i Svelgen, og over ni grader på Kråkenes og Stad. Det er ikkje fullt så varmt i Hordaland, og over åtte grader på Florida og i Skredderdalen, seier Sæther.