Hopp til innhold

– Det er veldig uvanleg

Denne veka er det vinterferie for mange. Men meteorologen kan melde om 15 plussgrader og i marka blømer vårblomane.

Vår i Lavik.

FARGERIKT: «Eg heldt på å køyre rett i husveggen då eg kom frå jobb på fredag og oppdaga desse i hagen ... Herlig!», melder Torunn Styve frå Lavik i Sogn.

Foto: Torunn Styve

Særleg på Vestlandet blir det no meldt om krise for mange skisenter. Snøen i løypene er rett og slett i ferd med å smelte heilt vekk.

Det er ikkje uvanleg med mildvêrsdagar i februar, men i år er det likevel spesielt.

– Det er veldig uvanleg med ein så lang periode med mildvêr, seier statsmeteorolog Geir Ottar Fagerlid hos Vêrvarslinga på Vestlandet.

Sist fredag var ein berre 0,2 grader unna ny varmerekord for februar i Sogn og Fjordane, då det vart målt 15,1 varmegrader i Svelgen i Bremanger.

«Sommar» til helga

Fagerlid fortel at mildvêret vil prege heile Sør-Noreg det komande veka. Rett nok vil temperaturen gå litt nedover og kanskje duppe så vidt under null på onsdag, men deretter vil den skyte rett til vers igjen.

– Fram mot helga vil temperaturen langs kysten ligge på 10–12 grader, og i helga kan vi få temperaturar på opp mot 15 varmegrader på stader der fønvind-effekten er sterk, forklarar han.

– Vårteikna kjem til syne og skisentera må stengje. Det vil vere stor snøsmelting, oppsummerer Fagerlid.

Lite sol

Han forklarar den spesielle situasjonen med svært høge temperaturar i eit høgtrykk som har plassert seg over Storbritannia og vestlege deler av Mellom-Europa. Det er sønnavinden frå dette systemet som dreg med seg mildvêret innover Sør-Noreg.

– Normalt plar vi ha så varme luftmasser seint på våren tidleg på sommaren. Saman med soloppvarminga ville vi då fått opp mot 30 varmegrader, fortel Fagerlid.

Men trass i lovnader om varmegrader, kan ikkje Fagerlid love at solveggen likevel er luraste staden å opphalde seg.

– Det vert mest skya og litt regn innimellom.

Geir Ottar Fagerlid, statsmeteorolog ved Meteorologisk institutt

STATSMETEOROLOG: Geir Ottar Fagerlid seier vinteren har teke ein pause.

Foto: Meteorologisk institutt

Vinteren har teke pause

– Er vinteren over no?

– Den ser ut til å ha teke ein pause. Vi kan framleis få vinter og snø både i mars og april, men sprengkulde vert det nok ikkje. Sannsynsprognosen vår for dei neste 15 dagane syner heller ingen teikn på vinter fram til starten på mars.

Sjølv om mange jublar over mildt vêr, er det nokre som ikkje er like glade. Fleire skisenter melder om unormalt lite snø og fleire fryktar dei må stengje om det snart ikkje kjem kaldare vêr og påfyll av snø.

– Det minner meir om april enn februar, sa dagleg leiar ved Sauda skisenter, Lars Reidar Fosstvei til NRK i går.

Vår på Bryggja.

FARGERIKT: «Der er nokre fine blomar på veg opp i blomsterbedet her i Heggedalen på Bryggja», rapporterer Jonny Reidar Svoren frå Vågsøy.

Foto: Jonny Reidar Svoren