Snøen smelter bort i skiløypene. Vårblomane kikkar fram langs husveggar og i lune skråningar. Og meteorologen lovar temperaturar på opp mot 15 varmegrader. I vinterferien.
For oss menneske betyr dette anten glede eller fortviling. For insekta er det snakk om liv eller død.
Finn ikkje mat
Dei insekta som ikkje dreg til Syden, går i dvale her heime. Gøymestadene kan vere mange, som sprekkar i stubbar og tre, på husveggar, under steinar eller rett og slett under ei dyne av snø.
Kroppstemperaturen deira er styrt av omgjevnadene. Dermed kan dei lett verte lurte til å trur at våren er på veg når det kjem mildvêr med mange plussgrader.
– Det er ikkje bra at dei vaknar for tidleg, seier insektforskar og førsteamanuensis ved NTNU Vitenskapsmuseet i Trondheim, Frode Ødegaard.
– Lange mildverperiodar tidleg på vinteren kan vere kritisk, då det gjerne kjem ein kuldeperiode seinare. Og det er den som er vanskeleg, i tillegg til at insekta ikkje finn mat om dei vaknar for tidleg, før dei første vårblomane kjem.
Kan svelte i hel
Fleire typar insekt som humler, dagsommarfuglar og nokre typar fluger kan vakne tidleg, men Ødegaard er mest uroa for humledronningane.
– Viss dei vaknar no kan det verte trøbbel då det ikkje finst blomar ute, samstundes som dei er heilt avmagra etter vinteren. Då kan dei rett og slett svelte i hel eller fryse i hel i neste kuldeperiode, seier Ødegaard.
Uroa over utviklinga
Insektforskaren let seg ikkje uroe av nokre mildversdagar i årets vinterferie, då det alltid vil vere naturlege svingingar i naturen. Problemet er om slike periodar vert ein tendens.
– Vi har hatt 10–15 år med veldig milde vintrar der tendensen har vore lengre mildvêrsperiodar. Men vi har ikkje god nok overvaking av insekta til å kunne seie noko om konsekvensane. Det er mange andre forhold som også påverkar bestanden, og det er vanskeleg å skilje desse frå kvarandre utan skikkeleg overvaking.
Insektbestanden varierer naturleg ganske mykje frå år til år. Ødegaard seier naturen har tilpassa seg å takle slike svingingar, og det vil alltid vere igjen nokre som kan byggje opp igjen bestanden.
– Men får vi veldig mange slike episodar fleire år på rad, då kan det vere skummelt, oppsummerer Ødegaard.