Hopp til innhold

Krankontrollør slår alarm etter dødsulukke: – Berre flaks at fleire ikkje blir skadde

Skadepotensialet er stort når lastebilsjåførar gløymer seg og køyrer med krana til vêrs. No etterlyser fleire både varslingskrav for eldre bilar, og tydelegare kontrollreglar.

olsvik ulykke

Krana på lastebilen var oppe og trefte gangbrua i Olsvik i Bergen 31. juli. Sjåføren omkom.

Foto: Silje Rognsvåg / NRK

Endringslogg: 14. august svara Arbeidstilsynet på fleire spørsmål. Utdrag av dette blei teke med 15. august under eit eige avsnitt, og i faktaboksen.

– Eg er ute på saker ein til to gongar i månaden der kranbilar tar opp i tunnelar, overgangar, lysregulering og julegater.

Kai Halvorsen, Norsk kransertifisering

Kai Halvorsen i Norsk kransertifisering, som årleg inspiserer nesten 2000 kranbilar.

Det seier Kai Halvorsen, fagleg leiar i Norsk kransertifisering.

Førre veke omkom ein 51-åring då lastebilen han sat i køyrde med heva kran inn i ei gangbru i Olsvik i Bergen.

Liknande hendingar med kranbilar skjer omtrent månadleg, ifølgje Norsk kransertifisering.

– Svært sjeldan er det personar som kjem til skade. Det er berre flaks at ikkje fleire blir skadde, seier Halvorsen.

Ingen blei skadd då ein kranbil i februar reiv ned ei gangbru på E16 ved Sollihøgda mellom Bærum og Hole.

Men i mars omkom ein person i Stavanger då ein lastebil med delvis heva kran krasja i ein tunnelopning og deretter inn i ein personbil, ifølgje Stavanger Aftenblad.

Varsling kan koste 10.000 kroner

Spørsmålet er korleis ein kan unngå at alvorlege hendingar skjer igjen.

Statens vegvesen bad i mai alle fylka om å undersøke og sikre bruer som er utsett for påkøyring.

Førre veke tok fagforeiningar for yrkessjåførar til orde for å krevje at lastebilar må ha varslingssystem for når krana står oppe.

Jan Arne Laberget – leder i YTF Logistikk

Jan Arne Laberget i Yrkestrafikkforbundet.

Foto: Per Christian Lind

– Alle kan gjere feil, men har du eit varslingssystem inne i bilen når du set deg, ser du at det er noko gale, uttala Jan Arne Laberget, leiar for logistikkavdelinga til Yrkestrafikkforbundet (YTF).

Kai Halvorsen i Norsk kransertifisering er samd i eit slikt krav for eldre kranbilar, då det frå 2013 har vore bransjestandard å installere lys- og lydvarsling i førarhuset.

Årleg kontrollerer bedrifta på Eidsvoll nesten 2000 kranbilar. Nokon så gamle som frå 2006.

– Når ein ser kva som kan skje, meiner eg det bør bli ettermontert. Det kostar svært lite, seier Halvorsen.

Han anslår at det kostar 10.000-15.000 kroner å installere lys- og lydvarsel på kranbilar.

– Eg vil seie det er ein ekstremt billeg forsikring, samanlikna med det som kan skje.

Venstre og SV støttar kravet

I transport- og kommunikasjonskomiteen på Stortinget stiller Sosialistisk Venstreparti og Venstre seg heilt bak forslaget frå bransjen om å montere varslingssystem i eldre kranbilar.

Venstre er positiv til det, seier André N. Skjelstad, som seier han vil ta initiativ til å få det gjennom i Stortinget.

Mona Fagerås (SV)

Mona Fagerås sit i transport- og kommunikasjonskomiteen for SV.

Foto: Ole Berg-Rusten / NTB

Også SV seier forslaget høyrast fornuftig ut.

Dette er eit krav vi vil støtte heilhjarta, seier Mona Fagerås.

Frp og Sp i komiteen er generelt positive til tiltak som aukar sikkerheita, men vil sjå an tilrådingar frå Arbeidstilsynet. Det vil også samferdselsminister Jon-Ivar Nygård (Ap) og Vegdirektoratet.

Høgres Liv Kari Eskeland spør seg om eit krav vil koste for mykje i forhold til kva den enkelte lastebileigar faktisk skal bruke bilen til.

– Sjåføren har eit eige ansvar for å sikre last og køyretøy. Kostnadar må sjåast opp mot effekten vi oppnår, seier Eskeland.

Arbeidstilsynet, som har ansvar for fagfeltet, vil ikkje kommentere tiltak før tilsynssaka med bedrifta til den omkomne sjåføren i Bergen er ferdig.

Krev betre kontroll med kranene

Samstundes er ikkje varsling i seg sjølv nok. For trass i at det er varslingsutstyr på plass i nyare bilar, skjer det framleis små og store ulukker med kranbilar.

Krankontrollørar NRK har snakka med ser to hovudproblem:

1. Ofte fungerer ikkje varslingsutstyret som det skal, eller så er det ikkje kopla til.

Dessutan har ikkje alle bilar både høgdevarsel for kran-armen, OG ein alarm for støttebeina til krana. Til dømes hadde kranbilen i Olsvik i Bergen berre varsel for støttebeina, ikkje kranarmen, opplyser arbeidsgjevaren til NRK.

2. Kontrollørar har ulik praksis for korleis dei slår ned på manglar på varslingssystem.

– Nokon gir bruksforbod, andre gir enkel merknad og let dei køyre vidare, seier Halvorsen.Han seier bransjen lenge har etterlyst at Arbeidstilsynet seier i klårtekst kva alle kontrollørar skal gjere når dei finn at varslinga ikkje fungerer: Skal det då vere bruksforbod på krana?

– Mange udugelege kontrollørar

– Det er mange udugelege kontrollørar i denne bransjen, seier Bjarne Roland.

Bjarne Roland (redigert)

Bjarne Roland jobbar med å kontrollere kontrollørar, og er ikkje nøgd med alle.

Foto: Øystein Otterdal

Han er senioringeniør i Roland Consulting i Kristiansand, som årleg kontrollerer over 2000 kranbilar.

I tillegg kontrollerer han kontrollørane. Han er fagrevisor for to av dei sju sertifiseringsorgana som er tilslutta Samarbeidsgruppa for sertifiseringsorgan (SGS).

– Ofte sviktar det fullstendig når det gjeld kompetansen på det dei skal kontrollere, og på kjennskap til forskrifter, lover og standard, seier fagrevisoren.

Han fortel at dei sju organa også kan ha vidt forskjellige måtar å sertifisere på.

Svar frå Arbeidstilsynet

Arbeidstilsynet har brukt ei veke på å svare på utfordringa, og to veker på å svare på NRKs spørsmål om kor vidt europanorma om varsling er eit juridisk bindande krav.

14. august skriv Arbeidstilsynet i ein e-post at dei jobbar med å følge opp dødsulukka 31. juli og vurdere tiltak for å hindre liknande ulukker.

Når det gjeld krav om varsling, slår fagavdelinga fast at lastebilar med kran er underlagt tilsynets regelverk om kontroll, mens betongpumpebilar med pumpearm og vanlege lastebilar med tipp-plan ikkje er det.

Vidare skriv dei at sertifiseringsorgana pliktar å samarbeide om ein einsarta kontrollpraksis ved montering og ved årlege kontrollar.

Vil endre etterutdanning for sjåførar

Mona Fagerås i SV støttar å stramme inn og få meir einskaplege kontrollar av kranene som allereie har varslingssystem.

Viss ikkje Arbeidstilsynet kjem med løysingar, vurderer ho å løfte saka på Stortinget.

Av andre tiltak for å hindre ulukker, peikar køyretøypolitisk talsperson Morten Stordalen i Framstegspartiet på at det er best å gjere det lettare å kjøpe nye og sikrare lastebilar «framfor å komme med påbod på eldre køyretøy».

Noregs Lastebileigar-Forbund vurderer no å snakke meir om sikkerheit i haldningsarbeid og etterutdanning blant sjåførane.

– Vi vil ha enno meir fokus på sikkerheit og klargjering av bil før ein køyrer ut på vegen, seier marknadsdirektør Kjell Olafsrud.