– Det er på det reine at den involverte krana skulle hatt varslingssystem når det køyrast og krana står oppe.
Det seier Runar Hauge, seksjonsleiar for avdeling for tilsyn i Arbeidstilsynet, til NRK.
Runar Hauge er seksjonsleiar for tilsyn i Arbeidstilsynet.
Foto: NRK31. juli omkom ein sjåfør då lastebilen hans køyrde med krana oppe og inn i ein gangbru i Olsvik i Bergen. Betongelementet fall ned på førarhuset.
Etter ulukka opplyste arbeidsgjevaren til sjåføren i ei pressemelding at både lastebilen og krana var godkjende og i god teknisk stand.
Til NRK har arbeidsgjevar opplyst at krana har varsling på støttebeina, men at det ikkje var installert såkalla høgdevarsel på kranarmen. Vedkomande stadfestar dette på ny, men har ikkje ønska å kommentere denne saka ytterlegare.
Etter to vekers arbeid i fagavdelinga si, kan Arbeidstilsynet no slå fast følgande for kranbilar som er importert og bygd etter 2012:
– Det skal vere sensorar som varslar. Ei åtvaring som er synleg og høyrbar frå manøverposisjon skal angi om krana er riktig plassert, seier Hauge.
Undersøker ansvarsfordeling
Arbeidstilsynet opplyser at den aktuelle kranbilen er ein 2014-modell.
– Burde ikkje fabrikken ha installert varslingssystem?
– Vi er i ferd med å undersøke korleis dette heng saman. Bilen skulle hatt varslingssystem. Arbeidstilsynet legg til grunn at det er arbeidsgjevar som i utgangspunktet har ansvaret for å sikre at bilen har det den treng, seier Hauge.
– Kva ansvar ligg hjå produsent og forhandlaren i Noreg?
– No er du inne på det vi undersøker, og eg klarar ikkje å gi eit konkret svar på det no, seier Hauge.
Han ønsker ikkje gå inn på fleire detaljar før tilsynsrapporten er ferdig.
NRK har vore i kontakt med firmaet som skal ha hatt kranbilen til årleg godkjenning. Dei viser til at saka er under politietterforsking og ønsker ikkje uttale seg no.
Varslar klare føringar for kontroll av kranbilar
Vidare vil tilsynet følge opp NRKs sak om at krankontrollørar slår alarm om eigen bransje:
- Det er ikkje alltid at kranbilar har installert varslingssystem på både kranarm og støttebeina til krana, sjølv om dei skal det.
- Det er ikkje alltid at installerte alarmar fungerer.
- Dersom dette blir avdekka på dei årlege kontrollane, er det ulik praksis blant kontrollørar for kva som blir konsekvensen.
– Nokon gir bruksforbod, andre gir enkel merknad og let dei køyre vidare, uttala Kai Halvorsen, fagleg leiar i Norsk kransertifisering, 13. august.
Kai Halvorsen i Norsk kransertifisering har etterlyst føringar frå Arbeidstilsynet.
No varslar Arbeidstilsynet at dei vil komme med klarare føringar, slik mellom anna Halvorsen har etterlyst.
– Vi kjem til å følge opp leverandørar, sertifiseringsorgana og dei som utfører den sakkunnige kontrollen på kraner, seier Hauge.
Målet er ein meir einskapleg kontroll, og å hindre liknande ulukker, opplyser han.
Denne bodskapen gler krankontrollør Kai Halvorsen.
– Det er veldig gode nyheiter! Det er eit drøymescenario om dei kan vere så klåre. Det er viktig for oss at alle gjer det likt. Det er mange udyktige kontrollørar, seier han.
Gangbrua er ikkje blitt erstatta enno etter ulukka på Olsvik i Bergen.
Foto: Cato Heldal KristensenTilsynet undersøker kranbilen
Arbeidstilsynet jobbar framleis med tilsynsrapporten etter dødsulukka.
Dei har vore på synfaring og hatt fleire møte med arbeidsgjevar, i samarbeid med Statens vegvesen, Havarikommisjonen og politiet.
Vest politidistrikt opplyser til NRK at dei ventar på at undersøkingane av kran og lastebil skal bli ferdige.
Ein del av arbeidet er å undersøke om det er sensorar på krana, og om det er varslingssystemet inne i førarhytta som gjer det synleg, ifølgje Arbeidstilsynet.
I tilsynsrapportar kan tilsynet komme med nye tiltak for å sikre eit trygt og forsvarleg arbeidsmiljø for å unngå nye ulukker. Dei kan også gi pålegg til arbeidsgjevaren.
Lys- og lydvarsling
Når det gjeld kravet til varsling på krana, viser Hauge til europanorma «EN 12999», som vart innført i 2012.
Den slår fast at det skal vere både lys- og lydvarsling på både kranarm og støttebein til krana på kranbilar.
Fagavdelinga til Arbeidstilsynet har brukt to veker på å finne ut at denne bransjestandarden også er juridisk bindande i Noreg.
– Vi måtte gjere det grundig. Det handla om forskrifter sanksjonert i 2015, og om dei har hatt tilbakeverkande kraft på denne standarden, seier Hauge
Skulestart utan gangbru
Etter ulukka har fleire etterlyst tiltak for å hindre liknande hendingar.
NRK har skrive om at mange bruer er sårbare for påkøyrsel, og undersøkt krava til alarm på kranbilar under køyring.
SV og Venstre har sagt at dei vil innføre krav om varsling også i eldre kranbilar som kom til Noreg før europanorma vart innført i 2012.
Førre veke var det skulestart i nabolaget der dødsulukka skjedde.
Gangbrua kranbilen køyrde i er delvis borte og stengd, og det blei sett inn trafikkvakter som sikra tryggleiken når skulebarna skal over gangfeltet like ved.
Kommunen har varsla at dei vil senke fartsgrensa, lage fartshumpar og heve gangfeltet.
Ein trafikkvakt passar på skulebarn og vaksne som ikkje lenger kan bruke gangbrua.
Foto: Cato Heldal Kristensen / NRK