Hopp til innhold

– Han ser på oss som eit uinteressant indianarreservat

Fylkesordførar i Møre og Romsdal Jon Aasen (Ap) har erta på seg det meste av politisk harme i Sogn og Fjordane etter sitt vegutspel om ny vestlandskorridor.

Jon Aasen

VEGKRANGEL: Jon Aasen får kritikk fordi han seier at næringstransporten frå Sunnmøre neppe vil gå via Sogn.

Foto: Trond Vestre / NRK

Fylkesordførar i Møre og Romsdal Jon Aasen (Ap) sitt utspel i stamvegstriden om Hemsedal eller Hardangervidda vekkjer skarpe reaksjonar i det politiske miljøet i Sogn og Fjordane. Ein av dei er Eid-ordførar Alfred Bjørlo (V).

Alfred Bjørlo

FYRER LAUS: Alfred Bjørlo (V) fryktar at splitt og hersk skal øydelegge for vegbygging i fylket.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

– Dessverre ser Jon Aasen på Sogn og Fjordane som eit slags uinterresant indianarreservat som ein berre skal køyre raskast mogleg gjennom, og der utvikling ikkje betyr noko, seier Bjørlo.

Meiner Strynefjellet er viktigast

Bjørlo si kraftsalve gir eit bilete av stemninga blant politikarar i Sogn og Fjordane NRK har snakka med.

I dag tidleg var fylkesordførar Jon Aasen ute og slo beina under eit viktig argument for at regjeringa skal velje Hemsedal framfor Hardangervidda som framtidig stamveg aust-vest, nemleg at vegen via Sogn også vil vere transportkorridor for store delar av Sunnmøre til Oslo.

– Vi har vel eigentleg reagert litt negativt på det. Hemsedalslinja er nærmast uinterresant i Møre og Romsdal, vårt fokus er opprusting av Strynefjellet, sa Aasen.

Vekkjer irritasjon

Nett no går føre seg det ein intens kamp om val av framtidig stamveg mellom Bergen og Oslo, Fylkesordførar Jenny Følling frå Sp, er kritisk til utspelet frå nord.

– Det hadde vore fornuftig at vestlandspolitikarane hadde støtta kvarandre. Den sikraste oppskrifta på å ikkje lukkast er å splitte, seier Følling.

Lastebileigarforbundet vil ha Hemsedal

Også administrerande direktør i Norges lastebileigarforbund Geir A. Mo flaggar klar støtte til både Hemsedalsfjellet og Strynefjellet.

Geir A Mo

FEILPASNING: Norges Lastebileigarforbund støttar Hemsedallina framfor Hardangervidda.

Foto: Anna Gytri/NRK

– Dette er ein feilpasning frå Aasen. Det vil berre forseinke utbygginga av Hemsedal. Når det gjeld nye Strynefjellstunnelar er det berre å sette i gang, men ein kan ikkje setje det opp mot Hemsedal.

Gir Aasen full støtte

Men Aasen får også støtte frå transportnæringa i eige heimfylke.

Stein Arve Waagan

STRYNEFJELLET: Stein Arve Waagan i DSV Norge administrerer 110 køyretøy i Møre og Romsdal.

Foto: Silje Thalberg / NRK

Stein Arve Waagan er direktør for innland i transportselskapet DSV Norge. Han administrerer 110 køyretøy i Møre og Romsdal, og er klar på at Hemsedallina ikkje vil bli brukt av dei.

– Nei, det vil ikkje skje. Det blir altfor langt vekk og dyrt. I framtida er det fyrst og fremst Romsdalen som gjeld, men med Kvivsvegen vil også Strynefjellet vere veldig viktig.

– Trasig av Aasen

Men tilbake i Sogn og Fjordane kjempar politikarane for 19 milliardar kroner til Sogn og Hemsedallina. I Nordfjord er Sp-ordførar Leidulf Gloppestad i Gloppen oppgitt på Aasen.

Leidulf Gloppestad

OPPGITT: Ordførar i Gloppen Leidulf Gloppestad fryktar alle vert taparar.

Foto: Bård Siem / NRK

– Eg synest det er trasig at Jon Aasen set fjellovergangane opp mot kvarandre. Då tapar vi alle.

Fryktar splitt og hersk

For få år sidan var Jon Aasen kraftig engasjert i E39 striden i Nordfjord, Alfred Bjørlo seier han opplevde det som splitt og hersk den gongen og fryktar det skjer igjen.

– Vi må ikkje gå i same fella som i E39 saka, at det blir splitt og hersk, og at nokon her i fylket let seg lokke med på eit spel frå nabofylket om å spare pengar her for at Jon Aasen skal bruke dei sjølve i Møre og Romsdal.

Breidalen, rv 15 Strynefjellet

VÊRHARDT: Ny tunnel opp Strynefjellet med arm til Geiranger kan fort koste 4 milliardar kroner,

Foto: Statens vegvesen, nettkamera

Aasen: – Har lagt opp til dette sjølve

Men fylkesordførar Jon Aasen meiner det er forkjemparane for Hemsedal som sjølve har lagt opp til debatten.

– Bjørlo overraskar meg ikkje, han er god på å spissformulere seg, men håplaus på å treffe mål. Når Hemsedalforkjemparane brukar Sunnmøre som ein del av trafikkgrunnlaget så må eg kunne ha innspel på det, og seie at det er heilt uinteressant. Dette har ikkje noko med splitt og hersk å gjere, eg må vere sakleg ut frå mitt fylke sine behov.

Kan det vere at du svekker argumentasjonen for Hemsedallina når du seier dette?

– Det har dei lagt opp til sjølve, når dei reknar med Sunnmøre. Når det ikkje stemmer så får dei reaksjonar på det. Vi har ingenting mot Hemsedallina som såleis.

Kart over foreslåtte fjelloverganger i Sør-Norge

STRID: Haukelifjell er alt valt, men regjeringa har endå ikkje bestemt seg for om Hemsedal eller Hardangervidda skal vere korridor nummer to mellom Austlandet og Vestlandet.

Foto: NRK