Hopp til innhold

Striden om trappene har gått til topps i politikken

Striden om dei over 100 år gamle trappene i Høyanger har no nådd Stortinget. Ap-leiar Jonas Gahr Støre krev at Statkraft tar ansvar og Raudt-leiaren krev svar frå ministeren.

Stengjer trappene i høyanger

ENGASJEMENT: Statkraft nektar no folk å bruke dei bratte trappene. Det førte til spontane aksjonar med flagg og blomar i Høyanger.

Foto: Martha Linnea Pukallus

Statkraft-sjef i Sogn, Inge Hass, var tydeleg då NRK intervjua han 29. mars i år.

– Vi har ikkje lenger bruk for desse trappene og planen er å rive dei, sa Hass.

Dette førte nærast til opprør i industristaden og folk trua med å lenke seg fast dersom Statkraft gjer alvor av planane.

Det førte til at Statkraft gjekk ut og modererte seg og sa at dei er villige til å gi vekk trappene om nokon vil ta ansvar.

Men for toppolitikarane Jonas Gahr Støre (Ap) og Bjørnar Moxnes (R) er ikkje dette nok.

– Eg gir veldig sterk støtte til dette engasjementet, seier Ap-leiar Jonas Gahr Støre.

Støres valgkamp på Vestlandet.

KULTURMINNE: Ap-leiar Jonas Gahr Støre meiner at Statkraft må syne samfunnsansvar i stridene om trappene.

Foto: Jon Olav Nesvold / NTB

Krev svar frå statsråden

Både han og Moxnes meiner at det burde vere ei smal sak for Statkraft å bevare trappene for bruk i framtida.

– Eg meiner at det er ein del av samfunnsansvaret å tenkje på kulturhistoria og det som er fotavtrykket til korleis Noreg vart slik det vart, seier Støre.

Raudt-leiar Bjørnar Moxnes har stilt spørsmål til olje- og energiministeren i saka. Han meiner at Statkraft må overstyrast i denne saka.

– Vil statsråden, som eigar av Statkraft, bruke si eigarmakt til å minne selskapet om dette ansvaret og pålegge Statkraft å ta dette ansvaret?

Statsråd Tina Bru (H) har førebels ikkje svart på spørsmålet frå Moxnes.

Statkraft stengde dei 105 år gamle trappene og varsla snarleg riving. No ser dei helst at nokon andre tek over drifta.

– Ikkje teke noko avgjerd

– Vi ønskjer at nokon som har interesse av å drive desse trappene med tanke på turisme, som har kunnskap og interesse av å drive det vidare, skal kome inn og overta, seier pressetalsperson for Statkraft, Knut Fjerdingstad.

No ser dei på moglegheitene saman med kommunen, Høyanger Næringsutvikling og fylket i eit fellesprosjekt.

Trappene vert altså ikkje rivne med det fyrste, men planen er framleis riving om ingen andre vil ta over drifta og vedlikehaldet.

– I dag har ikkje desse trappene nokon funksjon fordi anlegga som dei vart bygd til heller ikkje er i drift, seier Fjerdingstad.

Vedlikehald trappene i Høyanger

VEDLIKEHALD: Asbjørn Dale driv med vedlikehald av trappa i Høyanger på 90-talet.

Foto: Privat

– Dei bør lytte

Støre minner om at industrihistoria er noko som må takast vare på.

– Mange land ute i verda har katedralar og store borger og bygningar som dei skal ta vare på. Noko av det vi har er kraftutbygginga og anlegga. Det er eigentleg fantastisk byggekunst og arkitektur.

No håpar Høyanger-ordførar Petter Sortland at utspelet frå Støre vil opne auga til leiinga i Statkraft.

– Statkraft er eit selskap som er eigd av folket, det vil seie staten. Dei bør lytte til kva representantar for eigarane seier om dette, seier Sortland.