Hopp til innhold

Stort engasjement for å bevare trappene i Høyanger – «snarleg riving» er utsett

Statkraft har snudd og vil likevel ikkje gjennomføre snarleg riving av dei omstridde trappene i Høyanger.

Stengjer trappene i høyanger

PROTESTAR: Folk i Høyanger har dei siste dagane plassert blomar og flagg på trappa som ein protest mot Statkraft.

Foto: Martha Linnea Pukallus

Det har vekt stor merksemd at den statlege straumgiganten Statkraft har stengt og vil rive dei over 100 år gamle trappene i industristaden Høyanger.

– Det ligg ikkje så langt framfor oss, sa Inge Hass, som er kraftverkssjef for Statkraft i Sogn for tre dagar sidan.

Fleire har engasjert seg i saka og meint at Statkraft må ta ansvar for trappene. Ein underskriftskampanje mot riving har samla inn over 1500 underskrifter.

Onsdag kveld har ikkje Statkraft like stor hast med å rive trappene. Det var Firda og Porten som først omtala dette.

Pressetalsmann Knut Fjerdingstad seier dei håpar å finne nokon som vil overta ansvaret.

– Eg trur mange har misforstått og trur trappene skal rivast i morgon. Det skal dei ikkje. Vi har eit felles prosjekt der blant anna kommunen og vi er med for å prøve å finne gode løysingar, seier Fjerdingstad.

– Kan de sjå heilt vekke frå at trappa blir riven?

– Det er ikkje den løysinga vi ønskjer. Men viss vi ikkje kjem til ei løysing der andre kan overta vil det bli ein av tinga som blir vurdert. Men det ligg ganske langt fram trur eg at vi kjem til ein slik situasjon.

Vil sette trappene på raudlista

Fortidsminneforeningen er mellom dei som har gått hardt ut mot Statkraft sine planar. Foreininga eig og forvaltar blant anna dei norske stavkyrkjene. Sidan 1844 har dei jobba for å sikre den norske kulturarven.

– Vi kjem til å følgje nøye med i saka vidare. Vi har ei raudliste der vi har trua kulturminne frå heile Noreg. Det kan godt hende at desse trappene kjem på denne lista om dei ikkje tenkjer seg om.

Det seier generalsekretær i Fortidsminneforeningen, Ola Fjeldheim.

lista han snakkar om er det ei rekke byggverk i Noreg som dei meiner bør vernast.

Dei kjempa blant anna hardt for å unngå rivinga av Y-blokka i regjeringskvartalet i Oslo.

Fjeldheim reagerer sterkt på at Statkraft no fråkjenner seg ansvaret for å halde ved like dei populære kraft-trappene i Høyanger.

– Det er eit veldig merkeleg og litt ugreitt standpunkt frå Statkraft. Det er klart at dei har eit ansvar for å ta vare på desse trappene, slår Fjeldheim fast.

Y-blokka

SAME LISTE: Fortidsminneforeningen var sterkt imot rivinga av Y-blokka i Oslo. No vil dei ha trappene i Høyanger på same lista.

Foto: NTB Scanpix

Meiner Statkraft har klart ansvar

Dei siste dagane har lokalbefolkninga i Høyanger engasjert seg sterkt i spørsmålet om trappene si framtid.

Men det er ikkje berre i Høyanger striden har stått og står om framtida for industrielle kulturminne. Avviklinga av Fykantrappa i Glomfjord er kanskje det mest kjende dømet.

– Vi ser det fleire andre stadar også, vi har blant anna ein del diskusjonar med Bane Nor. Men det er heilt avklart frå både Stortinget og regjeringa at dette er ei oppgåve dei ikkje kan definere seg vekk frå, meiner Fjeldheim i Fortidsminneforeningen.

Ola Harald Fjeldheim

OPPGITT: Ola Fjeldheim i Fortidsminneforeningen.

Foto: Stein Lorentzen / NRK

Kan gå for mellombels freding

Stian Jean Opedal Davies er utvalsleiar i Hovudutval for kultur, idrett og integrering i Vestland fylkesting.

– Eg meiner det er problematisk at Statkraft spring frå samfunnsansvaret som ligg i å ta vare på det kulturminnet og det området som er så viktig for Høyanger, seier Davies.

Han meiner fylkeskommunen først og fremst må gå i dialog med kommunen og Statkraft, men fylkeskommunen har eit verktøy til: Mellombels freding.

– Det er det strengaste og sterkaste verktøyet vi har, og vi er villige til å bruke det om det skulle måtte gå så langt, seier Davies.

Blir ein annan diskusjon

– Det viktige no er at Statkraft har valt å stenge trappene fordi vi meiner dei er utrygge for folk, seier Inge Hass, som er kraftverkssjef for Statkraft i Sogn. Eg synest at vern og eventuell riving blir ein annan diskusjon som overskygger det viktigaste.

Hass har tidlegare uttala at det er fornuftig om andre overtek trappene dersom dei skal brukast i turistsamanheng. Viss ikkje er riving eit alternativ.

Er det aktuelt for Statkraft å revurdere eiga avgjerd om trappene?

– Det går føre seg eit felles prosjekt for å avklare framtida til desse fasen ut anlegga. Der bidreg både kommune og Statkraft Energi med fleire for å finne gode løysningar, seier Hass.

Pressetalsmann Knut Fjerdingstad seier dei er villige til også å gi bort trappene.

– Vi jobbar med det no og trur vi skal klare å ha ei løysing kanskje i løpet av våren, fortel han.

– Kommunen er sjølvsagt ein mogleg arvtakar av trappene.

I sosiale medium kan ein sjå at fleire har brukt trappene sjølv om dei er stengde. Når trappene er stengde fordi dei er rekna som utrygge er det uheldig, meiner Hass.

Statsrådar viser vidare

Klima og miljøminister Sveinung Rotevatn (V) seier trappene i Høyanger i første omgang er ei sak for kommunen og Vestland fylkeskommune.

– Dersom den regionale styresmakta meiner at det er grunnlag for det, kan ho vurdere ei mellombels freding. Det er difor ikkje naturleg for meg å kommentere denne saka no, seier Rotevatn.

Statssekretær Lars Andreas Lunde (H) i Nærings- og fiskeridepartementet seier han har forståing for at trappene er eit viktig turmål, men viser til at Statkraft har gitt uttrykk for å ha gjort grundige vurderingar.

– Det er Statkrafts styre og leiing som har ansvaret for drifta av selskapet, dette inkluderer også avgjerder og vurderingar i samband med trappene i Høyanger.