Hopp til innhold

Sjokkert over at Statkraft vil rive over 100 år gamle trapper

I 105 år har dei stupbratte trappene vore viktige i Høyanger. Men no har milliardselskapet Statkraft bestemt seg for at dei ikkje har råd til å halde ved like kulturminnet.

Anita Nordheim og fleire andre i trappene frå K1 og opp i fjellsida i Høyanger.

ELSKAR TRAPPENE: Anita Nordheim (i lilla jakke) er kultursjef i Høyanger og stadig på tur med familie og vener i trappene Statkraft no vil ha vekk.

Foto: Anita Nordheim / Høyanger kommune

Frå dalbotnen i industristaden Høyanger og opp i fjellsida går nokon av dei brattaste trappene i Noreg.

Bygd i 1916 i samband med kraftutbygginga, og brukt kvart år i landets brattaste motbakkeløp.

Men til liks med den kjende Fykantrappa i Glomfjord, meiner Statkraft no at tryggleiken er for dårleg. Selskapet er ikkje lenger villig til å ta ansvar for eller bruke pengar på dei.

– Vi har ikkje lenger bruk for desse trappene og planen er å rive dei.

Det seier kraftverkssjef for Statkraft i Sogn, Inge Hass, til NRK. Han er vel vitande om at utspelet er som å stikke handa i eit vepsebol.

– Vi reknar med at det blir reaksjonar på det. Eg er klar over at det betyr mykje for lokalbefolkninga. Men vi kan ikkje ta på oss ein risiko for tredjeperson slik tilstanden er no.

Det var lokalavisa Ytre Sogn som melde om dette først.

– Det er eit sjokk

Nyheita frå Statkraft set sinna i kok blant folk på industristaden.

Kultursjef i Høyanger kommune, Anita Nordheim, seier at ho er sjokkert over Statkraft si framferd.

– Eg elskar desse trappene. At dei seier at dei vil rive dei så raskt som mogleg er eit sjokk, seier ho.

Statkraft, kommunen og Vestland fylkeskommune har sidan 2015 jobba med å finne ei løysing for dei gamle kulturminna.

– Eg tenker at må gå an å gjere utbetringar i påvente av at vi finn ei felles løysing, som vi blei oppmoda om å gjere av Riksantikvaren i 2015.

Trappene i Høyanger

STUPBRATT: På det brattaste har trappene frå kraftstasjonen K1 og opp i fjellsida i Høyanger ei helling på 37 prosent.

Foto: Anita Nordheim / Høyanger kommune

– Avviklar trappene

Krafttrappene og kabelbanene langs norske fjellsider var viktige for å få opp folk og utstyr for å skape rikdom i åra før og etter 1. verdskrigen.

Fleire stadar har trappeanlegga blitt turistattraksjonar.

– Om dei skal brukast i turistsamanheng, så er det fornuftig om nokon andre kjem inn og overtar dei. Difor ligg det i våre planar at vi avviklar trappene, seier Inge Hass i Statkraft.

– Kva meiner du med avvikle?

– Då blir trappene rivne.

– Er det lagt planar for når det kjem til å skje?

– Ja, det ligg ikkje så langt framfor oss.

Mangeårig kommunestyrerepresentant for Raudt i Høyanger, Einar Rysjedal, meiner at Statkraft spring frå samfunnsansvaret sitt i denne saka.

– Dei kan godt legge igjen litt meir pengar i lokalsamfunnet som dei tappar for ressursar og tener gode pengar på, meiner han.

Odd Arild Løseth

POPULÆRT: Kvart år sidan 1992 har Trappeløpet samla aktive og mosjonistar til det brattaste motbakkeløpet i Noreg. Oddvar Brå var den første vinnaren.

Foto: privat

Tener milliardar

Kva det kostar å halde ved like trappene har ikkje Inge Hess i Statkraft oversikt over måndag kveld.

– Det er ikkje tal eg har framfor meg.

Men i den siste årsrapporten til Statkraft er tala tydelege. Den statlege kraftgiganten gjekk med eit overskot på 11,3 milliardar kroner.

At det då ikkje er rom for å halde ved like gamle kulturminne, meiner Rysjedal i Raudt er heilt uakseptabelt.

– Her dreier det seg om ein samfunnskontrakt. Det dreier seg om gje tilbake av dei verdiane som dei trekker ut av lokalsamfunnet, seier Rysjedal.

Kultursjef Anita Nordheim meiner også at ein er nøydde til å finne ei løysing.

– Å gå dei historiske trappene er noko heilt spesielt.