Hopp til innhold

Strengare reglar for utanlandsk transport

Regjeringa strammar inn reglane for utanlandske busselskap etter rapportar om konkurransevriding og sosial dumping.

Trollstigen

TROLLSTIGEN: Regjeringa strammar inn reglane for utanlandske busselskap frå nyttår.

Foto: Fredrik Hagen / NTB scanpix

Frå 1. januar 2024 er det berre tillate for utanlandske busselskap å utføra persontransport på norske vegar i periodar på maksimalt 20 dagar samanhengande, og maksimalt 30 dagar totalt per kalenderår.

Innstramminga kjem etter at Fellesforbundet og fleire har etterlyst tydelegare rammer for persontransporten i Noreg

I dag legg EØS-reglane opp til at turbussar frå EU/EØS-land kan utføra kabotasje på «mellombels basis», men utan at omgrepet «mellombels» er nærare definert.

Utanlandske turbussar har derfor køyrt rundt på norske vegar frå mai til september.

Krefter i Arbeidarpartiet har tidlegare teke til orde for å kopiera den danske og islandske modellen, men ettersom desse kan vera i strid med EØS-reglementet har regjeringa valt ei mindre radikal løysing modellert etter Frankrike og Latvia.

Med klare rammer for når utanlandske busselskap kan utføra innanlands transport i Noreg bidreg vi til like konkurransevilkår og unngår sosial dumping, seier samferdselsminister Jon-Ivar Nygård (Ap).

 Samferdselsminister Jon-Ivar Nygård (Ap) har fått en klar anbefaling om å droppe Nord-Norgebanen i en ny utredning fra Jernbanedirektoratet.

Samferdselsminister Jon-Ivar Nygård har tidlegare uttalt at han er «veldig interessert» i den danske modellen. I Danmark må utanlandske busselskap ut etter sju dagar. Den nye regelen i Noreg set eit tak på samanhengande 20 dagar.

Foto: Fritz Hansen / Fremover/NTB

Har gått ut over norsk beredskap

Samferdselsministeren seier innstramminga har to formål:

  • Å sikra konkurranse på likare vilkår i turbussnæringa.
  • Å redusera bruken av lågtlønte utanlandske sjåførar i Noreg.

På toppen går staten glipp av inntekter ettersom fleire av dei utanlandske aktørane ikkje er registrerte for meirverdiavgift.

Utanlandske sjåførar skal ha norsk minstelønn i Noreg, men i ei undersøking frå 2021 svarte berre 14 prosent av sjåførane at dei får lønn etter norske standardar.

I 2011 var det 2723 norskregistrerte turbussar i Noreg. Vel ti år seinare er talet godt under 2000.

No er håpet at trenden snur.

Konkurransen frå utanlandske aktørar gjer at talet på norske turbussar har vorte redusert med meir enn 30 prosent dei siste åra, noko som har gått ut over norsk beredskap, seier direktør i NHO Transport, Jon H. Stordrange.

Han legg til at han er «svært glad for at regjeringa endeleg innfører klare avgrensingar på utanlandske turbussar i Noreg».

Departementet fortener honnør for at dei endelege tek tak i desse utfordringane, seier han.

No står det att å finna gode og omfattande system for oppfølging og handheving av dei nye avgrensingane.

Direktørkollega i NHO Reiseliv, Ole Michael Bjørndal, er mindre positiv:

– Vi er bekymra for at regjeringa har valt ein mykje strengare modell enn andre europeiske land, og er svært overraska over at dette blir innført utan at forslaget ein gong har vore på høyring.

Audun Pettersen er direktør i Virke reiseliv.

– Både timinga og prosessen til forslaget er svært uheldig. Det blir fremja på eit tidspunkt etter pandemien der verken reiselivet eller turbussnæringa i Noreg er tilbake i ein tilnærma normalsituasjon, seier han.

 
Jon H. Stordrange, administrerende direktør i NHO Transport.
Foto: Ole Berg-Rusten / NTB

– Mange utanlandske aktørar har strekt omgrepet «mellombels kabotasje» vel langt og operert tre–fire månader samanhengande i Noreg i sommarhalvåret, seier Jon H. Stordrange, som er direktør i NHO Transport.

Foto: Ole Berg-Rusten / NTB

Dette er politisk balansekunst

Dei nye kabotasjereglane kjem i forlenginga av Handlingsplanen mot sosial dumping i transportsektoren, og byggjer på ei utgreiing om kor strenge avgrensingar norske styresmakter kan setja i verk utan hamna på kant med EØS-regelverket.

Dag-Einar Sivertsen, forbundssekretær i Fellesforbundet, gler seg over innstramminga som han karakteriserer som eit godt kompromiss mellom den franske og danske løysinga.

Dette er politisk balansekunst, og vi er svært fornøgd med det regjeringa no leverer, seier han.

Sjå fleire reaksjonar på dei nye reglane under.

Les også Ny strid om reglane for utanlandsk transport

Trollstigen

EUs mobilitetsdirektiv vart innført i Noreg i 2020, og vart i fjor supplert med ein «sosial del» for å fjerna useriøse aktørar og sikra betra konkurransevilkår.

Måndag vart EU-parlamentet og Ministerrådet samde om å skjerpa utsleppsgrensene for tunge og letta køyretøy.

Vedtaket er ein utvatna variant av det EU-kommisjonen først la fram, men set strengare grenseverdiar for utslepp av bremsestøv og mikroplast frå dekk.

Dag-Einar Sivertsen, Fellesforbundet

– Vi har vore utolmodige, så no er vi nøgd, seier Dag-Einar Sivertsen, forbundssekretær i Fellesforbundet.

Foto: John Trygve Tollefsen / Fellesforbundet