Hopp til innhold

Ny strid om reglane for utanlandsk transport

Lønnstjuveri aukar presset mot utanlandske køyretøy. Regjeringa undersøkjer kor strenge dei kan vere.

Trollstigen

BUSS FOR BUSS: I Noreg opererer utanlandske turbussar frå mai til september. I Danmark kan dei køyre i sju dagar.

Foto: NTB

I dag kan utanlandske lastebilar køyre tre kabotasjeturar i løpet av sju dagar etter at dei har kryssa grensa til Noreg.

Deretter må køyretøyet ut og «kjøle seg ned» i fire dagar, før det igjen kan ta på seg oppdrag innanfor norskegrensa.

Reglane følgjer av EUs mobilitetsdirektiv som vart innført i Noreg i 2020.

Fire år seinare bryggjar det opp til ny strid om reglane etter rapportar om at sosial dumping vrir varetransport over på vegane – stikk i strid med det norske målet om å få meir godstransport over på sjø og bane.

I eit nytt forslag krev Raudt at dagens reglar blir mellombels oppheva.

Mimir Kristjansson

– Vi har aldri har utforska dette handlingsrommet innanfor EØS-avtalen, så dette er eit spørsmål om politisk vilje, seier Mímir Kristjánsson.

Foto: Berit Roald / NTB

Grunngivinga er «omfattande sosial dumping» og at «utanlandske vogntog køyrer inn med lite eller inga last for å utnytte moglegheitene for kabotasje».

Utanlandske sjåførar skal ha norsk minstelønn i Noreg, men i ei undersøking frå 2021 svarte berre 14 prosent av sjåførane at dei får lønn etter norske standardar.

Det er gode grunnar til å stoppe opp og ta ein full gjennomgang av dei mange uheldige sidene ved dagens tilgang til kabotasjetransport, seier Raudt-representant Mímir Kristjánsson.

Les også Lønnstjuveri vrir varetransport over på vegane

En trailer på vei gjennom Romsdalen.

– I strid med EØS-avtalen å oppheve reglane

Leiar i Yrkestrafikkforbundet Jim Klungnes, kallar Raudt-forslaget «eit blindspor».

Sårbare menneske blir grovt utnytta på norske vegar. Men å stengje Noreg for kabotasje vil vere i strid med EØS-avtalen, seier han.

EØS-avtalen er den norske tilknytingsforma til EU og set rammene for flyten av varer og tenester over grensene.

Det norske manøvreringsrommet innanfor desse grensene er gjenstand for politiske og juridiske dragkampar, og i vår varsla regjeringa at ho vil utfordre handlingsrommet for persontransportkabotasje.

Bakgrunnen er den mellombelse retten for turbussar til å operere i eit anna EØS-land – utan at omgrepet «mellombels» er nærare definert eller konkretisert.

I dag har danskane sett eit tak på sju dagar, medan Frankrike har ei avgrensing på 30 dagar.

I Noreg opererer til samanlikning utanlandske turbussar frå mai til september.

Les også Utenlandske turbusselskaper tar over reisemarkedet i Norge - kan få alvorlige konsekvenser

Arne Johan Fossum i Arne Johans Turistbusser, som opererer fra Sande i Vestfold.

Samferdselsdepartementet har derfor greidd ut kva avgrensingar dei kan sette i verk – utan å hamne på kant med EØS-regelverket.

Rapporten er ferdig, men er så langt ikkje offentleg.

– Rapporten vil bli offentleggjord når departementet har gått gjennom han. Det vil venteleg skje relativt raskt, forklarer Samferdselsdepartementet til NRK.

Stalheimskleiva

Ein ringjerunde på Stortinget viser at «konkurrentane» til Raudt er samde i diagnosen om eit «kappløp mot botnen», men ikkje resepten.

Foto: Øyvind Engan / VG

Langt betre å intensivere kontrollane

NHO Transport ventar at eventuelle avgrensingar ikkje vil vere klare før sommarsesongen 2024.

Administrerande direktør i NHH Transport, Jon H. Stordrange, trur Raudt-forslaget bryt med EØS-avtalen «fordi du kan ikkje berre tilsidesette føresegner du ikkje liker».

Då er det langt betre å intensivere kontrollane, seier han.

Ein ringjerunde på Stortinget viser at kollegaene til Raudt er samde i diagnosen om eit «kappløp mot botnen», men ikkje resepten.

  • Mona Fagerås, SV: Det er klart det hastar å rydde opp i kabotasjetransporten, men vi tenkjer at det er viktig å lytte til fagrørsla i denne saka, det er trass alt arbeidsplassane deira det er snakk om.
  • Alfred Bjørlo, Venstre: Det må sterkare lut til for å få bukt med dei ulovlegheitane som er avdekt i bransjen. Men vi må gjere dette i samarbeid med partane i arbeidslivet, og innanfor handlingsrommet i EØS-avtalen.
Trafikk Trollstigen

I dag kan utanlandske lastebilar køyre tre kabotasjeturar i løpet av sju dagar etter at dei har kryssa grensa til Noreg.

Foto: Paul Kleiven / NTB scanpix

Berre nokre promillar av trailerane vart kontrollerte

EUs mobilitetsdirektiv vart i fjor haust supplert med ein «sosial del» for å fjerne useriøse aktørar og sikre betre konkurransevilkår.

Ved den nest største grenseovergangen var det tidlegare berre nokre promillar av trailerane som vart kontrollerte, seier transportpolitisk talsperson for Arbeidarpartiet, Nils Kristen Sandtrøen.

Han viser til «fleire konkrete forbetringar» på deira vakt:

Mímir Kristjánsson har høyrt innvendingane om at det ganske enkelt ikkje er mogleg å oppheve kabotasjereglane utan å leggje seg ut med Brussel.

Det er rett at Noreg ikkje kan stengje for kabotasje permanent når vi er med i EØS. Men vi kan stengje for kabotasjekøyring mellombels, viss grunnane er tungtvegande nok.

Han legg til:

Sanninga er at vi har aldri har utforska dette handlingsrommet innanfor EØS-avtalen, så dette er eit spørsmål om politisk vilje.

Trollstigen avbildet i 2020.

NHO Transport ventar at eventuelle avgrensingar på utanlandsk busstransport ikkje vil vere klare før sommarsesongen 2024.

Foto: Halvard Alvik / NTB