Hopp til innhold

Fleire vil granske Statnett for å ha «villeia» folket

Krefter på Stortinget vil granske Statnett for å ha servert norske politikarar «dritdårleg» informasjon. Men Statnett meiner analysane står seg.

Ot9-pWxALE4

TYSKLAND-KABELEN: Frå arbeidet med Nordlink i 2019.

Foto: Carsten Rehder / DPA

Bystyremedlem i Bergen, Thomas Flesland (Sp), meiner Stortinget «snarast bør vedta ei ekstern gransking» av Statnett for å ha levert «villeiande informasjon om utanlandskablar».

Det skriv han i ein kronikk i Bergens Tidende.

– Det som kom fram i konsesjonssøknaden (2013) var eit altfor dårleg grunnlag for så viktige vedtak, seier han til NRK.

Statnett er eit statseigd føretak som skal følgje opp krafthandelen med utlandet og utvikle denne.

I tillegg er Statnett ein fagleg instans som skal gje råd til politikarane.

Kvaliteten på desse råda har i sommar vore debattert etter at tidlegare olje- og energiminister Ola Borten Moe (Sp) karakteriserte dei som «skitdårlege» på Dagsnytt Atten (han nytta det engelske ordet «shit»).

Han la til at han som dåverande ansvarleg statsråd ville resonnert annleis rundt «prissmitten» frå utanlandskablane om etterretninga til Statnett heldt høgare kvalitet.

Onsdag vert det sett ny rekord i det mest berykta straumområdet i Noreg (NO2). På det høgste var prisen oppe i 5,26 kr/kWh.

Dagens viktigste debatter, intervjuer og kommentarer direkte fra radiostudio.

Ola Borten Moe karakteriserte råda til Statnett som «drit» på Dagsnytt Atten i juli («shit in, shit out»).

– Eit fornuftig og presist forslag

Forslaget om å granske Statnett får god respons på stortingsbenken til Senterpartiet, og blant fleire av partiets ordførarar (sjå sitatboks).

– Dette er eit fornuftig og presist forslag. Statnett er ikkje ein uhilda faginstans, seier Per Olaf Lundteigen (Sp).

Det er helt avgjerande at Statnett vinn att tilliten. Då kan det hende at ei slik gransking er vegen å gå, seier Nils T. Bjørke (Sp), som er medlem i kontroll- og konstitusjonskomiteen på Stortinget.

Riksrevisjonen kritiserte i 2016 Statnett for «varierande kvalitet» på analysane, og for at relevant informasjon «ikkje alltid kjem tydeleg fram» i avgjerdsgrunnlaget til politikarane.

– Forslag om gransking vil vi vurdere seriøst. Statnett tener milliardar på flaskehalsinntekter og er ingen «nøytral» part i spørsmålet om utbygging, seier Sofie Marhaug i partiet Raudt.

Marius Arion Nilsen er energipolitisk talsperson i Frp. Han har tidlegare spurt statsråden om ei liknande gransking, og gjentek oppfordringa:

– Med dagens auge er tilrådingane frå Statnett i beste fall uklare. Med tanke på kor store konsekvensar høge straumprisar har, og kor skadeleg det er for samfunnet vårt over tid, så er vi tente med ein gjennomgang, seier han.

Stortinget, muntlig spørretime

– Viss vi hadde visst det vi veit i dag, så er det lite truleg at norske politikarar hadde vore for å byggje desse to siste kablane, seier Ole André Myhrvold, som er energipolitisk talsperson for Senterpartiet (heile svaret i boksen under).

Foto: Ole Berg-Rusten / NTB

I kommentaren «I jerngrepet til kraftlobbyen», av Bjørgulv Braanen i Klassekampen, vert Statnett-direktør Hilde Tonne karakterisert som «ein korsfarar for nye mellomlandsforbindingar».

– Møter seg sjølv i døra

Torsdag morgon var Stanett-sjef Hilde Tonne gjest i Politisk kvarter. Der avviste ho påstanden om villeiing og peika på politikarane.

– Det var eit ganske samla politisk Noreg som tok avgjerda om desse kablane for 10-12 år sidan. Så akkurat der er det vel fleire som møter seg sjølv i døra.

Tonne meiner analysane i forkant av dei siste utanlandskablane står seg også i dag.

Hilde Tonne, konsernsjef i Statnett

Statnettsjef Hilde Tonne.

Foto: Aksel Karlsrud Haugen / NRK

– Våre analysar viser at det var eit godt grunnlag for avgjerda den gongen, det er eit godt grunnlag for å ha utveksling i Noregs energisystem i dag. Det gir forsyningstryggleik og det blir føreseieleg for industrien. Utveksling vil vere eit godt grunnlag for det norske energisystemet inn i den nye tida vi er på veg inn i.

– Så ingen sjølvkritikk frå Statnett for å ha vore litt overoptimistiske?

– Eg trur både Statnett og andre godt kan sette seg ned og vurdere den basisen vi hadde den gongen i forhold til korleis det framtidige energisystemet ser ut. Det er vi heilt opne for.

I mars melde Statnett at dei nye kablane til Tyskland og England var forklaringa på «rundt 10 prosent av dei svært høge prisane».

– I den offentlege debatten blir det framstilt som om dei to nye kablane er hovudårsaka til dei rekordhøge straumprisane. Utrekningane våre viser at dette ikkje stemmer, sa Statnett-direktør Gunnar Løvås.

Statnett står framleis for den analysen etter ein rekordpris-sommar.

Av dei høge prisane vi ser no, utgjer dei to kablane cirka 10 prosent av prisbildet, gjentok konsernsjef Hilde Tonne i Politisk kvarter i dag.

Til Nettavisen uttalte Statnett tidlegare i år at «mange av trendane og føresetnadene» dei la til grunn i scenarioet frå 2013 «har treft bra»

Statnett har investert 75 milliardar kroner i kraftnettet dei siste ti åra, og planlegg å investere det same dei neste ti åra.

Kartet viser transmisjonsnettet i Norden.

– Dei to siste kablane skulle aldri ha blitt bygd, seier Trond Giske (Ap) i eit intervju med Klassekampen denne veka.

Foto: Svenska kraftnät

Guffent at Statnett vert mistenkeleggjort

Arild Hermstad i MDG seier det er «guffent at Statnett vert mistenkeleggjort på denne måten».

Det er få haldepunkt for å tru at Statnett med vitende og vilje har narra befolkninga. Om du vil insinuere slikt, bør du ha meir å komme med, seier han

Han legg til at regjeringspartiet Senterpartiet heller bør gå i seg sjølv:

Dette verkar som ei panikkhandling frå eit Senterparti som sjølv har sete med makta. No vil dei finne syndebukkar og skyve ansvaret over på andre for ein politikk dei tidlegare har støtta sjølv.

Moe

I 2012 møtte Ola Borten Moe (Sp) Tysklands økonomiminister Phillip Rösler og uttalte at han var «godt fornøgd med moglegheita til å utveksle kraft mellom Tyskland og Noreg».

Foto: Torstein Bøe / Torstein Bøe

Ola Elvestuen er stortingsrepresentant for Venstre.

Parti og folkevalde bør sjølv ta ansvar for avgjerdene dei tek. Det er ingen grunn til å skulde på Statnett for etableringa av utanlandskablane. Dei har det vore brei politisk semje om.

Han legg til:

Dessutan er det bra for Noreg at dei er etablerte. Over tid vil vi ha store fordelar av at vi er tett knytt opp til det europeiske energisamarbeidet.