Hopp til innhold

Lanserer store planar for havvind: Slik skal Noreg bli verdsleiande

Regjeringa har fått kritikk for puslete havvind-satsing. Men statsminister Jonas Gahr Støre har ambisjon om at Noreg skal bli ein av verdas leiande nasjonar på området.

Jonas Gahr Støre i Gulen

VIL BLI STØRST: Statsminister Jonas Gahr Støre har ambisjon om at Noreg blir verdsleiande innan havvind.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

I dag fekk statsminister Jonas Gahr Støre sjølv sjå delar av Equinor si havvindsatsing, då han besøkte Sløvåg i Gulen.

I september skal Equinor-installasjonane Snorre og Gullfaks utanfor Florø få straum frå 11 vindturbinar i havet.

Hywind Tampen er eit flytande vindkraftprosjekt med ein kapasitet på 95 MW, som etter planen skal forsyne feltverksemda på Snorre og Gullfaks i Nordsjøen med elektrisk kraft.

Dette vil bli den første flytande vindparken i verda som leverer straum til olje- og gassplattformer til havs.

Havvind-satsing i Sløvåg i Gulen

NYTT PROSJEKT: Hywind Tampen er et flytande vindkraftprosjekt med ein kapasitet på 95 MW.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

Samstundes presenterte statsministeren fem punkt for vidare utvikling av norsk havvindnæring.

  • Noreg skal bli ein av verdas leiande nasjonar innan havvind.
  • Havvindnæringa skal utviklast etter den norske modellen, det vil seie ordna løn- og arbeidsvilkår.
  • Havvindnæringa skal bidra til fleire arbeidsplassar til havs og i leverandørindustrien.
  • Havvindnæringa skal bidra med kraft som mogleggjer ny grøn industri på land.
  • Havvindnæringa skal vere berekraftig og byggast i god sameksistens med andre havnæringar.

– Vi rammar no inn ei ny framtidsnæring, seier Støre til NRK.

Målet er at havvindkrafta over tid også skal eksporterast ut av landet.

– Vi kjem til å produsere meir enn det vi har behov for i Noreg. Då kan vi kople oss opp med tovegskablar til det som blir eit nordsjønett. Dette blir ein stor europeisk dugnad, seier Støre.

Ole Erik Amlid, NHO - statsminister Jonas Gahr Støre - Peggy Hessen Følsvik, LO-leiar

LA FRAM PLAN: Statsminister Jonas Gahr Støre la tysdag fram ein fempunktsplan for utvikling av norsk havvind. Her saman med NHO-sjef Ole Erik Amlid og LO-leiar Peggy Hessen Følsvik.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

Bekymra for manglande satsing

Regjeringa har tidlegare i år varsla at dei vil legge til rette for ei ny satsting på havvind.

Planane for Noreg no er at det skal settast opp 1500 turbinar innan 2040, og at produksjonen av straum vil kunne bli 30 GW.

Det svarar til straumen frå nesten all norsk vasskraft.

Men då planane vart lagt fram, fekk regjeringa kritikk for at planane var for puslete.

Både SV, MDG og Høgre sa tydeleg ifrå om at tempoet må opp, der det vart vist til at andre land har langt større satsing på gong.

Fleire gir også i dag uttrykk for at planane er for lause og for lite konkrete.

– Reint retorisk er det ei veldig stor satsing. Det som er synd er at det ikkje følgjer så mykje med utover retorikken, seier Terje Halleland (FrP).

Terje Halleland, miljøpolitisk talsmann i Frp
Foto: Even Lusæter / NRK

MDG-leiar Une Bastholm seier tidsfristen til Regjeringa er for vag.

– Det er bra at Støre ønsker å vere verdsleiande, men då må ein sette mål som er nærare i tid enn 2040 og det har regjeringa så langt ikkje ønska.

Une Bastholm, MDG-leder
Foto: Eirik Pessl-Kleiven / NRK

Ifølge DN tysdag ville Danmark ha Noreg med på eit samarbeid om havvind i Nordsjøen, men den norske regjeringa nølte. I eit internt UD-notet blir det åtvara om at Noreg kan bli akterutseglt.

Norsk Olje og Gass seier det er bra med prinsipp for utvikling av norsk havvindnæring, men at «det hastar å kome i gong».

– Fleire land ser dei same moglegheitene for å utvikle ei havvindnæring og har kome lenger enn Noreg, seier Hildegunn T. Blindheim, administrerande direktør i Norsk olje og gass.

Ho viser til at flytande havvind er ein relativt umoden teknologi, men at det er forventa store reduksjonar i kostnader det neste tiåret slik at teknologien vil bli lønnsam. Difor er det viktig å etablere støtteordningar for dei første prosjekta, meiner Blindheim.

Vindmøller til havs.

VARSLAR SATSING: Målet til regjeringa er å sette opp 1500 turbinar innan 2040, og at produksjonen av straum vil kunne bli 30 GW.

Foto: Øyvind Gravås / Equinor / NTB

Ber om raskare tempo

Stortinget har no bede regjeringa om å innføre konkrete tidsfristar for havvindsatsinga og for når utlysing av nye område for havvindutbygging skal skje.

Energi- og miljøkomiteen på Stortinget leverte 2. juni sin samla innstilling til Solberg-regjeringa si energimelding frå i fjor og Støre-regjeringa si tilleggsmelding frå april i år.

Komiteen ber regjeringa sørge for at både utlysing og tildeling av areal for havvindutbygging på Utsira Nord og Sørlige Nordsjø II skjer allereie neste år, og at neste utlysing og tildeling av nye område skjer seinast i 2025.

Sørlige Nordsjø II

BER OM RASKARE TEMPO: Arealet av Sørlege Nordsjø II er markert i raudt. Stortinget ber om raskare tempo i havvindsatsinga.

Grafikk: Equinor / RWE / Hydro

Deretter bør regjeringa gjennomføre jamlege tildelingar av nytt areal slik at Noreg kan nå målet om å ha tildelt areal for 30 GW havvind innan 2040.

– Det er særs positivt at stortingsfleirtalet ber om konkrete tidsfristar for den norske havvindsatsinga og er samde om at vi treng havvind for å få fortgang i energiomstillinga, seier Knut Kroepelien, administrerande direktør i Energi Noreg.

Bransjeorganisasjonen Norwegian offshore wind cluster støttar satsinga frå regjeringa.

– Det er positivt at regjeringa no fokuserer på å bygge opp leverandørindustri i Noreg. Samstundes ønsker også vi ein klar tidsfrist for utlysingar, slik at vi kan kome i gang, seier leiar Arvid Nesse.