Hopp til innhold

Ingen vil ta ansvar for det havarerte prosjektet – ekteparet Toft har mista håpet etter 30 år

TOFTØYNA (NRK): Bølgekraftverket skulle gi blå energi, men blei knust i vestlandske vinterstormar. Nær tretti år seinare vil ingen ta ansvaret for den moderne ruinen i havgapet.

Richard Toft og Sigrun Toft ved bølgekraftverket i Øygarden

GRUNNEIGARAR: Richard Toft og Sigrun Toft trur ikkje ruinane av det mislukka bølgekraftverket frå 80-talet blir fjerna med det første.

Foto: Per Christian Magnus / NRK

CO₂ i atmosfæren
417.2 ppm
1,5-gradersmålet
+1.01°C
Les mer  om klima

Det var eit av dei mest ambisiøse kraftprosjekta i norsk historie. Med delegasjonar frå Europa på besøk, blei verdas første fastståande bølgekraftverk offisielt opna ein kald novemberdag i 1985.

– Dette vil på sikt avløysa dei energiinstallasjonar og energiskaparar som me har i dag, sa dåverande olje- og energiminister Kåre Kristiansen (KrF) under opninga.

Grøn energi frå det gråblå havet på vestkysten av Toftøyna i Øygarden, skulle bli Noregs neste store eksportvare innan fornybar kraftproduksjon.

Slik vart det ikkje. I snart tretti år har dei ville kreftene i havet herja med dei forlatne ruinane i Hordaland.

– Ingen hadde trudd at det skulle gå så gale, seier grunneigar og nabo Richard Toft.

Ruinane av bølgekraftverk Øygarden

MILJØPROBLEM: Betongelement, rusta armeringsjern og gamle installasjonar er skjemmande meiner både kommunen, NVE og fylkesmannen. Men førebels har ingen klart å rydda opp.

Foto: Per Christian Magnus / NRK

Undervurderte havet

Energipotensialet i bølgene langs norskekysten er ifølge forskarar på nivå med alle norske vassdrag til sammen. Men kreftene i havet gjer at omforminga til elektrisk energi byr på praktiske og økonomiske problem.

Det fekk prosjekta i Øygarden merka.

Richard og Sigrun Toft var med på bølgekraft-forsøket frå starten av. Ho laga mat til anleggsgutane, han var oppsynsmann på verket.

Selskapa Kværner Brug og Norwave fekk begge løyve til å bygga prøveanlegg på Toftestallen.

Men ingeniørane undervurderte naturkreftene.

Kraftverket til Kværner Brug baserte seg på at bølgene pressa luft opp i ein sylinder, som igjen dreiv ein produserande turbin.

Tre år etter opninga, havarerte anlegget. Dei sterke kreftene braut det fullstendig saman.

I 1988 reiste Norwave eit nytt pilotprosjekt, basert på eit konsept der vatnet blei ført gjennom ei stadig smalare trakt og inn i eit reservoar. Anlegget havarerte i 1991.

– Me prøvde å åtvara dei om at det var alt for vêrhardt til å bygga noko her ute. Men dei ville ikkje høyra, fortel grunneigar Richard Toft.

Ruinane av bølgekraftverk i Øygarden

KNUST: To selskap prøvde to forskjellige løysingar for å utnytta bølgekraft. Begge gongane havarerte anlegget.

Foto: Per Christian Magnus / NRK

Ingen vil ta ansvar

Dei elleve grunneigarane har venta i årevis på å lukka kapittelet om bølgeeventyret.

Usikra armeringsjern og stygge betongelement ligg ope i skjergarden. Men å ta utgiftene til opprydding sjølve, blir for dyrt.

Då anlegget var i drift, fekk grunneigarane nokre hundrelappar i året i betaling.

Prislappen på å fjerne bølgekraftverket var i 2014 til gjengjeld på 2,3 millionar kroner.

– Folk oppsøker gjerne området i dårleg vêr. Då kan det vera farleg, seier Øygarden-ordførar Børge Haugetun (Tverrpolitisk valliste).

Kommunen og Fylkesmannen gjorde seinast i 2013 forsøk på å starta opprydding. NVE søkte pengar hjå Olje- og energidepartementet, men fekk nei for andre gong i 2014.

Bølgekraftverket på Toftestallen

RUST: Ein generator og restane av det elektriske anlegget står att i det opne turbinhuset ved bølgekraftverket.

Foto: Per Christian Magnus / NRK

Både Miljøvernsjef hjå Fylkesmannen, Kjell Kvingedal, og ordførar Haugetun meiner området må førast tilbake til naturen: Slik det ligg i dag, er det både sjenerande og farleg.

Båe to legg ansvaret på Noregs vassdrag- og energidirektorat (NVE), som på 80-talet gav tommel opp for prosjekta.

Lova å gjera ny vurdering

Men sjølv om ingen vil ha ruinane liggande i skjergarden, er det ingen som vil hosta opp dei millionane som skal til for å fjerne anlegget.

NVE seier til NRK at dei no vil ta ein ny gjennomgang på kven som eigentleg har ansvaret for å fjerne restane etter bølgekraft-satsinga.

– Vi vil sjå om det er selskap som kan stillast til ansvar for å rydda opp. Det er sørgeleg slik det ligg no, seier seksjonssjef Øyvind Leirset i miljøtilsyn for energianlegg.

Han vil likevel ikkje skru opp forventningane til grunneigarane. Om ikkje NVE lukkast med å finna ut om ansvaret kan ha blitt overdratt til andre selskap, vil ikkje NVE gjera meir i saka.

Bølgekraftverket i Øygarden
Foto: Per Christian Magnus / NRK