Hopp til innhold

Strandsone-bråk skaper press om å grunnlovsfeste allemannsretten

Ulovlege ferdselshindringar i strandsona gjer at fleire vil gje allemannsretten sterkare rettsvern.

zpJb8TOjVYs

IKKJE PRIVAT: - Ulovlege stengsler i strandsona skaper eit større press mot allemannsretten enn vi tidlegare har sett, seier DNT Ung.

Foto: Luca Kleve-Ruud / Samfoto

Ungdomsorganisasjonen i Den Norske Turistforening, DNT ung, har vedteke ein resolusjon som ber stortingspolitikarane om å grunnlovsfeste allemannsretten.

Forslaget får brei støtte (sjå faktaboks).

Initiativet til å grunnlovsfeste allemannsretten fekk fleirtal i førre Storting, men ei grunnlovsendring krev 2/3 fleirtal i to ulike stortingsperiodar.

I grunngjevinga viser ungdomsorganisasjonen til at ulovlege stengsler i strandsona skaper «eit større press mot allemannsretten enn vi tidlegare har sett».

Eg trur at det presset berre kjem til å auke. Derfor hastar det å gi allemannsretten sterkare rettsvern, seier Anna Nes, leiar i DNT ung.

Representantar for organisasjonen vil denne helga padle langs deler av norskekysten for å demonstrere korleis allemannsretten vert utfordra av ulike stengsler.

Anna Nes

HASTAR: – Det hastar å gi allemannsretten sterkare rettsvern, seier Anna Nes, leiar i DNT ung.

Foto: DNT

Ulovlege ferdselshindringar i strandsona eit problem

Leiar i Naturvernforbundet, Truls Gulowsen, seier til NRK at retten til fri ferdsel «gradvis vert underminert».

Særleg gjennom nedbygging og ulovlege ferdselshindringar, spesielt i strandsona, men også gjennom anna utbygging i utmark, som hytter og anlegg, seier han.

Kommunaldepartementet melde tidlegare i mai at dei er «i sluttfasen» med å ferdigstille ein ny rettleiar for ulovligheitsoppfølging i den norske strandsona.

Kommunalminister Sigbjørn Gjelsvik (Sp) skapte i april oppstyr då han uttalte at «summen av strandsonevern, kulturminnevern og myrvern gjer at det har vorte for vanskeleg å skape utvikling i distrikta».

W0GbEU47M2M

ADELSMERKE: Allemannsretten har vore rekna som eit adelsmerke i den norske kulturarven.

Foto: Mimsy Møller / Samfoto

Allemannsretten, eller retten til å bevege seg over eigedommen til andre, er forankra i friluftslova frå 1957, og har vore rekna som eit adelsmerke i den norske kulturarven.

Det betyr likevel ikkje at det er fritt fram. Lova stiller krav om at ferdsel må skje «omsynsfullt og med tilbørleg varsemd», medan opphald og bading må gå føre seg «utan utilbørleg fortrengsel eller ulempe».

Med heimel i dette vart det i 2020 presisert at kommunane ikkje lenger treng godkjenning frå Fylkesmannen før dei vedtek forbod mot camping.

Presiseringa vart omfamna av typiske «turistkommunar» som opplevde at dei vart «invaderte» av tilreisande som la press på vegar, natur og infrastruktur.

Kan ha motsett effekt av den som er ynskja

Siste dag før sommarferien i 2020 stemde eit fleirtal på Stortinget for å grunnlovsfeste allemannsretten.

Forslaget kom frå SV, og fekk støtte frå Ap, Høgre, Venstre, Raudt og MDG. I 2019 vart eit liknande forslag stemt ned.

Ove Trellevik frå Høgre seier til NRK at ei grunnlovfesting vil ha stor symbolsk om ikkje praktisk betydning.

Eg kan ikkje sjå for meg ein einaste situasjon der grunnlova på eit slikt punkt kan komme til bruk med det strenge strandsonevernet som allereie gjeld, seier han.

I april fremja han eit forslag til Stortinget om å fjerne plikta til å etterforske gamle overtramp i strandsona.

Han understrekar at han er tilhengar av å grunnlovsfeste retten, men at «litt av utfordringa er at ho også kan ha motsett effekt».

Her viser han til prisen ved at alle får bevege seg fritt. Dei mest populære stadane vert ganske enkelt nedtrakka.

Kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik gestikulerer og smiler på sitt kontor i Oslo

BRÅK: Kommunalminister Sigbjørn Gjelsvik (Sp) skapte i april oppstyr då han uttalte at «summen av strandsonevern, kulturminnevern og myrvern gjer at det har vorte for vanskeleg å skape utvikling i distrikta».

Foto: Gunhild Hjermundrud / Gunhild Hjermundrud

– Må ha svært strenge rammer

– Uttalen frå Trellevik viser kvifor allemannsretten bør vere grunnlovsfesta. For meg er det openbert at vi treng ei grunnlovsfesting slik at vi har svært strenge rammer på kva som kan vedtakast av politikarar, seier Arild Hermstad i MDG.

Datoar for grunnlovsbehandlingar i Stortinget er 1. juni i år. Og 12. januar og 15. mai neste år.

Landsmøtet i KrF har vedteke at det er betre å «hegne om» allemannsretten enn å grunnlovsfeste retten.

– Det har vorte ei symbolsak for parti og nokre organisasjonar å få den grunnlovfesta. Allemannsretten er i dag forankra og innramma i lov om friluftsliv, og det bør han framleis vere, sa Hans Fredrik Grøvan (KrF) til avisa Nationen i fjor.