Hopp til innhold

Her er camping forbode – men ingen bryr seg

STRYN (NRK): «Villcamping» sett allemannsretten og lokale omsyn opp mot kvarandre. – Vi vart tatt litt på senga, innrømmer ordførar.

Villcamparar har sett opp telt langs vegen i Lodalen i Stryn. Mange bilar står parkert langs vegen.

FORBODE: Fenomenet «villcamping» var populært i sommar. Fleire kommunar valde å forby det.

Foto: Roy Aron Brenvik Myklebust / Fjordingen

– Det hjelp ikkje med regler om ingen av camparane bryr seg, og kommunen ikkje reagerer, seier Karin Sæten Solvik, som er ein av seks grunneigarar ved Breng i Stryn.

Eigedomen hennar ligg midt i idylliske Lodalen inst i Nordfjord, som har blitt eit av sommarens mest populære motiv på Instagram.

Allereie for to år sidan sette Stryn kommune allemannsretten til side – med Fylkesmannen si velsigning – fordi vegkanten såg ut som «eit festivalområde».

Eit skilt vart sett opp: «camping forbode».

Utan at det hjelpte.

Og i år har det vorte endå verre – «heilt Texas», seier grunneigaren.

I juli rykka politiet ut. Då sto det 72 biler sto parkert langs vegskuldra.

– Eg skal innrømme at vi vart tatt litt på senga, seier Stryn-ordførar Per Atle Kjøllesdal (Sp), om «turiseksplosjonen» som har sett forholdet mellom fastbuande og tilreisande på prøve.

Han køyrde sjølv forbi dei 72 bilane for å sjå det med eigne auge.

Neste år håper han å kunne tilby campingfolket parkeringsplassar, toalettfasilitetar, «og aller helst ein dusj også».

– Vi må få ein struktur på dette, slik at dei tilreisande – som vi er glade for – ikkje blir ein belastning for grunneigarane, seier han.

Camping forbudt, overnatting forbudt i Kragerø

IGNORERT: Skilt som dette, som forbyr camping, har blitt ignorert fleire stader i sommar.

Foto: Ingvild Myhre Ekeberg / Privat

Vedtok å nekte «villcamping»

Konflikten i Lodalen føyer seg inn i eit mønster der allemannsretten står mot lokale omsyn.

Allemannsretten har vore rekna som eit adelsmerke i den norske kulturarven, og slår fast at alle kan ferdast fritt i «utmark».

19. juni kom det ein justering i Friluftslova, som regulerer allemannsretten.

Då vart det presisert at kommunane ikkje lenger treng godkjenning frå Fylkesmannen før dei vedtek forbod mot camping.

Den nye regelen vart umiddelbart omfamna av Stad kommune, som i lang tid hadde opplevd at «surfeparadisa» på Stadlandet vart «invadert» av tilreisande som la press på vegar, natur og infrastruktur.

I juli vedtok kommunen å nekte «villcamping» i Hoddevika og i Ervik.

– Her er så stort press på heilt særskilde og sårbare natur- og kulturområde at vi meiner dette er rett å gjere i desse områda, uttala Stad-ordførar Alfred Bjørlo.

Treng ikkje vere ein motsetnad

– Eg tenker at ein god stad å besøke også er ein god stad å bu, seier Marita Lindvik, reiselivssjef i Visit Nordfjord.

Ho seier det finst ein nøkkel som tek vare på interessene til innbyggarar, næringsaktørar og kommunane som heilskap – alt på same tid. Nøkkelen heiter «brukarfinansiering».

– Eller kall det kva du vil, men ein form for finansiering må på plass, for ein kommune kan ikkje bere alle kostnadene til toalett, parkering og søppelhandtering.

Tankar om «brukarfinansiering» eller «turistskatt» er ikkje nye.

Villcamping langs vegen i Lodalen

KAOS: Fleire bilar står parkert langs vegen ved Breng i Lodalen, medan folk slår opp telt på marka.

Foto: Arild Andersen

Positiv til «turistskatt»

Astrid Bergmål er leiar for Virke reiseliv. Ho er positiv til turistskatt, ei avgift som skal bidra til å finansiere godar for reiselivet, som til dømes offentlege toalett, skiløyper og merka stiar.

I 2019 lagde Innovasjon Norge ein rapport om «pressområda» i turistindustrien. I desse områda sa to tredjedelar av lokalbefolkninga at dei var misnøgde med turistane.

Bergmål meiner ein brukarfinansiering eller turistskatt kan hjelpe på «husfreden» i kommunar med høgt press frå turistar.

– Dette handlar ikkje om å påføre verksemdene nye skattar og avgifter, men at dei besøkjande skal vere med å bidra, seier ho.

Leiar i Virke Reiseliv, Astrid Bergmål.

POSITIV: Astrid Bergmål, leiar i Virke reiseliv, er positiv til turistskatt, og meiner det vil bidra til å legge til rette for reiselivet.

Foto: Pressefoto / Virke Reiseliv

– Er det nokre negative sider ved å innføre ei slik avgift?

– Det er fleire som seier at dette er fordyrande. Det meiner vi er overdrive. I heile Europa er dette eit verkemiddel som blir nytta.

Saka om turistskatt skal opp til handsaming på Stortinget i haust.