Hopp til innhold

Eigarane vil ikkje at dette skal vere eit turmål – tek saka til retten

Søskenpar finn seg ikkje i att fjellgarden deira dukka opp i turbok. I dag tek dei forlaget til retten.

Fossen gård

PITTORESK: Retten skal ta stilling til er kor vidt forlaget har krenka privatlivets fred ved å liste opp fjellgarden som eit mogleg turmål.

Foto: Harald Halvorsen

– Vi har ei god sak og stolar på at retten kjem med ei god avgjerd, seier Torkjell Djupedal, som er forleggar i Selja Forlag.

I dag møter han søskenparet som eig garden i retten.

Bakgrunnen for saka er boka «Opptur i Indre Sunnfjord» der fjellgarden til søskenparet er ført opp som eit turforslag.

Garden, som søskenparet nyttar som feriebustad delar av året, ligg i pittoreske omgjevnader med utsikt til fjord og fjell i Sunnfjord.

Spørsmålet retten skal ta stilling til er kor vidt forlaget har krenka privatlivets fred ved å liste opp fjellgarden som eit mogleg turmål.

– Det bur ikkje folk der, så det finst ikkje noko privatliv å verne om, sa Djupedal til lokalavisa Firda i fjor haust.

NRK har vore i kontakt med søskenparet, som tidlegare har vore klare på at dei vil ha minst mogleg trafikk til garden. Dei ynskjer ikkje å seie meir før rettsforhandlingane.

Dei to har tidlegare kontakta folk som har «instagramma» garden med beskjed om å slette bileta.

Advokat Marianne Albretsen, som representerer søskenparet, vil heller ikkje uttale seg om saka.

Bildepresentasjon av fjellgarden Fossen i Erdalen

DET SPRINGANDE PUNKT: Bakgrunnen for saka er boka «Opptur i Indre Sunnfjord» der fjellgarden til søskenparet er ført opp som eit turforslag.

Foto: Håvard Heggen / NRK

– Må vere «objektivt sensitive»

Norsk rettspraksis seier i dag at det må dreie seg om «opplysningar som har ein viss grad av sensitivitet» for at det skal dreie seg om ein krenking av privatlivets fred.

I ein dom frå 2008 slo Høgsterett fast at sjølv ikkje det å publisere bilete frå ein vigsel automatisk er nok.

Spørsmålet retten tok stilling til var kor vidt Se og Hør braut privatlivets fred då dei trykka bilete frå bryllaupet til Lars Lillo-Stenberg og Andrine Sæther.

Advokaten til bladet la vekt på at vigslar er offentlege handlingar, og at han i dette tilfellet var på eit offentleg område med fri tilgang for alle.

Retten konkluderte med at det ikkje var nok at artistparet sjølv vurderte bileta som «sensitive», dei måtte også «objektivt sett ha ein viss grad av sensitivitet».

NRK har snakka med eit knippe ekspertar på publiseringsrett. Ingen av dei trur søskenparet vil få medhald (sjå faktaboks).

Andrine Sæter og Lars Lillo Stenberg

TAPTE: I ein dom frå 2008 slo Høgsterett fast at Se og Hør ikkje braut privatlivets fred då dei trykka bilete frå bryllaupet til Lars Lillo-Stenberg og Andrine Sæther.

Foto: Aas, Erlend / SCANPIX

– Først og fremst eit spørsmål om folkeskikk

Andreas Bernt i Advokatfirmaet Haavind minner om at kva som vert rekna som sensitivt varierer frå kultur til kultur.

Då Google skulle ta bilete til StreetView i Tyskland, vart det rekna som ein grov krenking av privatlivets fred av mange tyskarar. Prosjektet vart sett på vent, og framleis er størstedelen av Tyskland utilgjengeleg i StreetView.

Bernt legg til:

– Det kan opplevast som plagsamt at nokon tar bilete av di eigedom, for eksempel om mengder av turistar finn din fritidseigedom spesielt biletskjønn. Men dette er først og fremst eit spørsmål om folkeskikk. Det er framleis høfleg å spørje om du kan ta bilete av andre folk sine hytter eller hus.

Kjetil Kolsrud er jurist og redaktør for nettavisa Rett24.

– Kombinasjonen av at alle går rundt med kamera, samtidig som alle har mogelegheit til å publisere bilete i løpet av eitt sekund, skaper eit press på privatlivet som ikkje var der for berre 10–12 år sidan, seier han.

Og når samfunnsutviklinga går fort, kan det i mange tilfelle skje at lovgivinga blir hengande etter:

– Utan at eg dermed meiner at akkurat denne situasjonen trenger ny lovgiving. Men saksøkarane føler seg jo openbert krenkte, og det synest eg at vi skal lytte interessert til. Dei er vel neppe dei siste som vil oppleve dette.

Advarsel om turmål

SETT OPP SKILT: Eigarane av fjellgarden har tidlegare kontakta folk som har «instagramma» garden med beskjed om å slette bileta.