Hopp til innhold

Staten lager ny rettleiar for den norske strandsona

Kommunaldepartementet vil understreke «alvoret» og «hjelpe kommunane» med å følgje opp ulovlege tiltak i strandsona.

zpJb8TOjVYs

ETTERLENGTA: – Klare retningslinjer for å følgje opp ulovlege tiltak i strandsona har vore etterlengta lenge, seiar leiar i Naturvernforbundet, Truls Gulowsen.

Foto: Luca Kleve-Ruud / Samfoto

Kommunaldepartementet melder at dei er «i sluttfasen» med å ferdigstille ein ny rettleiar for ulovligheitsoppfølging i den norske strandsona.

Rettleiaren vil bli lansert om «kort tid».

Kommunalminister Sigbjørn Gjelsvik (Sp) seier til NRK at føremålet er å «hjelpe kommunane i arbeidet med å følgje opp tiltak som kan vere ulovlege», og å understreke «alvoret».

Det er kommunane som har ansvar for å følgje opp lovbrot i strandsona. Det er viktig at kommunane tek dette på alvor. For å forenkle dette, lager vi ein ny rettleiar for lovbrotsoppfølging, seier han.

I april skapte han oppstyr då han uttalte at «summen av strandsonevern, kulturminnevern og myrvern gjer at det har vorte for vanskeleg å skape utvikling i distrikta».

Denne «tjodleifen» må ikkje tillatast å øydeleggje det som er gjort for å sikre mest mogleg fridom for allmenta i strandsona, kvitterte tidlegare miljøvernminister Thorbjørn Berntsen (Ap).

Historisk har det vore spenningar mellom Sp og Ap i spørsmålet om strandsonevern, men i eit skriftleg svar til Stortinget stiller statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) seg bak kommunalministeren sitt ønske om «ei meir differensiert forvaltning av strandsona».

Gjelsvik har sidan presisert at han ikkje går inn for å endre lova.

Sigbjørn Gjelsvik i Redalen

PÅ ALVOR: – Det er viktig at kommunane tek dette på alvor. For å forenkle dette, lager vi ein ny rettleiar for lovbrotsoppfølging, seier Sigbjørn Gjelsvik (Sp).

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Mange kystkommunar har ikkje nødvendig kompetanse

Plan- og bygningslova frå 1967 seier at det er byggjeforbod innanfor hundremetersbeltet i strandsona. Lova skal vareta omsyn til friluftsliv og landskapsvern, men gir på same tid kommunane stor handlefridom i arealplanlegginga.

Eit sentralt spørsmål er om små og store kommunar har ressursar til å forvalte dette ansvaret.

I fjor viste ein rapport frå Sivilombodsmannen at 85 prosent av søknader om å få byggje innanfor hundremetersbeltet vart innvilga via dispensasjonar og lokale unntak.

På Askøy utanfor Bergen vart 98 prosent av søknadene innvilga.

Denne hytteeigedomen har skapt strid i Fjaler kommune i Vestland

OMSTRIDD HYTTE: Statsforvaltaren har vedteke at eigaren av denne hytta i Fjaler i Vestland må rive og reparere alt utanom hytta.

Foto: Fjaler kommune

– Det er flott viss kommunalministeren vil styrkje arbeidet mot lovbrot i strandsona, men eg trur det ikkje før eg ser det. Gjelsvik sender jo doble signal så det syng, seier Rasmus Hansson i MDG.

Alfred Bjørlo (V) seier til at NRK at han ventar at rettleiaren gir «krystallklare signal om at ulovlege tiltak i strandsona skal følgast opp, og at sårbar natur langs kysten skal ha sterkare, ikkje svakare vern enn i dag.»

Dei signala Gjelsvik har gitt til no er svært urovekkande. Med den nye rettleiaren har han sjansen til å rette opp inntrykket.

W0GbEU47M2M

RETTE OPP: – Dei signala Gjelsvik har gitt til no er svært urovekkande. Med den nye rettleiaren har han sjansen til å rette opp dette inntrykket, seier Alfred Bjørlo (V).

Foto: Mimsy Møller / Samfoto

– Slå ned på rikfolk

Eg forventar at rettleiaren gjer det lettare å følgje opp det store omfanget av kriminalitet knytt til ulovleg utbygging som Økokrim har dokumentert. Dette må bli eit verktøy for å slå ned på rikfolk som tek seg til rette på kostnad av fellesskapet, seier Sofie Marhaug i Raudt.

I den siste trusselvurderinga til Økokrim er «forsettleg og systematisk» kriminalitet i den norske strandsona handsama i eit eige kapittel.

Klare retningslinjer og oversikt over metodar for å følgje opp ulovlege tiltak i strandsona har vore etterlengta lenge, seiar leiar i Naturvernforbundet, Truls Gulowsen.

Han legg til:

Vi forventar at rettleiaren blir følgd opp med ressursar til nødvendig etterforsking og oppfølging.

Berre spel for galleriet

Trude Brosvik i KrF trur rettleiaren kan vere «ei hjelp til å ha ein god prosess», men legg til at ein rettleiar ikkje er noko meir enn «det som ligg i ordet».

Det er ein rettleiar. Ikkje ei ny lov eller påbod om framgangsmåte.

26. april fremja Høgre forslag til Stortinget om å fjerne plikta til å etterforske ulovlege oppførte hus, naust og bryggjer i den norske strandsona.

Ein av forslagsstillarane, Ove Trellevik, er redd rettleiaren ikkje skil mellom alvorlege og mindre alvorlege tiltak.

Eg fryktar at dette berre er spel for galleriet, og at det ikkje kjem reelle endringar som gjer det enklare for kommunane å prioritere dei tiltaka dei meiner er alvorlege, og la andre tiltak som «ingen bryr seg om» liggje i ro.

Helge André Njåstad i Frp peiker på det same:

Det viktigaste er at kommunane får mogelegheit å sette strek i gamle, mindre saker og heller følge opp der folk har tatt seg til rette.