Hopp til innhold

Staten opnar klatreløype på ikonisk fjell for alle

Sikkerheit gjorde at kommunen ville avgrense tilgjenget, men no tvingar staten kommunen til å opne klatreløypa for allmenta.

klatreanlegget i Hornelen

Løypene opp Hornelen er så krevjande kommunen meiner ein må ha med seg guide for å få lov til å gå der.

Foto: iVest Consult

I ei ny vending om den like omstridde som stupbratte klatreløypa på «Nord-Europas høgaste sjøklippe», har staten kjent det kommunale vedtaket om å avgrense tilgangen for ugyldig.

Det er gjort «feil ved rettsutøvinga» som «kan ha verka bestemmande på innhaldet i vedtaket», skriv Statsforvaltaren i Rogaland.

Dei konkluderer:

– Statsforvaltaren opphevar kommunen sitt vedtak.

Les også «Sirkusløype» på ikonisk fjell kan bli stengt for allmenn bruk

Hornelen i Bremanger

Det var i fjor sommar at kommunen stengde «den mest spektakulære via ferrataen i Noreg» for allmenn bruk – på tvers av den «heilage» norske allemannsretten.

– Vi meiner dette er lurt i ein oppstartsfase, sa ordførar i Bremanger, Anne Kristin Førde (Ap) i mai i fjor.

Etter opninga i juni i fjor måtte difor alle klatrarane reise med guide og betale enten 1495 kroner for ein tur på fem timar som tek deg halvvegs, eller noko meir for ein tur på 7–8 timar som tek deg heilt til toppen.

– Denne via ferrataen er den brattaste eg veit om, og eg trur vi gjer lurt i å tenke sikkerheit før vi gjer ho til allmenn ferdsel.

Hornelen i Bremanger

Kan enkelte stengast ute frå ei bestemt klatrerute ved dette fjellet? Nei, seier Statsforvaltaren, som opphevar kommunen sitt stengings-vedtak.

Foto: Mats Grimsæth

– Må følge vedtaket

Fleire organisasjonar og enkelpersonar klaga på kommunen sitt vedtak, blant dei Norges Klatreforbund.

I dag er styremedlem Odd Magne Øgreid letta.

– Vi er tilfredse med at utestenginga av allmenta er oppheva slik at fjellet er opna for fri ferdsel igjen.

For mange klatrarar har vedtaket til kommunen vore uhaldbart, ettersom ruta kjem i konflikt med andre klatreruter på Hornelen. Den bratte fjellsida ut mot havet er eit ynda klatremål for erfarne klatrarar.

Øgreid kjem no med ei klar oppfordring til korleis Bremanger kommune skal løyse den nye situasjonen.

– Dei må informere tydeleg om kva kompetanse som må til for å gå ruta. Og gjerne sette opp ei god informasjonstavle der klatreruta startar.

Han viser til at i norsk natur er alle ansvarlege for eigen tryggleik, men det krev at ein har nok kunnskap.

Maylén Carlsen og Ailin Nevjar testar Via Ferrata Hornelen.

Via ferrata-løypa er luftig og går 860 meter rett opp frå havet.

Foto: Runar Carlsen

Betre skilting

Ordføraren i Bremanger er tydeleg på at ho tek Statsforvaltaren sitt vedtak til følgje. Det betyr at det må bli betre skilting for alle som vurderer å gå ruta denne sommaren.

– Vi må skilte og vere tydelege på det er ei løype som er unik. Det er ikkje for kven som helst å gå opp, seier Anne Kristin Førde.

Ho ønsker å unngå ein sommar med mange ulykker og redningsaksjonar.

Førde utelukkar likevel ikkje at kommunen vil sjå nærare på heile reguleringsplanen for området.

Med ei anna regulering så kan det også bety ein «omkamp» på om allmenta skal ha tilgang eller ikkje.

– Vi ser på moglegheita, stadfestar ordføraren.

Maylén Carlsen og Ailin Nevjar testar Via Ferrata Hornelen.

Noregs Klatreforbund reagerer på at via ferrata-ruta «kolliderer» med andre klatreruter. No har klagen på kommunen sitt vedtak ført fram.

Foto: Runar Carlsen

Les også Her er camping forbode – men ingen bryr seg

Villcamparar har sett opp telt langs vegen i Lodalen i Stryn. Mange bilar står parkert langs vegen.