Hopp til innhold

Stortingsval 2021: Sogn og Fjordane

Oppsummert

NRK sender direkte gjennom heile kvelden med valsending for Hordaland og Sogn og Fjordane. Følg sendingen vår fra klokka 19.45 og utover natta.

 
Flere enn 84 gir flertall
  • Alle røyster talde opp

    I Sogn og Fjordane er stemmeteljinga fullført, ifølge Valdirektoratet.

    Dei faste mandata frå valdistriktet fell dermed som venta til Olve Grotle (H), Erling Sande (Sp) og Torbjørn Vereide (Ap).

    Førebels har Alfred Bjørlo (V) utjamningsmandat, men det avheng av valresultatet for heile landet.

    Oppslutninga i Sogn og Fjordane er 79,7 prosent.

  • Valstyret møtast onsdag

    – Fylkesvalstyret for Sogn og Fjordane og Hordaland skal møtast digitalt i morgen klokka 17, og vi regner med at det meste for Sogn og Fjordane sin del blir avgjort i morgon kveld, seier fylkesordfører i Vestland og leiar i valstyret, Jon Askeland.

    På grunn av talet på røyster vil det gå litt lenger tid for Hordaland sin del. Valstyret har lagt opp møte kvar dag fram til laurdag.

  • Utjamningsmandatet ikkje klart

    Det er framleis høgst usikkert kva parti som får det fjerde mandatet i Sogn og Fjordane. Det er eit såkalla utjamningsmandat som blir delt ut til dei partia som kjem over sperregrensa. Klokka 23.28 er det Alfred Bjørlo (V) som ligg inne på den plassen.