Hopp til innhold

Desse kjem inn frå Sogn og Fjordane

Arbeidarpartiet, Senterpartiet og truleg Høgre får dei faste mandata frå Sogn og Fjordane. Per no ser Venstre ut til å få utjamningsmandat.

Torbjørn Vereide, Erling Sande og Olve Grotle

INN PÅ STORTINGET: Torbjørn Vereide (Ap), Erling Sande (Sp) og Olve Grotle (H) får dei tre faste mandata frå Sogn og Fjordane.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

NB! Tysdag kveld er framleis ikkje absolutt alle røystene talde opp. Det er om lag 2000 røyster fordelt på ei ulike kommunane som skal godkjennast.

Sannsynlegheita er lita, men om det skulle skje store endringar - så kan det gå ut over mandatet til Olve Grotle frå Høgre.

Frå Sogn og Fjordane kjem desse representantane inn på Stortinget:

  • Torbjørn Vereide (Ap)
  • Erling Sande (Sp)
  • Olve Grotle (H)
  • Alfred Bjørlo (V, utjamningsmandat)

Mandatfordeling: Sogn og Fjordane

PartiAntall mandaterEndring fra 2017

For Arbeidarpartiet er det glopparen Torbjørn Vereide som skal representere valdistriktet på Stortinget.

– Det er heilt vanvitig. Det har vore så god stemning gjennom heile valkampen. Dette er eit stort ansvar og eg aktar å levere etter beste evne. Eg skal jobbe for heile regionen vår. Eg skal gje alt eg har, seier Vereide.

Torbjørn Vereide

STORTINGSREPRESENTANT: – Dette er eit stort ansvar og eg aktar å levere etter beste evne, seier den nye stortingsrepresentanten frå Sogn og Fjordane, Torbjørn Vereide (Ap).

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Partioppslutning: Sogn og Fjordane

PartiOppslutningEndring fra 2017
AP
0.0%
0.0
BLANKE
0.0%
0.0
DEM
0.0%
0.0
FI
0.0%
0.0
FNB
0.0%
0.0
FRP
0.0%
0.0
GENE
0.0%
0.0
GT
0.0%
0.0
H
0.0%
0.0
Oppslutning

Olve Grotle (H) vann det tredje mandatet

Det var knytt stor usikkerheit til kven som ville ende opp med det siste faste mandatet frå Sogn og Fjordane.

Trass ein tilbakegang på 4,8 prosentpoeng, vart det Høgre og Olve Grotle som til sist fekk karra til seg fast mandat.

– No blir eg heilt mållaus. Det blir eit heilt nytt liv, seier Grotle.

Grotle går frå ordførar i Sunnfjord kommune til Stortinget som stortingsrepresentant.

Olve Grotle

STORTINGSREPRESENTANT: – No blir eg heilt mållaus, seier ny stortingsrepresentant Olve Grotle (H).

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Senterpartiet blir det største partiet i distriktet med ei oppslutning på 28,7 prosent. Det er ein nedgang på 0,7 prosent frå sist Stortingsval.

– No kjenner eg meg litt utlada, men veldig glad. Dette er det nest beste valet Senterpartiet har gjort i Sogn og Fjordane nokon gong, seier ny stortingsrepresentant Erling Sande (Sp).

Sande returnerer til Stortinget etter å tidlegare ha vore vararepresentant på Stortinget frå 2005 til 2013.

Senterpartiet var nær til å sende to representantar frå Sogn og Fjordane inn på Stortinget, men enda opp med éin.

– Eg er også litt smådeppa, fordi vi var så nær på å få inn Aleksander Øren Heen, seier Sande.

– Kan du bli ny minister?

– Det vil eg ikkje sette pengar på. Det er nok av flinke folk i Sp.

Sigurd Reksnes, Per Rune Vereide og Erling Sande

RETURNERER: Erling Sande (Sp) returnerer til Stortinget. – No kjenner eg meg litt utlada, men veldig glad, seier han.

Foto: Arne Stubhaug / NRK