Dette er dei gløymde sakene i valkampen

Ingen valkamp fangar opp alt. Eldreomsorg, Afghanistan og klima er døme på saker det har vore snakka for lite om eller feil om denne gongen, seier ekspertane.

Eldreomsorg illustrasjon

GLØYMD: – Helsepolitikk er den store utelatinga i valkampen, seier Alfred Bjørlo (V).

Foto: Gorm Kallestad

Eit sikkert valdagsteikn er listene over saker som «forsvann» i valkampen.

Raudt hadde webseminar om «gløymde saker i valkampen» alt i førre veke, og hittil i år har forslaga vore mange. Nokre døme:

Også andre saker har vore nemnt: unge mødrer, høyrselshemma, dyre psykologar, dyre advokatar, aktiv dødshjelp, korona-handteringa og talet på tilsette i byråkratiet.

Nationen 13. september

GLØYMD: Distriktspolitikken forsvann, og må hentast fram att, meiner avisa Nationen.

Foto: Terje Gilleshammer

– Vi snakkar for lite om utanrikspolitikk

– Eg syns det har vore snakka lite om velferdsstaten si framtidige berekraft, og forbausande lite om private velferdsleverandørar, seier Kristin Clemet, dagleg leiar i den liberale tankesmia Civita.

– I tillegg har det vore lite om bustadpolitikk, seier ho.

Utanrikspolitikk generelt, og kulturpolitikk, har ho ikkje sakna.

– Dei forventar eg ikkje som valkamptema.

Men det gjer Asle Toje i Nobelkomiteen, som meiner Afghanistan har vore «overraskande lite diskutert».

– Titals milliardar er misbrukt, og regjeringa var komplett ubudd på kollapsen, seier han.

Det same seier Anki Gerhardsen, som er mediekritikar og prosjektleiar i det russisk-norske journalistnettverket Barents Press.

– Vi snakkar lite om utanrikspolitikk trass i at det jo med all klarleik står fram som presserande.

Professor i journalistikk, Sigurd Allern vil også ha meir utanrikspolitikk i monitor, meir spesifikt «spørsmål om Natos krigsoperasjonar, basepolitikk og atomvåpen».

– Det er det viktigaste som regelmessig «forsvinn» i fjernsynssendingane og i norsk valkamp. Det Ap og Høyre og dei fleste andre parti er samde om, resulterer i ein lammande tausheit, seier han.

Motstandsgruppe samlet på et fjell

GLØYMD: Utanrikspolitikk er det viktigaste som regelmessig «forsvinn» i fjernsynssendingane og i norsk valkamp, seier Sigurd Allern.

Foto: Ahmad Sahel Arman / AFP

Middelklassen og deira blindsoner

Leiar for Manifest Tankesmie, Magnus E. Marsdal, meiner det har vore «påfallande lite snakk om sosial dumping. Manifest kallar seg «heile venstresidas tankesmie».

– Grensestenginga viste kor ekstremt avhengig både industri, byggenæring og landbruk er av underbetalt arbeidskraft. At det er så lite framme i valkampen seier kan hende noko om kor tungt middelklassen dominerer både media og partiapparat, seier han.

2021 har vore kalle eit klimaval, men vi har snakka om det feil måte, meiner Anders Waage Nilsen.

Han er Venstre-medlem og prosjektleiar i eit selskap som jobbar med å utvikla smartare måtar å handtere avfall på.

– Vi snakkar mykje om klima, men ikkje om overgangen til eit meir ressursproduktivt samfunn. I mange EU-land har sirkulær industri skapt engasjement, og fleire parti har konkrete strategiar. Her heime er samtalen nesten fråverande, og politikken umoden, seier han.

Brodd mot media

Fleire av svara på kva og kven som er gløymd i valkampen har brodd mot media, gitt deira makt til å sette «dagsorden» og bestemme kva som svarer til kriteria for «ein nyheit».

Generalsekretær i Norsk Presseforbund, Elin Floberghagen, synest media har gjort ein god jobb med å spegle det norske mangfaldet.

– Ein valkamp vil alltid vere preget av at nokre opplever at dei områda som dei sjølv er opptatt av er for dårleg dekka, seier ho.

Laster Twitter-innhold

– Eldreomsorg er det eg har sakna mest, seier Torbjørn Vereide, fyrstekandidat for Arbeidarpartiet i Sogn og Fjordane.

Det same seier Alfred Bjørlo, fyrstekandidat for Venstre i same valdistrikt.

– Helsepolitikk er den store utelatinga, seier han.

Anders G. Romarheim ved Institutt for Forsvarsstudier (IFS) meiner at «småbarnsfamiliane har hamna i bakgrunnen».

– Dette er jo ein hjartesak for KrF, noko som betyr at få andre enn dei vil ta han opp. Dermed har han fadet ut i takt med dårlege meiningsmålingar for KrF. Og på slutten slukte Ropstad-gate all taletida for deira del, seier han.

Barn som har hatt med seg en overgangslærer fra barnehagen til skolen.

GLØYMD: - Småbarnsfamiliane har hamna i bakgrunnen, seier Anders G. Romarheim.

Foto: Marte Iren Noreng Trøen / NRK