Hopp til innhold

Stortingstoppar gir tommel opp

Makta på Stortinget rosar Stad Skipstunnel opp i skyene. No tyder alt på byggjestart innan få år.

Stad skipstunnel

SKAL BETRE TRYGGLEIKEN TIL SJØS: Stad skipstunnel er tenkt bygd mellom Moldefjorden og Kjødepollen, og vil få ei lengde på 1700 meter.

Foto: Kystverket/Snøhetta

Leder i Krf Knut Arild Hareide fotografert på Stortinget i forbindelse med NTB sitt juleintervju.

POSITIV: Knut Arild Hareide meiner tunnelen gjennom Stad vil gi Nordfjord ein attraksjon som blir lagt merke til over heile verda.

Foto: Varfjell, Fredrik / NTB scanpix

I fleire tiår har skipstunnelen forbi det vêrharde Stadhavet vore ei kampsak for folket langs kysten. No tyder alt på at tunnelen skal få sitt endelege gjennomslag.

Ei ringerunde NRK har gjort til samarbeidspartia Høgre, Framstegspartiet og Kristeleg Folkeparti, viser at stortingstoppane meiner tunnelen er fornuftig å bygge.

– Dette er eit prosjekt vi alltid har prioritert. Vi trur moglegheitene for å få det gjennomført no, er betre enn nokon gong før, seier KrF-leiar Knut Arild Hareide.

FrP-topp med klare forventningar

Til våren kjem Nasjonal Transportplan, NTP. Der seier staten kva transportårer dei vil prioritere, og kor mykje dei vil bruke på kva prosjekt. Det er her Stad skipstunnel må få innpass.

Hareide har store forventningar til Regjeringa.

– For fire år sidan sa dei raudgrøne at dei vil prioritere dette prosjektet. No er det dei blåblå som må gjere det. Om tunnelen ikkje kjem med i NTP no, er mi uro at prosjektet blir skubba for mykje ut i tid.

Harald Nesvik

PRESSAR PÅ: FrP-politikar Harald Nesvik er sjølv frå Ålesund. Han legg ikkje skjul på sin entusiasme for tunnelen. – For oss som bur i Sogn og Fjordane, Møre og Romsdal, og for så vidt heile kysten, er dette eit veldig godt prosjekt.

Foto: Trond Vestre / NRK
Nikolai Astrup

SENTRAL PERSON: Nikolai Astrup frå Høgre sit som leiar i transportkomiteen på Stortinget. Han er i tett dialog med Regjeringa om Nasjonal Transportplan, og gode skottsmål frå han er svært positivt for forkjemparane for Stad skipstunnel.

Foto: Roald, Berit / NTB scanpix

Parlamentarisk leiar i Frp, Harald Nesvik, vil ha stor makt når Stortinget skal handsame Nasjonal Transportplan. Han er tydeleg på kva han ventar av sine regjeringskollegaer.

– Eg har sjølv jobba for prosjektet i ei årrekkje, og eg håpar dei finn rom til Stad skipstunnel. Men no må regjeringa få tid til å jobbe med NTP. Det er mange prosjekt, vi snakkar om milliardar av kroner og store forventningar frå heile landet.

Kostnaden talar imot

Også Høgre sin fremste transportpolitikar, Nikolai Astrup, argumenterer for bygging.

– Dette handlar om tryggleik, reisetid, gods og det som kan vere ein interessant og spennande turistattraksjon. Det som talar imot er at det er eit kostbart prosjekt som vi må finne plass til innanfor eit avgrensa økonomisk handlerom.

Både Nesvik og Astrup vaktar seg vel for å røpe innhaldet i NTP. Om Stortinget vel å gå for tidleg byggjestart, kan bygginga ifølgje Kystverket kome i gang innan to år.

– Prosjektet er gryteklart

Leiar i prosjektgruppa for Stad Skipstunnel, Randi Paulsen Humborstad, har valfarta Stortinget. Ho er optimist.

– Eg opplever dette som veldig positivt. Prosjektet er gryteklart. No er det viktig at ein vedtek Stad skipstunnel, og at den kjem inn i første fireårsperiode av NTP.

Skulle samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen sette bremsene på i siste augneblink, kan Stortinget uansett få prioritert tunnelen på plass til tidleg byggjestart. Nesvik i Frp gjer ingenting for å dempe forventningane.

– Frp har vore ein av dei største forkjemparane for dette prosjektet. Det aktar vi å framleis vere.

NRK lukkast i går ikkje å kome i kontakt med Venstre-leiar Trine Skei Grande eller nestleiar i transportkomiteen, Abid Raja (V).

Randi Paulsen Humborstad

SPENNANDE VÅR: Randi Paulsen Humborstad er leiar i prosjektgruppa for Stad skipstunnel. – Det er viktig når vi no går inn mot rullering av Nasjonalt Transportplan at regjeringspartia kjem på bana, og er så positive, seier ho.

Foto: Øystein Torheim