Hopp til innhold

Trur Stad skipstunnel kan bli ein sentral turistattraksjon i Nordfjord

– Også sjølve byggearbeidet kan vere interessant for turistar, trur reiselivseksperten om tunnelen som skal sikre ferdselen forbi vêrharde Stad.

Per-Arne Tuftin

HAR TRUA: Per Arne Tuftin er reiselivsdirektør i Innovasjon Norge. Han trur Stad skipstunnel kan bli eit bindeledd for fleire turistattraksjonar i regionen.

Foto: Gunnar Sandvik/NRK

– Mogelegheitene til dette er veldig bra. Stad skipstunnel vil få mykje merksemd internasjonalt fordi det er den første skipstunnelen av dette kaliber. Klarer ein å sette dette i samanheng med Stad som reisemål, trur eg absolutt det er store mogelegheiter. Det seier reiselivsdirektør i Innovasjon Norge, Per Arne Tuftin.

Denne veka var det fyrste møtet mellom forkjemparane for Stad skipstunnel og reiselivsdirektøren i Innovasjon Norge Per Arne Tuftin. Stad skipstunnel kan få byggestart i 2018 eller 2019, håpet er at tunnelen også kan bli ein stor turistattraksjon.

Vil hjelpe på resten av reiselivet

Men i kampen for å få gjennomslag hjå politikarane har det vore brukt lite tid på å jobbe med konkrete strategiar. Derfor meiner Randi Paulsen Humborstad som er leiar for prosjektgruppa for Stad skipstunnel at ein treng hjelp frå tunge aktørar i reiselivet.

Stad Skipstunnel Moldefjorden

VIL LOKKE TURISTAR: Også byggearbeidet vil lokke turistar, trur reiselivseksperten.

Foto: Illustrasjon: Kystverket/Appex

– Vi bad om eit møte med reiselivsdirektøren i Innovasjon Norge fordi vi ser at Stad skipstunnel kjem til å bli ein turistattraksjon. Men vi treng hjelp til å legge ein strategi for at tunnelen skal bli ein slik attraksjon, seier Humborstad.

Delar av reiselivet i Ytre Nordfjord har streva i motbakke dei seinare åra. Vestkapphuset på Stadplatået har vore stengt, og Vågsøy har meldt seg ut av reisemålselskapet i Nordfjord.

Eit bindeledd for fleire attraksjonar

Per Arne Tuftin trur kombinasjonen av naturkrefter og ingeniørkunst kan gi fleire turistar til distriktet.

– Å få dette internasjonalt kjent gjennom internasjonal presse er viktig. Området er kanskje ikkje av dei mest markante i forhold til reiseliv. Men med skipstunnelen vil ein kunne binde saman fleire viktige reisemål i regionen. Det vil naturlegvis turistoperatørane og reiselivspresse finne interessant, seier Tuftin.

No vil Paulsen Humborstad saman med Innovasjon Norge dra i gang arbeidsmøte med store reiselivsaktørar i regionen for å lage ein strategi for korleis tunnelen skal bli eit reisemål.

Treng fleire gode idear

Tidlegare har det vore på tale med eit eige opplevingssenter knytt til tunnelen.

– Dette er jo berre planer eller idear. Vi er litt tidleg i den fasen. Vi vil få opp fleire slike idear og vil arrangere ein workshop for å få ideane fram.

Også Innovasjon Norge vil framover kunne starte arbeidet med å jobbe inn attraksjonen internasjonalt.

Stad skipstunnel

SIKRAR SJØVEGEN: Stad skipstunnel skal først og fremst gjere ferda rundt vêrharde Stad tryggare.

Foto: Illustrasjon: Appex/Kystverket

– Når vi snakkar med utanlandske journalistar kan vi ta dei med til området. Også sjølve byggearbeidet kan jo vere interessant, men ikkje minst når tunnelen står ferdig, seier Tuftin.

– Nye typar attraksjonar blir viktig

Stad skipstunnel kan kome inn i rekka av nye reisemål som er på veg til å bli skapt i Nordfjord.

I Stryn blir det investert 200 millionar i gondolbana Sleipner Hoven, på Nordfjordeid er det venta snarleg avgjerd om ein skal satse fleire titals millionar på opplevingssenteret Sagastad, i Måløy planleggast det Måløyraidssenter. Samstundes opplev det etablerte reiselivet eit etterlengta oppsving i talet turistar til Norge.

Per Arne Tuftin trur nye typar attraksjonar blir viktige i åra som kjem.

– Den moderne turist vil meir enn å sitte på ein buss å sjå gjennom eit bussvindauge og bli fortalt ting. Dagens turistar er heilt annleis enn dei som var her for 20 år sidan.