Hopp til innhold

Her testar dei korleis det blir å segle i Stad skipstunnel

Kystverket er no i gang med modelltestar av Stad skipstunnel.

Modelltest av Stad Skipatunnel

TESTAR TUNNEL: Kystverket testar seglingsforholda i Stad skipstunnel

Foto: Terje Andreassen

– Vi har gjort to testar. Ei datasimulering av korleis seglasen er før du kjem inn i sjølve tunnelen, og i førre veke var vi Trondheim for å teste kva kanaleffektar fartøya får, når dei seglar gjennom tunnelen, seier prosjektleiar Terje Andreassen i Kystverket.

For i prinsippet vert den 1,7 kilometer lange tunnelen ein kanal med tak over. I havbassenget hjå Marintek i Trondheim har Kystverket fått laga ein modell av den planlagde tunnelen. Skalamodellar av MS Midnattsol og eit containerskip har testa seglingstilhøva, skriv Teknisk Ukeblad.

– Målet å finne ut kor styrbare fartøya blir gjennom kanalen, seier Andreassen.

Nasjonal Transportplan

Mange har kjempa i fleire tiår for å få på plass skipstunnelen og det har vore til saman 19 utgreiingar.

Tunnelen som er planlagt mellom Moldefjorden og Kjødepollen kan bli 1700 meter lang, og kan få eit tverrsnitt på 1625 kvadratmeter. Den er planlagt å bli 37 meter frå vassflata og opp, 12 meter frå vassflata og til botn, og 36 meter i breidda.

Terje Andreassen framføre staden der Stad skipstunnel er planlagt

SKIPSTUNNEL: Prosjektleiar Terje Andreassen i Kystverket skal finne ut kor lett det blir å styre store skip gjennom Stad skipstunnel.

Foto: Pål Are Lilleheim / Kystverket

– Det vert ganske smalt, mellom fenderane vert det 26 meter og fartøy som skal gå der er 20,5 meter breie. Det vi ønsker å finne ut er om kanalen verkar slik at du får sug til ei side, eller om fartøyet stabiliserer seg, og kva hastigheit som er mest gunstig å bruke, seier Andreassen.

Avgjerd neste haust

Modelltestane i havbassenget i Trondheim er ein del av forundersøkingane som Kystverket gjer før Stortinget kan ta den endelege avgjerda om Stad skipstunnel, tidlegast hausten 2017.

– Testane har styrka teoriane vi har hatt om korleis fartøya kom til å oppføre seg i kanalen, og vi har ikkje fått noko negative overraskingar i alle fall, seier Andreassen.