Hopp til innhold

Tilrår skipstunnel til 2,5 milliardar

SELJE (NRK): Kystverket tilrår at Stad skipstunnel vert bygd trass i at dei vurderer tunnelen som samfunnsøkonomisk ulønsam.

 Overlevering: Osdal og Terje Andreassen Kystverket

Overlevering: Ordførar i Selje, Stein Robert Osdal tek imot reguleringsplanen frå Terje Andreassen frå Kystverket.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Kystverket la i dag fram reguleringsplan for Stad skipstunnel med ei kostnadsramme på 2,5 milliardar kroner.

– Dette er utruleg stort for regionen og det betyr mykje for tryggleiken til dei som passerer forbi her. No er det berre tida og vegen fram til vedtaket i juni, seier ordførar i Selje, Stein Robert Osdal.

Kystverket tilrår altså å byggja tunnelen, trass i at den vert sett på som samfunnsøkonomisk ulønsam.

– Det er ein berekningsmodell vi nyttar som viser kva ein får att for investeringa. Det er mange samfunnsmessige tiltak som ikkje er lønsam økonomisk, men har andre ringverknader og funksjonar som gjer at er forsvarleg å gjennomføre, seier prosjektleiaren for Stad skipstunnel i Kystverket, Terje Andreassen.

Stad skipstunnel

SLIK SKAL DEN LIGGE: Her skal tunnelen gå.

Foto: Illustrasjon: Kystverket/Appex

Tidlegast klar i 2022

Det har vore ein årelang kamp på å få realisert Stad skipstunnel, men om politikarane vedtek bygginga i juni, kan første spadetak bli tatt om dryge to år.

– Kystverket seier at det er realistisk med oppstart i første halvdel av 2019. Eg har stor tru på at det vert vedtatt, seier Selje-ordføraren.

– Vi har rekna at det vil ta tre til fire år å fullføre bygginga av tunnelen, seier Andreassen i Kystverket.

Han fortel villig om fordelane med å få tunnelen på plass.

– Det vil auke tryggleiken til dei som passerer forbi her og ikkje minst minske ventetida til for dei som går forbi i godstrafikk, seier Andreassen.

Må rive fem bustadar

Skal prosjektet bli realisert, er det fem bustadar på Kjødepollen som må rivast.

– Vi har hatt god dialog med dei som bur der frå tidleg i prosjektfasen så dei er godt informert om kva planar som ligg og deira rettar, seier Andreassen.

Stad skipstunnel

Bli med på innsida av tunnelen.