– Vi har fått inn melding om at 143 personar er evakuerte, og no er evakueringa avslutta for i kveld. Dei som måtte evakuerast er no evakuerte, seier operasjonsleiar hjå politiet i Sogn og Fjordane, Inge Værøy, til NRK klokka 01.45.
I tillegg til at Flåmselva har teke tre hus, var det også lenge frykt for at ein demning skulle breste.
Store vassmengder bygde seg opp ved Høgabru i Flåmsdalen, etter at ein avlastningstunnel ved ein dam truleg er tett. Det var fare for dambrot og store overfløymingar nedover Flåmsdalen, melde politiet.
Innbyggjarar i områda frå Høgabru til og med Flåm sentrum har blitt evakuerte.
– Flåmselva er i retur, og ein har sett på demningen i natt, og det ser ikkje kritisk ut. Det blir vakthald i Flåm i natt. I morgon vil NVE vere med på ei undersøking av demningen på Høgabru, seier Værøy.
22 personar evakuerte med helikopter
To redningshelikopter, politiet, Sivilforsvaret og mange andre bidrog i den storstilte evakueringa.
Klokka 00.15 informerte hovudredningssentralen om at to redningshelikopter hadde evakuert 22 personar som trengde hjelp luftvegen for å kome seg vekk frå flaumen i Flåm.
Klokka 23.45: Presseansvarleg hjå politiet i Sogn og Fjordane, Nils Erik Eggen, opplyser at 23 menneske i Flåm ventar på å bli evakuerte med redningshelikopter.
– Dei kan berre kome seg ut luftvegen, seier Eggen.
Det er gjort stor skade på infrastruktur, og vegane er stengde.
– To redningshelikopter er no på plass, og hjelper til med å fly ut dei siste. Det er framleis folk som er utandørs og ventar, og det er krevjande, seier ordførar Noralv Distad (H).
Hovudredningssentralen stadfesta i 22-tida at to redningshelikopter var på veg for å hjelpe til med evakueringa i Flåm.
(Artikkelen held fram under biletet)
Tre hus tekne av flaum
NRK.no får stadfesta at tre hus i Flåm er tekne av flaum. Kommunen og politiet har no bestemt seg for å evakuere alle som bur utsett til.
– Det er tale om eit par hundre personar. Men det er vanskeleg framkommelegheit. Vi har stengde vegar, bruer som ikkje lenger er der og bruer som ikkje kan brukast. Det er krevjande, seier ordførar Noralv Distad (H).
Klokka 21: Nils Erik Eggen ved Sogn og Fjordane politidistrikt oppmodar folk i Flåm om å melde seg på Fretheim hotell.
Evakuerer fleire
Politiet fekk melding klokka 1939 om to hus som var tekne av flaum. Då var husa allereie evakuerte. Like før klokka 21 får NRK.no stadfesta at også eit tredje hus er tapt.
Etter eit krisemøte tysdag kveld har kommunen bestemt seg for å evakuere fleire.
- LES OGSÅ: Flykta opp i fjellsida - og såg husa bli rivne bort
- LES OGSÅ: Innbyggjarane i Underdal er isolerte
– Situasjonen er så prekær at vi vil evakuere alle bebuarar i dei utsette områda. Dette blir sett i verk, og blir leia av politiet. Det er tale om eit par hundre personar som bur utsett til, seier ordførar Noralv Distad (H).
(Artikkelen held fram under videoen)
Potensial for større skade
– Vi har rutinerte folk, og med stor lokalkunnskap som hjelper politiet, så skal alle få god hjelp, seier ordføraren
Presseansvarleg Nils Erik Eggen seier til NRK.no at dei ser på situasjonen i Aurland som meir tilspissa enn i Lærdal. Også der har ein evakuert personar som bur utsett til.
– Potensialet for større skader er til stades, seier presseansvarleg Nils Erik Eggen til NRK.no.
Oppdemming truar
– No prioriterer vi liv og helse. Dette er ei pålagt evakuering, seier ordførar Distad.
Fretheim hotell er samlingsstad. Her er også japanske turistar som tidlegare vart evakuerte frå Flåmsbana. Alle vegar er stengde på grunn av flaum, ras og fare for ras.
– Vi har også ein uviss situasjon med oppdemming i elva lenger framme i dalen. I verste fall kan det komme meir vatn, som gjer situasjonen endå verre, seier ordføraren.
(Artikkelen held fram under biletet)
Har jobba i heile dag
John Håland driv campingplassen i Flåm. Han seier han aldri har opplevd liknande før. I heile ettermiddag har han brukt presenningar, traktor og sandsekkar i kampen mot vassmengdene.
– Dette er over min fantasi kor veldig det kunne bli. Elva går langt, langt over vegen. Det er berre så vidt vi ser toppen av autovernet, seier han og meiner flaumen nærmar seg ein 50-årsflaum.
– Det kjem store tre, rundballar og alt mogleg med elva. No er det berre få centimeter att før det bryt og går inn til husa, seier han.
Fryktar elva
– Dei siste gjestene som reiste i dag lurte på om elva nokon gong har gått over. Eg svarte at det vil aldri skje, held Håland fram.
– Er de ikkje redde?
– Jo, vi ser oppover og høyrer godt etter buldring. Vi reiser dersom det byrjar å ta. Vi er redde elva. Ho går langt innover bakkane. Og så snakkar dei om at det proppar seg oppe i Flåmsdalen ved Haugabrui. Det er det vi er redde for no, seier Håland.
Koplar ut straumen
Kommunen opplyser også på sine nettsider at straumen i Flåm vert kopla ut klokka 20 fordi trafoen held på å velte.
– Alle som kjenner seg utrygge blir oppmoda om å reise til Fretheim hotell. Dersom det ikkje er mogleg å komme seg til Fretheim hotell, reis til naboar eller til høgareliggande område. Vassnivået stig framleis, skreiv kommunen på sine nettsider tidlegare tysdag kveld.
Saka blir oppdatert.