Hopp til innhold

Stortinget seier nei til å bremse krafteksporten

Eit fleirtal på Stortinget stemte i dag nei til å strype straumeksporten til utlandet i periodar med lite vatn.

Bildet er fra leggingen av North Sea Link på britisk side av Nordsjøen.

BRITISK SIDE: Den såkalla «englandskabelen», mellom Suldal i Rogaland og Blyth i England, kom i drift i oktober.

Foto: Christer Gilje / Statnett

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Noreg har delt krafta med Norden og omkringliggjande land sidan 60-talet. I det store og heile har norske politikarar vore samde om at kraftutvekslinga har tent landet godt.

Den siste tida har likevel delar av systemet vorte meir omstridd, ikkje minst den såkalla «englandskabelen», som kom i drift i oktober.

Månaden etter fremja Raudt og Framstegspartiet kvar sine forslag om å bremse krafteksporten.

Forslaga var oppe til votering i Stortinget i dag, torsdag (sjå faktaboks).

Resultat? Forslaga vart stemde ned.

Det er skuffande. Dagens marknadstvang inneber spekulasjon i høge prisar på kostnad av forsyningstryggleiken. Det er verken bra for Noreg eller Europa, seier Sofie Marhaug i Raudt.

Forslag 1 (sjå faktaboks) fekk støtte frå Framstegspartiet, Sosialistisk Venstreparti, Raudt og Kristeleg Folkeparti.

Påverkar prisane med cirka 10 prosent

Eg meiner det vil vere fullt mogleg å sikre ein låg pris på kraft i Noreg, samstundes som vi eksporterer kraft vi har ekstra. Det kan gjerast med eiga prissone på kabelen som sikrar billig straum i Noreg, medan prisen på eksport blir lik prisen i Europa, seier Kjell Ingolf Ropstad i KrF.

Statnett publiserte i mars ein analyse som seier at kablane påverkar prisane i Noreg med cirka 10 prosent.

Knut Lockert, leiar i Distriktsenergi, seier at det å bremse krafteksporten kan ha motsett effekt av den intenderte.

Det å regulere krafteksporten kan synast tilforlateleg slik situasjonen er akkurat no, men resultatet kan fort ha motsett effekt og presse prisane oppover og redusere forsyningstryggleiken.

I konsesjonen for englandskabelen står det at vilkåra kan endrast om «allmenne omsyn gjer dette nødvendig».

NRK har tidlegare meldt at 97 prosent av kraftflyten gjennom kabelen til Storbritannia er eksport, og i desember varsla finansminister Trygve Slagsvold Vedum at han vil «gravleggje» den planlagde kabelen mellom Noreg og Skottland (NorthConnect).

I 2019 var Noreg for fyrste gong sidan 2010 netto importør av straum.

North Sea Link

KAN ENDRAST: I konsesjonen for englandskabelen står det at vilkåra kan endrast om «allmenne omsyn gjer dette nødvendig».

Foto: Statnett

Ville ført til lågare straumpris for folk og bedrifter

I forslaget til Frp ber dei regjeringa om å stanse eksporten når «magasinfyllinga er vesentleg lågare enn normalt».

Onsdag melde NVE at straumsone 1 (Aust-Noreg) hadde 8,1 prosent fyllingsgrad.

Med forslaget vårt hadde vi fått betre kontroll over krafteksporten ved å sikre oss frå å eksportere kraft når fyllingsgrada i magasina er lågare enn normalen. Dette ville i retur ha ført til lågare straumpris for folk og bedrifter, seier energipolitisk talsperson i Frp, Terje Halleland.

Bård Ludvig Thorheim er energipolitisk talsperson i Høgre, som stemde nei til forslaga.

Stortinget bør ikkje instruere regjeringa i slike saker. Regjeringa har høve til å regulere eksport av kraft ut frå omsyn til forsyningstryggleik, og vi legg til grunn at dei har gjort og gjer løpande vurderingar omkring dette.

Regjeringa har varsla at dei vil «snu kvar stein» for å sikre rimeleg kraft i Noreg framover.

Vi skal gå i dialog med Storbritannia og EU for å få meir kontroll over krafteksporten, seier Ole André Myhrvold i Senterpartiet.

Han legg til:

Forslaga frå Raudt og Frp kjem derfor seint, men vi er positive til alle som støttar politikken vår for nasjonal kontroll over naturressursane.

Her skjøtes de to endene av North Sea Link sammen.

DÅ HAN MØTTE HO: Her skøytast dei to endene av North Sea Link saman.

Foto: Christer Gilje / Statnett

MDG vil auke kraftutvekslinga med Europa

EU kunngjorde i mars at dei vil kvitte seg med to tredelar av all russisk gass innan utgangen av 2022.

På same tid melde Tyskland at dei påskundar planane om å gå over til fornybar energi. Det nye målet er å vere hundre prosent grøne innan 2035.

Une Bastholm i MDG meiner tida kallar for meir kraftutveksling med Europa.

Noreg kan bidra til å styrkje Europa sin energitryggleik ved å eksportere norsk havvind. Samstundes vil det sikre norske eksportinntekter og bidra til klimakutt. Oppmodinga mi til Støre er at han reiser til Brussel og tek initiativ til ein energiavtale med EU som forpliktar oss til å auke utvekslinga av fornybar energi mellom Noreg og EU, og samstundes jekke opp ambisjonane for havvind, seier ho.

Strømkabel

10 PROSENT: Statnett publiserte i mars ein analyse som seier at kablane påverkar prisane i Noreg med cirka 10 prosent.