– Det bikka akkurat så vidt over, slik at vi fekk inn meir straum frå utlandet enn det vi eksporterte, seier kommunikasjonsdirektør Henrik Glette i Statnett.
Sjølv om Noreg gjekk frå eit eksportland til importland, var det ikkje dei store mengdene med straum som vart kjøpt inn netto. Ifølgje Statnett, som måler kraftflyten i det norske straumnettet, kan den importerte straumen samanliknast med forbruket til ca. 7.000 norske husstandar.
– Ved eit normalt år er det ca. 16 til 18 TWh (terawattimer) med nettoeksport, medan det i fjor var ein nettoimport på 0,16 TWh, seier Glette i Statnett.
Det meste av straumen vart importert frå Sverige og Danmark.
Les òg:
Les òg:
Tørkesommar førte til mindre produksjon
Årsaka til kraftimporten kan sporast tilbake til den tørre sommaren i 2018. Det førte til historisk låge vasstandar over store delar av Noreg og lite vatn i magasina. Hetebølgja førte òg til driftsproblem i mange kraftverk og høgt straumforbruk.
Les òg:
Med det friskt i minnet, sparte kraftprodusentane i 2019 på vatnet i periodar då straumen var billegare i utlandet. Til saman vart det produsert 133 TWh (terawattimer) i løpet av fjoråret.
Det er betydeleg lågare enn det som har vore vanleg dei siste åra.
Slik såg det ut i vassmagasinet til Håen kraftverk i Melhus kommune sommar 2018. Her var det full stans i straumproduksjonen.
Foto: Stein Roar Leite / NRKNoregs vassdrags og energidirektorat (NVE) kan ikkje seie noko om dette vil halde fram framover.
– Det er noko som varierer frå år til år avhengig av kor mykje det regnar, men også av kor mykje kraftproduksjon vi får bygd ut i form av vindkraftverk, seier senioringeniør Christer Skotland i Noregs vassdrags og energidirektorat.
Les òg: