Hopp til innhold

Stortinget skeptisk til forslag om å avgrense pride til éin nasjonal flaggdag

Konservativt tidsskrift foreslår ein offisiell flaggdag for pride. På Stortinget er responsen lunken.

Bilde fra Pride i Trondheim 7. september 2023.

PRIDE-DAGEN: 11. juni bør vere nasjonal flaggdag for pride, meiner Minerva.

Foto: Erlend Lånke Solbu / NRK

Regnbogeflagget veivar over vårt langstrekte land i juni.

Men flagget, som for mange er eit symbol for kjærleik for alle, skaper også debatt.

I år har det vore strid om flagginga i Lyngdal, Ålesund, Sunnfjord og Sogndal. Og enda fleire stader.

No tek tidsskriftet Minerva til orde for å avgrense Pride-markeringa til éin dag, men at flagginga til gjengjeld blir obligatorisk den eine dagen (11. juni).

Om staten legg tyngda si bak ei bestemt tolking av regnbogeflagget – og avgrensar feiringa – vil det ta ned temperaturen og komme alle partar til gode, resonnerer tidsskriftet:

– Ein slik flaggdag kan bidra til å gjere ein splittande og stadig tilbakevendande debatt mindre vond, skriv dei.

– Det vil sørge for at Pride-tilhengarar opplever ei klar og tydeleg støttemarkering, og dessutan at dei som synest det blir «litt mykje pride» kan trøyste seg med at det frå offentleg hald berre blir markert éin dag, på lik linje med andre hendingar – og dessutan med ein definert, moderat bodskap.

Les også Ålesund kommune snur - skulane får flagge under pride

Regnbueflagg

På Stortinget er responsen på forslaget i beste fall lunken (sjå under).

Undersøkingar viser at ulike folk legg ulikt innhald i regnbogeflagget.

Eit ope spørsmål er om nokon – i dette tilfellet staten – kan «eige» definisjonsmakta. Og i så fall på kva grunnlag?

Henrik Asheim
NRK

Henrik Asheim, Høgre

- Dette er eit veldig merkeleg forslag. Det er ikkje noko nytt at Pride skaper debatt, faktisk er det også formålet med markeringa. Pride handlar om at folk skal få lov til å elske den dei vil og vere den dei er. Viss vi aksepterer premissen om at Pride og regnbogeflagget betyr ein haug av andre ting og derfor skal avgrense feiringa, vinn jo dei som helst ikkje vil ha Pride i det heile.

Arild Hermstad (MDG) og Alfred Bjørlo (V) i Vevring 12. august 2021.
Oddmund Reisæter Haugen

Arild Hermstad, MDG

- Det må vere opp til dei skeive organisasjonane og ikkje myndigheitene å bestemme når pride bør feirast . Eg ser ingen grunn til å vilje avgrense omfanget av dette, og eg trur nordmenn flest vil leve i eit fritt og tolerant samfunn der vi ser på kjønns- og seksualitetsmangfald som bra og naturleg. At det er mykje fokus på feiring av mangfald akkurat i juni bør motstandarane klare å leve med.

Grunde Almeland, leder for Oslo Venstre og stortingsrepresentant for Oslo, i borggården utenfor rådhuset.
NRK

Grunde Almeland, Venstre

– Ingen eig pride, heller ikkje staten. Derfor vil eit forsøk på å statleggjere pride og overkøyre skeive og aktivistar vere splittande. Det fine med pride er nettopp at det er grasrotaktivisme rundt omkring i heile landet som tar initiativ til lokale markeringar. Staten har eit ansvar for å verne om minoritetar sine rettar, men vi trenger ikkje meir statleg overformynderi her.

Hege Bae Nyholt
Marthe Svendsen / NRK Trondelag

Hege Bae Nyholt, Raudt

- Dette er eit dårleg forslag frå Minerva, der dei gir etter for det presset som alltid melder seg mot pride på denne tida av året. Eg vil ikkje spekulere i motivasjonen, men dette bidrar til å innskrenke snarare enn å opne opp det rommet vi treng for å diskutere rettane til skeive. Isolert sett må vi gjerne ha ein offisiell flaggdag, men ikkje på kostnad av synlegheita til resten av feiringa.

Vebjørn Selbekk, redaktør i avisa Dagen
Jon Bolstad

Vebjørn Selbekk, sjefredaktør Dagen

– Dette er ein usedvanleg dårleg idé. Ja, pride er folkefest, men det er også eit politisk arrangement og ein pågåande politisk kamp. Pride har ikkje den samlande krafta som ein nasjonal flaggdag bør ha. Ein ny meiningsmåling viser at halvparten av dei spurte meiner at det «no var blitt litt mykje pride». Å gjere pride til offisiell flaggdag må vel vere sjølve definisjonen på «for mykje pride».

Åse Kristin Ask Bakke
NRK

Åse Kristin Ask Bakke, Arbeiderpartiet

- Dette må vere opp til kommunane å rå over. Her synes eg kommunane og dei lokale som kjenner sine lokalsamfunn skal få bestemme sjølve, og ikkje at nokon sentralt ifrå skal styre dette. I tillegg må me hugse på kva pride og markeringa står for, nemlig friheit til å vere den du er og elske kven du vil. Etter debatten i Ålesund ser me betydinga av at det markerast, også ved skulane.

Kathy Lie
VEGAR ERSTAD

Kathy Lie, SV

- Flagget er eit symbol på tryggleik og inkludering, som er nødvendig fordi mange skeive i dag framleis står i store utfordringar som vi må ta tak i. Ved å sette grenser for når det kan flaggast, så sendar vi ikkje berre eit signal om at det er avgrensa når det er lov å vere opptatt av dette. Dette handlar om folk sin rett til å vere seg sjølv, og samtalen om vi får til dette eller ikkje.

Sem-Jacobsen, Åslaug
john-andre samuelsen

Åslaug Sem-Jacobsen, Senterpartiet

- Vi i Senterpartiet har ikkje tatt stilling til dette med ein eigen flaggdag. Vi meiner at kommunar, bedrifter, foreiningar og privatpersonar kan flagge så mykje dei vil i heile Pride-månaden. Vi meiner heller ikkje at det er «litt mykje» pride i dag.

FRI: Positive til flaggdag

Foreininga for kjønns- og seksualitetsmangfald, FRI, seier det vil vere opp til medlemmene å ta debatten dersom Stortinget går vidare med forslaget om ein nasjonal flaggdag.

Så lenge forsking syner at vi som gruppe er meir utsett for diskriminering, hets og psykisk vanhelse, så treng vi meir openheit, synlegheit og kunnskap, ikkje mindre, seier leiar i FRI, Viljar Eidsvik.

Han viser til at unge skeive i 2024 dobbelt så ofte som heterofile er utsett for vald, digitale krengingar og er dobbelt så einsame.

Over 70 prosent transpersonar i Noreg har tenkt på å ta sitt eige liv. Ein tredjedel av desse har forsøkt.

– I møte med slike tal må storsamfunnet ta eit stort ansvar, seier Eidsvik.

Tysdag 11. juni vart pride-flagget heist ulovleg utanfor rådhuset i Sogndal. Om lag 100 menneske møtte opp til markeringa.

– For snevert med berre éin dag

Tidlegare denne månaden sa formannskapet i Sogndal nei til å flagge i heile juni. I staden ville dei berre flagge under pridemarkeringa i august.

Dette fekk mange til å reagere, og avgjersla fekk fleire til å samle seg og heise flagget i protest ved kommunehuset. Seinare snudde kommunestyret om på vedtaket.

– Bodskapen bak pride er viktig, og då kan ein ikkje avgrense det til å flagge berre éin dag. Det høyrest lite ut, seier ordførar Stig Ove Ølmheim.

Han legg til:

– Motstanden vil eksistere uansett om det er éin flaggdag eller ikkje. Ein kan ikkje la seg presse til å fire på standpunkt fordi nokon sjikanerer.

Viljar Eidsvik, leder i FRI - Foreningen for kjønns- og seksualitetsmangfold

– Dersom nasjonal flaggdag kjem i tillegg til den synlegheita vi får til i dag, då er vi kanskje nokre skritt vidare på vegen mot å skape eit samfunn som faktisk har plass til alle, seier Eidsvik.

Foto: Jane Bjørnstad / FRI

Heller ikkje i Sunnfjord har pride gått roleg for seg i år.

Her enda det med at kommunedirektøren tok ned regnbogeflagget fordi eit styremedlem i pride Sogn og Fjordane bad om det.

Styreleiaren ville ikkje la seg intervjue om saka, men sa at det kan vere gode grunnar for å avgrense flagginga, fordi «flagging i samband med arrangement forsterkar bodskapen».

Sunnfjord-ordførar Jenny Følling seier at kommunen vil ha klarare reglar for Pride-flagginga.

– Kan Minerva sitt forslag om berre éin flaggdag for pride ha noko for seg?

Eg synest det blir for snevert.

Les også Dette betyr regnbueflagget: – Et variert symbol

Et regnbueflagg flagges på en demonstrasjon mot homofobi, transfobi og bifobi i Berlin 17. mai 2015. 17. mai er den internasjonale dagen mot homofobi, transfobi og bifobi.