Kostas Lukosiunas har vore vegetarianar sidan 1997. Han seier det har blitt enklare å finne vegetarprodukt i butikkane no enn før.
– Då eg kom til Noreg for tolv år sidan var det vanskeleg å få tak i slike produkt. No er det mykje betre, seier han.
Større utval i butikk
Ørjan Alme er butikksjef i Coop Ekstra i Førde. Her har dei merka ei større interesse for vegetarprodukta.
– Vi har fått fleire førespurnadar etter vegetarprodukt, og får stadig eit større utval i butikken vår, seier han.
Alme trur at mange vel å kjøpe vegetarprodukt av ulike årsaker.
– Det kan vere på grunn av omsyn til klima, miljø og dyrevelferd, seier han.
Fleire kjøper vegetar
– Berre til no i år har vi ei auke på 35 prosent i sal av vegetarserien vår, seier Silje Verlo Alisøy.
Ho er kommunikasjonsrådgivar i Coop og fortel at Coop Mega har hatt ei salsauke på 46 prosent, og Coop Ekstra har hatt ein oppgang på 42 prosent.
– Vi legg merke til at kundane våre ynskjer å ha andre alternativ til kjøt, både til middag og kvardags, seier ho.
Det gode sommarvêret har blant anna ført til at sal av vegetarburger har dobla seg samanlikna med året før.
– Nordmenn har grilla heile 2,2 millionar vegetarburgarar denne sommaren, seier Alisøy.
I tråd med forsking
Annechen Bahr Bugge er forskar ved Forbruksforskingsinstituttet SIFO på Oslo Met. Ho har mellom anna forska på nordmenns kjøtfrie matvanar.
– Dei par siste åra har vi sett ei auke blant folk som er opptekne av å redusere inntaket av kjøt, seier ho.
Forskaren seier at dei aller fleste forbrukarane baserer dette valet med omsyn til eiga helse.
– Det er også relativt mange som seier dei ynskjer å velje vegetarprodukt av omsyn til klima, miljø og dyrevelferd.
Andelen vegetarianarar har ikkje auka, sjølv om vegetarprodukt sel som aldri før. Bugge seier at berre 3 prosent av Noregs befolkning kategoriserer seg som vegetarianar.
– Det vi ser er at folk gjerne byt ut kjøtrettar med vegetarprodukt eller brukar grønsaker i staden for kjøt til nokre rettar.