Hopp til innhold

NHO Reiseliv trur på knallsommar for camping

NHO Reiseliv trur campingsesongen i år kan bli minst like bra som rekordsesongen i fjor. Dei siste to helgane har Sande Camping i Lodalen hatt like mange gjestar som heile april i fjor.

Campingplass i Lodalen - Sande Camping

STOR PÅGANG: Både denne helga og førre helg har det vore mange besøkande i

Foto: Ole Andre Rekkedal

– Vi trur campingsesongen i år kan bli like bra som i 2019, seier Jarle Buseth, bransjesjef camping i NHO reiseliv.

I juli i fjor hadde norske campingplassar det høgaste talet på overnattingar sidan 2009. Over 2,7 millionar overnattingar vart registrerte i rekordmånaden i 2019. Likevel trur NHO reiseliv at sesongen i år kan bli like bra, trass i korona-restriksjonar.

Allereie første opningshelga kunne campingeigarar over heile landet fortelje om ein særs god start.

– Vi har fått gode signal på at dei fleste i campingnæringa eigentleg er veldig positive for den sommaren her, trass i at det er ein del restriksjonar med tanke på avstand.

NHO Reiseliv trur dette er sommaren der mange nordmenn vil utforske landet og kanskje prøve campingferie for første gong.

– Vårt inntrykk er at mange nordmenn har hatt lyst til å prøve camping og bubil også tidlegare år, men at ein landar på å reise til utlandet. Men i år trur eg fleire kjem til å utforske sitt eige ferieland, seier Buseth.

Knallstart

Ein av campingplassane som har fått merke pågangen er Sande Camping i Lodalen i Stryn.

– Det har vore mykje meir enn vi forventa. Det var fullt førre helg og denne helga også, sjølv om det har vore dårleg ver, seier Turid Sande Beinnes.

Turid Sande Beinnes og Magne Beinnes

KNALLSTART: Trass i sein opning på grunn av koronasituasjonen, har Turid Sande Beinnes og Magne Beinnes ved Sande Camping i Lodalen i Stryn hatt like mange besøkande i år som i fjor

Foto: Ole Andre Rekkedal / NRK

I fjor starta campingsesongen tidleg i april. I år fekk campingeigarane i Lodalen først opne siste helga i april. Trass i den forseinka opninga på grunn av koronasituasjonen, har dei hatt om lag like mange gjestar i år som i fjor.

– Det er god stemning. Folk er blide og nøgde og glade for å kome ut og reise igjen. Vi er veldig nøgde med å kunne opne opp igjen.

Når campingplassen her har fullt belegg, har dei plass til rundt 50 bubilar og over 100 personar. Tilbakemeldingane dei får frå besøkande, er at mange har behov for å kome seg ut.

– Eg merkar at folk ikkje har fått reist på lenge. Mange har venta på klarsignal til å ta seg ein weekendtur.

– Fantastisk

To av dei som nyt nokre dagar i bubil er Kjell Magne Maridal og Gunn Kongshaug Maridal.

Camping i Lodalen

NYT CAMPINGLIVET: Kjell Magne Maridal og Gunn Kongshaug Maridal køyrde fem timar i bil for å oppleve campinglivet denne helga.

Foto: Ole Andre Rekkedal / NRK

Dei reiste heilt frå Kristiansund til Lodalen i Stryn for å få nokre dagar heimanfrå. Ein avstand på over 220 kilometer og rundt fem timars køyring.

I staden for å dra på besøk til andre bubilar, møtest dei utanfor for å spele countrymusikk - med god avstand.

– Berre sjå på den utsikta og plassen her. Det er heilt fantastisk.