Hopp til innhold

Rush av bubilar – måtte avvise fleire

– Vi fekk nesten sjokk. Dette var omtrent som ein dag midt på sommaren, seier campingplasseigar.

Sande Camping i Lodalen.

FULLT HUS: Slik såg det ut på Sande Camping i Lodalen i helga.

Foto: Privat

Godvêr, helg og litt lempelegare råd om fritidsreiser frå helsestyresmaktene. Det var tydelegvis oppskrifta som fekk fart i bubilturistane.

– Vi hadde venta gjester, men ikkje så mykje. Men det er jo berre koseleg, seier Turid Sande Beinnes.

Saman med mannen driv ho Sande Camping i Lodalen i Stryn. Dei sesongopna plassen denne helga.

Magne Beinnes og Turid Sande Beinnes

TURISTVERTAR: Magne Beinnes og Turid Sande Beinnes har fullbooka camping også komande helg.

Foto: Silje Guddal / NRK

– Vi fekk nesten sjokk

Den spektakulære naturen har gjort dalen til eit populært reisemål blant turistar frå heile verda. Men i helga var det mest godt vaksne bubilturistar frå Møre og Romsdal som kom på besøk.

– Vi fekk nesten sjokk. Dette var omtrent som ein dag midt på sommaren. Vi måtte sende frå oss bilar då det vart fullt. Og vi er alt fullbooka neste helg, seier Beinnes.

50 bubilar stod parkert på campingplassen i løpet av helga.

– Dette er jo ein type turistar som normalt veldig klare til å køyre på tur så fort forholda er der, forklarar campingplasseigaren.

– Må berge oss sjølve

Ho er svært usikker på om pangstarten er eit teikn på at sesongen likevel kan verte god, sjølv utan dei utanlandske turistane.

– Men vi vart jo litt optimistar då, humrar ho.

Også Beinnes peikar på at turistbedrifter som berre held ope i deler av sesongen fell utanfor kompensasjonsordningane til staten.

– Det ser ut som om vi må berge oss sjølve, seier ho.

Fornøgde i Sogndal

Litt lenger sør i Sogn og Fjordane, på Kjørnes Camping i Sogndal, var det også mange som tok turen opningshelga. Her hadde dei kring 30 bubilar kvar natt.

– Det var god pågang. Vi er fornøgde, seier Eli Helga Grimsen.

Fullt hus i Kabelvåg

Også hjå Kabelvåg feriehus og camping i Lofoten var det fullt hus denne helga.

– Det var ikkje eitt ledig straumuttak. Vi hadde 73 bilar her og måtte avvise nokre gjester, seier eigar Kjell Normann.

Men ingen kom med telt denne helga.

– Det var ein teltar som ringde, men han orka ikkje å grave seg ned. Vi har førebels ein halvmeter snø på teltplassen.

Kjell Normann, Kabelvåg feriehus og camping

SOMMARTILSTANDAR: Mellom snødekte teltplassar var det stappfullt av bubilar hjå Kjell Normann ved Kabelvåg feriehus og camping.

Foto: Privat

Trur på folkevandring

Alle helgegjestene var frå regionen: Lofoten, Vesterålen, Andenes og Harstad.

Normann reknar med at mange nordlendingar tar ferien i Sør-Noreg i år, og han ønskjer søringane hjarteleg velkomne nordover.

– Eg trur det blir folkevandring begge retningar.

Kosar seg rundt bålpanna

Og med få eller ingen utlendingar, seier han det blir ein spennande og annleis sommar.

– Stemninga blir ei anna enn vanleg. Utlendingane sit inne og legg seg tidleg. Nordmenn likar å sitje ute og kose seg rundt ei bålpanne, gjerne i bobledress og tre lag ull.

– Så då var det stor smittefare hjå deg i helga?

– Eg er ein brumlebass og kjenner gjestene godt, så dei fekk klar beskjed om å følgja reglane om avstand og maksimalt fem i gruppe.

Pølser og ein tynn ein

– Vi tek det heilt piano og opna forsiktig no i helga, seier Arild Rønning på Sildpollnes sjøcamp aust for Svolvær.

Med berre fem bubilar der det er plass til opp mot 70, var det god avstand mellom gjestene.

– Dette var lokale folk som tok turen for å grille pølser og ta seg ein tynn ein i lag, seier Rønning, som trur sommaren blir roleg med lite turistar i heile Lofoten.

Lodalen

POPULÆRT REISEMÅL: Dette er naturen bubilturistane jaktar i Lodalen i Stryn. Arkivfoto.

Foto: Erik Per.W Hermansson