Hopp til innhold

Nær tusen personar synte si støtte til Høyanger vidaregåande skule

Mellom 800 og 1000 personar stilte opp til fakkeltog og folkemøte for Høyanger vidaregåande skule torsdag kveld.

Created by InfoDispatcher

I TOG: Nær tusen personar hadde teke turen for å syne si støtte. Foto/redigering: Lars Jonas Pedersen

– Eg var overraska over at det kom så mange. Eg håpte på 300-500, seier ein nesten rørt Høyanger-ordførar Petter Sortland.

Men både folk i Høyanger og omland visste å syne kva dei meiner om planane om å leggje ned Høyanger vidaregåande skule.

– Vi hadde kjøpt 400 faklar, og så oppjusterte vi til 600 sidan nokon av dei skulle brukast til noko anna seinare. Men jammen meg gjekk vi heilt tomme, seier Sortland.

Folkemøtet vart halde i Høyanger samfunnshus, som følgjeleg ikkje hadde plass til alle.

– Det var heilt fullt overalt. I tillegg synte vi på storskjerm fleire stadar det som skjedde på scena for at flest mogleg skulle få det med seg, seier Sortland.

(Artikkelen held fram under biletet)

Fakkeltog i Høyanger

TROPPA OPP: Ordførar Petter Sortland var rørt over at så mange som 1000 stilte opp for skulen.

Foto: Lars Jonas Pedersen (lars@gang.n

Elevtalet går ned i heile fylket

Bakgrunnen for fakkeltoget er arbeidet med skulebruksplanen for vidaregåande opplæring i Sogn og Fjordane. Elevtalet i den vidaregåande skulen er venta å gå kraftig ned dei kommande åra.

I perioden 2012 til 2016 er det venta ein nedgang på 200–300 elevar. Fram til 2024 er nedgongen venta å vere mellom 400 og 600 elevar.

Fylkeskommunen ventar å få mellom 45 og 90 millionar kroner mindre til vidaregåande opplæring fram til 2024.

I ein skulerapport frå Norconsult er Høyanger vidaregåande skule føreslegen nedlagd i alle alternativa som vert presentert.

(Artikkelen held fram under biletet)

Plakat

KLAR TALE: Fleire synte tydeleg kva dei meinte om Norconsult-rapporten.

Foto: Lars Jonas Pedersen (lars@gang.n

Er budd for kamp

Men Høyanger-ordførar Petter Sortland understrekar at kampen lang frå er over.

– Denne kampen skal vi vinne, seier Sortland.

Under torsdagens markering var fleire på talarstolen for å syne kva ei nedlegging vil bety for dei som bur og soknar til Høyanger.

Mellom anna snakka ein vidaregåande elev om korleis skuleåret hans vart fullstendig øydelagt då han ikkje kom inn på førstevalet sitt i Høyanger, men måtte pendle med buss til Førde.

– Vi bur 65 kilometer frå Førde, det betyr halvannan time i buss for elevane våre. Det er altfor langt og heilt uansvarleg. Denne eleven fortalde korleis han fall ut av både miljøet heime og at han ikkje kom seg inn i noko miljø i Førde. Til slutt vart heile skuleåret øydelagt, seier Sortland.

(Artikkelen held fram under biletet)

Gjekk tom

IKKJE NOK: Trass i at det var bestilt inn 600 faklar, gjekk dei til slutt tomme.

Foto: Lars Jonas Pedersen (lars@gang.n

Mangla berre eitt parti

Det var Høyanger kommune som stod bak folkemøtet, og representantar frå alle dei politiske partia var inviterte og stilte.

– Berre Venstre mangla, men dei hadde gyldig forfall, seier Sortland.

Både bedrifter, LO, uroa foreldre og ungdommar var å sjå.

– Cecilie Njøs, som har skrive master om konsekvensane av å miste skulen i eit lokalsamfunn, var også til stades, seier Sortland.

I masteroppgåva si har ho analysert fem lokalsamfunn i fylket og kva konsekvensar det får i lokalsamfunnet dersom ein legg ned ein vidaregåande skule. Ho har sett på lokalsamfunna i tilknyting til Dale, Eid, Høyanger, Luster og Stryn vidaregåande skular.

– Eg trur alle som var der vart både rørte og berørte av engasjementet som vart synt. Hadde eg ikkje trudd dette hjelpte, så hadde eg ikkje gjort det. Politikk er kjensler, medan Norconsult sin rapport er ein bedriftsøkonomisk modell, seier Sortland.