Hopp til innhold

Samarbeid kan berge skulane

Eit sterkt samarbeid mellom vertskommunane og fylkeskommunen kan berge dei vidaregåande skulane, meiner ordførar Petter Sortland i Høyanger.

Petter Sortland

TRUR SAMARBEID KAN BERGE SKULAR: Ordførar Petter Sortland.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

– Eg er heilt overtydd om at vi skal berge skulen. Noko anna ville vere ei fallitterklæring.

Høyanger jobbar med ein utvida modell der kommunen og fylkeskommunen samarbeider om lærekrefter og kostnadar ved skuledrift. Det må dei andre kommunane lære av, meiner Sortland.

Ordføraren i Høyanger har altså håp om at eit slikt samarbeid kan berge Høyanger vidaregåande skule, men faktum er framleis at sju av dei vidaregåande skulane i Sogn og Fjordane er truga av nedlegging.

Og alle dei tre modellane til Norconsult har framlegg om å legge ned skulen i Høyanger. Men samstundes har skulen og kommunen altså jobba for å få til ei ny form for samarbeid som kan få ned kostnadene.

– Berginga for alle skulane

Petter Sortland (Ap) trur eit slikt samarbeid er redninga for alle dei vidaregåande skulane i fylket.

– I staden for å gå direkte på skulestrukturen burde fylkeskommunen ha invitert alle dei 12 vertskommunane til å tenke i same bane som vi gjer no.

Høyanger vidaregåande skule

SAMARBEID MED KOMMUNEN: Høyanger vidaregåande skule.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

– Kan spare to til tre millionar

Konkret går modellen, som det også vart jobba med før skulerapporten vart lagd fram, ut på eit samarbeid mellom grunnskulane i Høyanger og Høyanger vidaregåande skule om bygningar, drift, personale, IKT, bibliotek og støttefunksjonar.

– Dette gjer vi for å sjå på eit 1-13-løp i kommunen, og for å få ut synergieffektar som auka kvalitet på tenestene og som gjer det billegare å drive både grunnskulane i Høyanger og den vidaregåande skulen.

Sortland trur innsparingspotensialet for Høyanger vgs ligg på minst to til tre millionar kroner, og han seier også kommunen kan bidra vidare økonomisk til å berge skulen. Han meiner at dette også sikrar lærarkompetanse i bygda.

– Eg torer iallfall ikkje stå framfor ein motivert lærarstab på rundt 140 lærarar og snakke om at skulane i Høyanger er for små og har for lite fagmiljø. Då trur eg at eg hadde blitt bua ganske kraftig ut.

Norvall Nøringset

SKEPTISK: Norvall Nøringset.

Foto: Vegar Erstad / NRK

Men Nøringset er skeptisk

Men ein av dei viktigaste skulepolitikarane i fylket er meir skeptisk. Leiar i hovudutval for opplæring, Norvall Nøringset (SV), vil ikkje utan vidare gå god for at samarbeid mellom dei ulike nivåa er løysinga. Han er meir interessert i samarbeid dei vidaregåande skulane i mellom.

– Eg vil gjerne understreke at dei vidaregåande skulane er eit fylkeskommunalt ansvar, så eg vil heller snakke om at dei vidaregåande skulane kan samarbeide på ulike måtar også i framtida. I den grad vi kan bruke eksisterande lokalitetar i ulike kommunar i den same skulemodellen, så skal eg gjerne vere med og sjå på løysingar.

Men i Høyanger seier Petter Sortland at ein må tenke nytt om vidaregåande opplæring, og han vil at resten av fylket skal gjere det same.

– I Europa er det heilt normalt å ha eit 1-13-løp i skulen. Det er berre her i Norge at det er eit stort skilje mellom grunnskulen og den vidaregåande skulen. Eg trur at når folk får summa seg litt så vil dei finne ut at 13 vidaregåande skular i 12 kommunar i fylket er eit fantastisk flott distriktspolitisk verkemiddel.