Hopp til innhold

Sp: - Nedlegging tvingar seg fram

Sogn og Fjordane er det fylket i landet med færrast elevar per vidaregåande skule. Senterpartitoppen Jenny Følling slår no fast at politikarane ikkje kjem utanom å kutte i talet på skular.

Jenny Følling, fylkesvaraordførar

TVINGAR SEG FRAM: Jenny Følling ser ikkje noko anna løysing enn at skular må bli lagde ned som følgje av utfordringane med økonomi og synkande elevtal.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Debatten om den framtidige skulestrukturen i Sogn og Fjordane rasar no for fullt. Elevtalet går ned, og fylkespolitikarane får mindre pengar å bruke på den vidaregåande skulen. Dermed må dei ta grep.

Med 320 elevar per skule er Sogn og Fjordane allereie det fylket med færrast elevar per skule, og no vil talet på elevar altså gå ytterlegare ned.

Det er føreslått tre modellar til skulekutt, og allereie før ein har byrja sjå på konsekvensane av kutta seier fylkesvaraordføraren Jenny Følling at skular må vekk.

– Dagens skulestruktur vil ikkje kunne gjennomførast innanfor dei økonomiske rammene vi får til å drive skulane.

– Vi vil heller ikkje kunne halde oppe den faglege kvaliteten, seier Følling.

Mellom tre og sju skular kan forsvinne

Det er i dag 13 vidaregåande skular i Sogn og Fjordane. Men dei komande åra vil elevtalet gå kraftig ned, og i perioden fram til 2024 er det venta at nedgongen vil vere mellom 400 og 600 elevar.

Samtidig får fylkeskommunen mellom 45 og 90 millionar kroner mindre til vidaregåande opplæring fram til 2024. Strukturelle grep må dermed gjerast. For å få ei handsrekking i arbeidet med å leggje om strukturen har politikarane fått hjelp frå konsulentselskapet Norconsult.

For nokre veker sidan la dei fram tre modellar til skulekutt, der mellom tre og sju skular blir føreslått nedlagde.

– Nedlegging tvingar seg fram

Senterpartiet er tradisjonelt den sterkaste forkjemparen for ein mest mogleg desentralisert skulestruktur, men i dette tilfellet tvingar skulenedlegginga seg fram, meiner Følling.

– Viss ein får så små skular at ein enkelte år vil kunne ha ein VK1 og VK2 klasse i eit fag, og andre år ikkje, så vil dei faglege miljøa smuldre opp.

– Ein vil heller ikkje kunne gje elevane i den vidaregåande skulen god nok kvalitet på utdanninga. Det er det som må stå i høgsetet, seier Følling til NRK.no.

I går gjekk Følling ut saman med fylkesleiaren i Arbeidarpartiet og sa at dei ikkje ville greie ut den mest kontroversielle av modellane for skulekutt. Modellen som føreslår å leggje ned sju skular vil berre skape støy og bråk, meiner dei to.

Har opplevd det same – støttar kutt

Elisabeth Aspaker

GJORDE DET SAME: Elisabeth Aspaker seier politikarane i Troms har gått gjennom same prosessen, og støttar Følling i at skulekutt blir nødvendig.

Foto: CF-Wesenberg + 47 900 25 255

Medan Sogn og Fjordane altså har 320 elevar per skule, har Finnmark 375 elevar, Troms 500, Nordland 540, Hordaland 390 og Møre og Romsdal 450 elevar per skule.

Landsgjennomsnittet er 520 elevar per skule.

Høgre si skulepolitiske talskvinne på Stortinget, Elisabeth Aspaker, er heilt samd med Følling i at skulestrukturen i fylket må slankast. Ho har erfaring frå sitt eige heimfylke, Troms, der politikarane har måtte gjere liknande grep.

– Ein kjem til eit punkt der ein må tenkje gjennom om elevtalet på skulane kan bli så lågt at det er til hinder for stor nok breidde i det fagtilbodet som elevane kan velje mellom, seier Aspaker og legg til:

– Skulane kan bli så små at det går ut over dei fagmiljøa ein må ha.