Hopp til innhold

Statoil får kraftig refs etter giftig gasslekkasje

Tilfeldigheitane rådde då fem personar hamna i livsfare på Stureterminalen. Petroleumstilsynet slaktar Statoil si styring og beredskap under den alvorlege ulukka.

Reaktoren som var involvert gassulykke Stureterminalen

GIFTIG GASS: Det var på taket av denne reaktoren at fem personar vart eksponert for den giftige gassen hydrogensulfid. Fleire svima av på taket og var lenge medvitslause.

Foto: Tor Høvik / Bergens Tidende

To operatørar, ein lærling og to skuleelevar på utplassering vart i oktober i fjor eksponert for den giftige gassen hydrogensulfid på Stureterminalen i Øygarden i Hordaland.

Fleire av dei svima av og var lenge medvitslause. Alle fem vart sendt til sjukehus. Ein av skuleelevane, ein 17 år gamal gut, hadde kritiske skader.

Til slutt gjekk det bra med alle, men Petroleumstilsynet har funne fleire alvorlege brot på regelverket på Statoil sitt reinseanlegg.

Slik summerer dei den alvorlege ulukka i ein fersk granskingsrapport:

  • Manglande styring av aktivitetar, ressursar, prosessar og kompetanse
  • Mangelfull bemanning og kompetanse ved oppstart av skiftet
  • Mangelfull overføring av informasjon ved skiftbytte
  • Mangelfull leiing av beredskapsinnsats
  • Mangelfull trening i bruk av beredskapsutstyr
  • Manglande plan for redning av personell i høgda
  • Radiokommunikasjon fungerte ikkje
Stureterminalen i Øygarden i Hordaland

ULUKKE: Stureterminalen i Øygarden i Hordaland.

Foto: Øyvind Hagen / Statoil

Tilfeldig at det ikkje gjekk liv tapt

Petroleumstilsynet varslar no fleire pålegg mot Statoil, ein av dei strengaste reaksjonane tilsynet kan gi.

– Ulukka kunne fått eit tragisk utfall. Granskinga har vist fleire alvorlege manglar og dette må Statoil rydda opp for å hindra at noko liknande skjer igjen, seier pressekontakt Eileen Brundtland i Ptil.

Ho seier det var tilfelle som gjorde at det ikkje gjekk heilt gale på Stureterminalen i oktober.

– Beredskapen fungerte ikkje. Det var tilfelle og innsatsen til dei involverte som gjorde at det gjekk bra. Verken planar, rutinar eller utstyr fungerte, det ser vi fleire eksempel på, seier Brundtland.

Ambulanse på vei ut fra Sture-terminalen

TIL SJUKEHUS: Fem personar vart sendt til sjukehus, to av dei unge skuleelevar på utplassering.

Foto: Fayruz Sado / NRK

Loggførte ikkje gassmåling

Den alvorlege ulukka skjedde på ettermiddagen 12. oktober 2016. I ei tid hadde det vore driftsproblem med ein H2S-reaktor. Slam hadde hopa seg opp og planen var å fjerne dette ved å blåse inn trykkluft i botnen av reaktoren.

Det 14 meter høge betongtårnet vart først inspisert av dagskiftet på Sture. På toppen av reaktortårnet målte dei svært høge verdiar av hydrogensulfid. Men denne informasjonen nådde aldri ettermiddagsskiftet på grunn av manglande loggføring.

«På generelt grunnlag ble det fortalt at man ikke alltid var så nøye med å fylle ut skiftloggen», har Petroleumstilsynet notert seg i rapporten.

Fem personer har pustet inn giftig gass på Stureterminalen.

KRITIKK: Petroleumstilsynet har funne fleire alvorlege brot på regelverket i forbindelse med gasslekkasjen på Stureterminalen i oktober i fjor.

Foto: Marit Hommedal / NTB scanpix

Tek sjølvkritikk

I si eiga gransking av ulukka innrømmer Statoil at tilfeldigheitane rådde då fem personar hamna i livsfare på arbeid:

  • Blant anna risikerte ein operatør sin eigen tryggleik då han vart igjen på toppen av reaktortårnet for å gi livreddande førstehjelp til ein av skuleelevane.
  • Tilfeldigvis låg det eit tau på toppen som vart nytta til å sikra eleven med.
  • Samstundes med lekkasjen var det tilfeldigvis eit koordinatormøte som gjorde at Statoil hadde røykdykkar i førstelinja som kunne gi oksygen til dei skadde.

Pressetalsperson Elin Isaksen seier Statoil har skjerpa rutinane og beredskapen etter lekkasjen.

– Dette var ei veldig alvorleg hending og slik skal det ikkje vera. Etter vår eiga gransking har vi mellom anna innført berbare gassdetektorar og vi har betra risikoforståinga. Vi vil gå grundig gjennom rapporten frå Petroleumstilsynet.

Statoil har frist til 1. juni 2017 med å innfri pålegga frå Petroleumstilsynet.