Hopp til innhold

Ordførar-opprør etter milliard-kutt til kraftkommunane

Høge straumprisar gjer at staten kuttar 2,2 milliardar i overføringar til kraftkommunane. Rasande ordførarar krev svar frå kommunalministeren.

Kraftverk

EITTÅRIG TREKK: Stortinget har vedteke at kommunar og fylkeskommunar med høge inntekter frå konsesjonskraft skal få eit eittårig trekk i rammetilskotet. No er fordelinga av trekket fastsett.

Foto: Knut Slettemo / SCANPIX

To dagar før julaftan vedtok Stortinget at kommunar og fylkeskommunar med inntekter frå konsesjonskraft i område med høge straumprisar får eit eittårig trekk i rammetilskotet på til saman 3 milliardar kroner i 2023.

Det er rett og rimeleg at desse gir noko av meirinntektene tilbake til fellesskapet, forklarte kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik (Sp).

Inntektene til kraftkommunane var 4 milliardar i 2021. Til samanlikning viser berekningar at dei ligg an til 13 milliardar i 2022 og 11 milliardar i år.

Like fullt reagerer fleire kraftkommunar med harme på justeringa.

Nokon har røykt sokkane sine

– Korleis dette er rekna ut veit eg ikkje, men her er noko riv ruskande gale, seier ordførar i Voss herad, Hans Erik Ringkjøb (Ap).

Roy Egil Stadheim (Ap) er ordførar i Vik kommune, som neste år får halvert rammetilskotet sitt (frå 118 til 69 millionar kroner).

Her trur eg nokon har røykt sokkane sine på julebordet inne i Oslo, seier han til Sogn Avis.

Han viser til at kommunar som deler ut krafta til sine eigne innbyggjarar i staden for å selje ho, ikkje får nedtrekk.

NRK har vore i kontakt med ordførarar i eit titals typiske «kraftkommunar».

Eg er samd med Roy Egil, men ville ordlagt meg litt annleis, seier ordførar i Kvinnherad, Hilde Enstad (Ap).

Ordførar i Masfjorden kommune, Karstein Jon Totland (H), meiner kollegaen i Sogn ikkje tek hardt nok i:

Eg forstår kva Roy Egil seier. Men her har politikarane i Oslo røykt meir enn berre sokkane sine, seier han.

Kommunalminister Sigbjørn Gjelsvik (Sp)

– Det er rett og rimeleg at kraftkommunane gir noko av meirinntektene tilbake til fellesskapet, seier kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik (Sp).

Foto: Tom Balgaard / NRK

Departementet må klargjere korleis dei har komme fram til tala

KS-direktør Helge Eide seier han har «registrert til dels kraftige reaksjonar» ute i Kommune-Noreg og spør seg om grunnlaget for trekk er godt nok forma ut.

Det viktigaste no er at departementet klargjer korleis dei har komme fram til fordelingstala, seier han.

Frå Landssamanslutninga av Vasskraftkommunar (LVK) heiter det at omfordelinga «rører ved eit viktig grunnprinsipp – nemleg at dei som ofrar naturressursar skal få igjen for det, både i gode og vonde dagar».

– Det ser ut som at nokre kommunar får eit urimeleg høgt trekk i forhold til dei reelle inntektene, seier LVK-leiar Jon Rolf Næss.

I Lærdal ligg kommunen an til å miste heile rammetilskotet på 92 millionar. Det er nesten ein tredel av det samla budsjettet til kommunen (300 millionar kroner).

Vi er uforståande til utrekninga, og jobbar med å få klarleik i kva som har skjedd, seier Lærdal-ordførar Audun Mo (Ap).

Les også Reagerer på milliardkutt – meiner regjeringa brukar kraftkommunar som mjølkeku

Zakariasdammen er en demning som demmer opp Zakariasvatnet i Tafjord Møre og Romsdal. Overløp juli 2022

Han presiserer at det på generelt grunnlag er «god politikk å ta frå dei rike og gje til dei som slit», men at all omfordeling må vere rimeleg.

Eit eittårig trekk er greitt så lenge det er rettferdig berekna. Men vi kjem vesentleg dårlegare ut enn om vi ikkje hadde hatt kraft. Og slik kan det jo ikkje vere.

Røldal i Ullensvang kommune

I fyrste halvdel av 2022 hadde Ullensvang kommune 104 millionar kroner i inntekter frå konsesjonskraft.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

Kommunane kan ta kontakt med departementet

Ap-leiinga ved Jonas Gahr Støre og Kjersti Stenseng har varsla at dei vil møte ordførarane 16. januar.

Fylkesordførarar i Vestland, Jon Askeland (Sp), oppmodar departementet til å ta eit tilsvarande møte (sjå under).

Måndag kveld seier kommunalminister Sigbjørn Gjelsvik til NRK at «kommunar som har spørsmål om berekningane, kan ta kontakt» (sjå under).

Stortinget skal vedta eit nytt system for inntektsfordeling i løpet av 2023.

Det regjeringsoppnemnde Inntektssystemutvalet foreslo i august at kraftkommunar skal dele 10 prosent av inntektene med andre kommunar.

Allereie dagen etter varsla Heidi Greni, kommunalpolitisk talsperson for Senterpartiet, at forslaget var for dødt å rekne.

Ingenting av dette vil skje med Senterpartiet i regjering, sa ho.

Også tidlegare forsøk på å omfordele norske kraft-milliardar har stranda. I 2020 snudde Solberg-regjeringa etter store protestar.

Høyspentlinje med markører

I rekordåret 2022 hadde Vestland fylke 287 millionar kroner i kraftinntekter. Prognosen for 2023 er 427 millionar kroner.

Eit brot med samfunnskontrakten mellom kommune og stat

I Hurdalsplattforma seier regjeringa at lokalsamfunn som stiller naturressursar til disposisjon skal få meir igjen for det.

Det er viktig å vere klar over at inntektene til kraftkommunane er ein kompensasjon frå storsamfunnet for øydelagd natur. Å tukle med dette instituttet er det same som å bryte ein samfunnskontrakt mellom kommune og stat, seier Petter Sortland (Ap), som er ordførar i Høyanger.

Les også Freistande vindkraft-planar set ordføraren i «ein helvetes spagat»

Høyanger

Han karakteriserer nedtrekket til sin eigen kommune som «trasig», og legg til at avkortinga bør gjelde alle kommunar med kraftinntekter, ikkje berre kommunane i prisområda NO1, NO2 og NO5 (grovt sett: Noreg sør for Dovre).

Eg synest og det er rart. Det kan umogleg vere formålet med ordninga. Her burde alle kommunar med kraftinntekter bidra, så hadde nedtrekket vore mindre for alle.