Hopp til innhold

Staten seier nei til «strikking og drikking»

Møtet mellom det norske alkoholreklameforbodet og sosiale medium skaper stadige gnissingar. I Florø tek dei det med eit smil.

STRIKK OG DRIKK

STRIKK OG DRIKK: Her er Marion Svarstad i sving med strikkepinnane under eit strikk og drikk-arrangement i 2018.

Foto: Tarjei Langeland

Innstrammingar i alkohollova gjer at baren Vesle Kinn i Florø ikkje lenger får bruke namnet «Strikk & Drikk» i sosiale medium.

Det må vi sjølvsagt respektere, skriv dei.

Handarbeidskveldane, der gjestene drikk og strikkar og heklar og broderer om kvarandre, har vore eit kjært innslag i byen i fleire år, men no er det slutt.

Med mindre dei kjem opp med eit nytt og meir ufarleg namn. Det skriv Firdaposten.

I ein stor namnedugnad har florøværingane derfor komme opp med nye forslag til kva arrangementet kan heite og profilere seg som, om styresmaktene tillèt det:

  • «Møte for stoffavhengige»
  • «Strikktease»
  • «Ein pinne for Kinn»
  • «Strikk, nyt og tyt»
  • «Stett og spøt» (spøt er eit anna ord for strikking)
  • «Nøste for dei tørste»
  • «Mask & mesk»

Strikk og drikk er også namnet på liknande konsept andre stadar i landet, på interessegruppa for strikkeglade ved NTNU, og på ein strikkefestival i Stavanger.

Vesle Kinn

Ann-Magritt Banne er blant initiatvtakarane til Strikk og drikk.

Foto: Oddmund Haugen

Som fanden tolkar bibelen

Skjerpinga av alkoholreklameforbodet har den siste tida skapt gnissingar mellom dei som handhevar lova og dei som meiner at skjenkjekontrollørane er for nitide.

Kontrollørane tolkar alkohollova som fanden tolkar bibelen, seier stortingsrepresentant Helge-André Njåstad (Frp).

Les også Brøt loven da de reklamerte for «pølser, pils og politikk» til ordførerdebatt

Bådin sitt ølutsalg i Bodø

Reklameforbodet mot alkohol er nedfelt i alkohollova, som seier nei til alle bilete og illustrasjonar av alkohol, under dette «alkoholrelaterte emojiar».

Helsedirektoratet har vidare presisert at hint og vink til alkohol – som «doggfrisk drikke» eller «noko godt i glaset» – heller ikkje er tillaten.

Fleire av forslaga i Florø er såleis litt på kanten.

«Eg skjønar at vi ikkje skal reklamera for alkohol, men at vi ikkje kan bruka ein emoji i ein tekst, nei, det begrip eg ikkje», seier ein bar-eigar i Rosendal, som i januar fekk påtale for å bruke 🍹-emoji (ein oransje drink med sugerøyr og lime) i ein facebook-status.

I Tønsberg var biletet av ei grøn flaske starten på ein omstendeleg saksgang som kulminerte i politisk oppvask – og heilomvending.

«Vi vurderer at emojien hovudsakleg inngår som eit fest-element, utan at dette her nødvendigvis gir signal om marknadsføring av alkoholhaldig drikk, heller ikkje gir emojien i seg sjølv ein klar assosiasjon til alkoholhaldig drikk», konkluderte kommunedirektøren.

Jonas Gahr Støre

I rolla som helseminister tok Jonas Gahr Støre eit oppgjer med norsk drikkekultur, som han omtalte som «elefanten i rommet».

Foto: Ole Berg-Rusten / NTB

Ønskte færre vinomtalar i norske aviser

Andre forsøk på å skjerpe reklameforbodet har ikkje fått gehør.

I 2015 foreslo stortingsrepresentantar frå Kristeleg Folkeparti og Senterpartiet at regjeringa skulle «fremje forslag til tiltak som avgrensar forbruksdrivande produktinformasjon om alkohol».

Eller på godt norsk: Dei ønskte færre vinomtalar i norske aviser.

Les også Politikarar vil ha nye reglar for vinomtale

Vin.

Jonas Gahr Støre tok same år eit oppgjer med norsk drikkekultur, som han omtalte som «elefanten i rommet».

Han forklarte at han tidlegare assosierte alkohol med å ta eit glas vin på terrassen, men at han i rolla som helseminister hadde vorte meir merksam på nedsida og hadde respondert med å bli delvis fråhaldsmann.

I Hurdalsplattforma skriv Støre-regjeringa at dei ønskjer å føre vidare ein restriktiv alkoholpolitikk.

muntlig spørretime

– Kontrollørane tolkar alkohollova som fanden tolkar bibelen, seier stortingsrepresentant Helge-André Njåstad (Frp).

Foto: Terje Pedersen / NTB

Privatpersonar kan fritt tagge alkoholprodusentar

På Stortinget har representantane Sveinung Rotevatn (V) og Roy Steffensen (Frp) stilt spørsmål til Helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol (Ap) der dei spør om ho er samd i den lovtolkinga som Helsedirektoratet praktiserer.

Til svar skriv ministeren at det er eit mål å «halde oppe ei forståing i befolkninga om at alkoholhaldige drikkevarer er annleis enn vanlege daglegvarer» og at det er «særleg problematisk dersom barn og unge blir utsett for alkoholpositiv omtale og eksponering».

Ho skriv vidare at det har «danna seg ei feilaktig oppfatning» om kor strengt reklameforbodet er.

Mener du reklameforbudet er for strengt?

Det er ikkje i strid med reklameforbodet at privatpersonar legg ut bilete av eller merkar eit produkt til dømes på Instagram, skriv ho.

Helsedirektoratet har komme med ei tilsvarande presisering på sine eigne nettsider: «Privatpersonar kan fritt omtale og tagge alkoholprodusentar i sosiale medium.»

Til sist skriv statsråden at det norske reklameforbodet er for eit adelsmerke å rekne:

Fleire land opplever utfordringar med alkoholreklame på sosiale medium, og dei ser derfor til Noregs lovgiving innan området. Det blir rekna som ein styrke at lovgivinga vår også dekkjer sosiale medium.

Ingvild Kjerkol på Stortingets talerstol

– Det er eit mål å «halde oppe ei forståing i befolkninga om at alkoholhaldige drikkevarer er annleis enn vanlege daglegvarer, seier Helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol (Ap).

Foto: Heiko Junge / NTB