Hopp til innhold

Staten mjukar opp reglar for å få fleire fastlegar

Helsedepartementet opnar for at legar som ikkje er spesialistar i allmennmedisin kan vikariere som fastlegar.

Høyanger kommune

HØYANGER: – Dette løyser eit akutt problem her og no, men ikkje det underliggande problemet, seier kommuneoverlegen i Høyanger.

Foto: Visit Norway

For å sikre nok leger i kommunane vel regjeringa å fire på kompetansekravet for fastlegar.

Det melder departementet på nettsidene sine.

– For at kommunane lettare skal kunne sikre forsvarleg legebemanning gir vi unntak for enkelte kompetansekrav ut 2023, seier helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol (Ap).

I praksis betyr endringa at kommunane no kan nytte «EØS-legar» som ikkje har fullført norsk turnusteneste (LIS1, sjå faktaboks).

I alt er det 175.000 nordmenn som manglar fastlege, og halvparten av kommunane seier dei har store utfordringar med å skaffe nok helsepersonell.

Ingvild Kjerkhol

– For å sikre forsvarleg legebemanning gir vi unntak for enkelte kompetansekrav ut 2023, seier helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol (Ap).

Foto: Even Bjøringsøy Johnsen / NRK

Litt som å tisse i buksene

Den nye forskrifta presiserer at kommunane berre kan nytte seg av unntaka når det er nødvendig for å «sikre tilstrekkeleg allmennlegekompetanse».

Eit tilsvarande unntak vart første gong innført på grunn av legemangel under pandemien, og sidan forlenga for å møte flyktningstraumen frå Ukraina.

No er ordninga utvida til og med 31. desember 2023.

Dette er fint og flott, og løyser eit akutt problem her og no, seier Kristine Brix Longfellow, som er kommuneoverlege i Høyanger.

Ho legg til at regjeringa «må ta tak i det underliggande problemet»:

Det at danske og andre utanlandske legar må ta om att heile norske LIS1 for å starte spesialisering.

NRK har tidlegare fortalt om fleire danske legar som kjem i skvis på grunn av eit omstridd turnuskrav frå 2019.

Dette er eit steg mot ein løysing, men også litt som å tisse i buksene for at halde varmen. Helst kjem det på plass ei permanent løysing, seier Andreas Stoklund Riis, som er dansk og har flytta fram og tilbake mellom Danmark og Kragerø fleire gonger på grunn av turnuskravet.

Regelendringa seier at den som er utdanna i utlandet og vil starte som lege i spesialisering, først må gjennomføre norsk turnus.

Andreas Stoklund Riis

Andreas Stoklund Riis har flytta tilbake til Danmark som følgje av regelendringa frå 2019. – Vi ville helst bli verande i Kragerø, seier han.

Foto: Privat

Turnuskrav for å heve kompetansen

For den danske småbarnsmora Annika Dyrkjær, som jobbar som lege i Luster i Sogn, gjer kravet at ho i praksis må bu ein annan stad enn familien i 18 månader.

Det er ein pris ho ikkje vil betale.

– Eg saknar framleis at det blir gjort forskjell på legar som har fullført ein teneste som svarar til LIS1 i utlandet og legar som kjem rett frå studiet utan klinisk teneste, seier ho til NRK.

Turnuskravet er motivert av eit ønske om å heve kompetansen blant legar i spesialisering «sidan kommunane må yte meir komplekse helsetenester».

Men motstanden er stor, og blant legar i førstelinja vert det hevda at «vi har ikkje råd til å stille slike formalkrav» og at «det beste vert det godets fiende».

Familiebilete med Andreas og Annika Dyrkjær, legeektepar i Luster.

– Det er fint at de kallar ordninga for det ho er og ikkje forklarer det med covid eller flyktningar frå Ukraina, seier Annika Dyrkjær, som risikerer å måtte flytte frå Luster kommune.

Foto: Privat

Neste halvparten av legane er utdanna i utlandet

I alt er det 28.659 yrkesaktive legar i Noreg under 70 år (per 20. april 2020). Nesten halvparten av desse (43,5 prosent) er utdanna i utlandet.

Hilde Ellingsen, ekspert i EØS-rett, har sett spørsmålsteikn ved om turnuskravet frå 2019 harmonerer med EØS-avtalen om dei fire fridomar.

– Det er dei reelle kvalifikasjonane til søkaren som skal leggjast til grunn, uavhengig av formelle merkelappar, sa ho til NRK i januar.

Også Legeforeininga meiner at «norsk-kravet» strir med EØS-avtalen.

Departementet, på si side, meiner dei har teke høgd for EØS-avtalen når dei skriv at «dette (er) ikkje eit spørsmål om godkjenning av yrkeskvalifikasjonar, men eit spørsmål om akademisk innpassing.»

Ordførar i Luster, Ivar Kvalen (Sp), gleder seg over oppmjukinga, så lenge ho varer.

– Dette er veldig bra, og nett det vi bad regjeringa og departementet om å sjå på, seier han.