Hopp til innhold

Usemje om havvind vil gje straum i Noreg innan 2030

Ei kartlegging gjort av NRK, viser at det er enorme sprik i anslaga for kor mykje havvind det er realistisk å rekne med i 2030.

Dudgeon offshore wind

STORT SPRIK: Kraftbransjen og norske politikarar har heilt ulike forventingar til kor mykje havvind Noreg har å rutte med innan 2030.

Foto: Ole Jørgen Bratland, Equinor

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Parlamentarisk leiar i Senterpartiet, Marit Arnstad, sa denne veka at ho ønsker seg ein ærlegare og «meir oppriktig» debatt om norske klimamål og kor stor del av energimiksen som skal dekkast med havvind.

«Dette er elefanten i rommet», sa Arnstad, og la til:

– Eg trur vi må ta i bruk havvind, og skal vi det, vil det vere utfordringar. Det kjem til å ta lengre tid.

Spørsmålet om havvind er viktig fordi Noreg har forplikta seg til å kutte utsleppa med 50–55 prosent innan 2030.

Ein av føresetnadene for det, meiner Stortinget, er at sokkelen vert elektrifisert. Om ikkje med landstraum, så med havvind.

Norges klimagassutslipp og klimamål målt i millioner tonn CO₂-ekvivalenter
Kilde:
Gå til NRKs Klimastatus

Men kor mykje havvind vil vere tilgjengeleg ved utgangen av 2020-talet?

NRK har vore i kontakt ein rekke aktørar i og rundt «havvind-bransjen». Konklusjonen er at anslaga på kva kraftmengder det er realistisk å rekne med i 2030 spriker stort.

– Mest sannsynleg ingenting

– Det vil i beste fall vere heilt marginale kraftvolum i produksjon i 2030, og mest sannsynleg ingenting, seier Eivind Heløe, som er direktør for fornybar energi i Energi Noreg.

Han legg til:

– Sjølv om styresmaktene effektiviserer tildelings- og konsesjonsprosessane, er det tvilsamt om noko står ferdig for produksjon i 2030.

«Per no er det ingen større havvindprosjekt som ser ut til å bli realisert før 2030», sa Ann Myhrer Østenby, seksjonssjef for ressurs og kraftproduksjon hos NVE til Klassekampen i fjor.

Ho baserte seg på NVEs kraftmarknadsanalyse frå 2020, som kom før Støre-regjeringa la fram si havvind-satsing i februar.

I andre enden av skalaen finn vi Jørn Prangerød i Fellesforbundet, som legg til grunn at havvind vil forsyne det norske straumnettet med 13–20 terawattimar (TWh) innan kalenderen viser 2030.

– Vi mistenker at det er nokre vel optimistiske anslag ute og går, svarer Sofie Marhaug i Raudt, som er 2. nestleiar i olje- og energikomiteen på Stortinget.

Frå september vil Equinor-installasjonane Snorre og Gullfaks (utanfor Florø) få straum frå Hywind Tampen. Dette er landets største, og einaste, havvindprosjekt per i dag.

Flytende havvind

NEGLISJERBART: – Det vil i beste fall berre vere helt neglisjerbare kraftvolum i produksjon i 2030, seier Eivind Heløe, som er direktør for fornybar energi i Energi Noreg.

Foto: Marin eneri testsenter

– 10–15 terawattimar? Det høyrdest mykje ut

Blant dei meir optimistiske er SV-representant Lars Haltbrekken, som føreset 10–15 TWh frå havvind innan 2030.

– 10–15 terawattimar? Det høyrdest mykje ut, seier Ola Elvestuen i Venstre.

Sjølv legg han 8–10 TWh til grunn, og at elektrifiseringa av sokkelen må supplerast med karbonfangst for å nå klimamåla. 8–10 TWh er like mykje straum som Oslo bruker i løpet av eitt år.

Til samanlikning produserte vindkraft på land 11,8 TWh i fjor. Det er 7,5 prosent av den totale norske kraftproduksjonen.

MDG lanserte i fjor eit nasjonalt mål om å bygge ut 30 gigawatt (GW) innan 2030. I praksis betyr det fire-fem nye havturbinar kvar einaste veke frå 1. januar 2022 til 1. januar 2030.

«Totalt uansvarleg», kvitterte Tina Bru (H), som den gong var energiminister.

– Eg trur i alle fall 2 GW kan vere bygd ut i 2030, og mykje meir høvesvis raskt etter dette, seier Rasmus Hansson (MDG) i dag.

I likskap med dei andre respondentane har han svart på kva han reknar med at er status i 2030, og ikkje på kva han håper på.

NRK forklarer

Hva er regjeringas satsing på havvind?

Hva er regjeringas satsing på havvind?

Hva er regjeringas satsing på havvind?

I februar ble det bestemt at Regjeringen åpner for utbygging av havvind i Nordsjøen.

Olje- og energidepartementet har sendt et forslag på høring til inndeling i utlysningsområde for både Utsira nord og Sørlige Nordsjø II.

Ved Utsira nord er det snakk om flytende havvind, mens vindturbiner i Sørlige Norsjø II vil være bunnfaste.

Hva er regjeringas satsing på havvind?

Hvor skal vindturbinene til havs stå?

Selv om området ved Sørlige Nordsjø II ligger helt på grensen mot Danmark så skal kraften bare kobles til Norge.

– Det handler om å sikre tilgang på ren og rimelig kraft. Det er situasjonen vi står i nå en påminnelse om, sa statsminister Jonas Gahr Støre (Ap), da han la frem satsingen.

Hva er regjeringas satsing på havvind?

Når skal dette stå klart?

Støre anslår at de første vindmøllene til havs vil komme på siste halvdel av 2020-tallet.

Feltene vil kunne lyses ut høsten 2022. Auksjon skal være hovedmetoden.

Hva er regjeringas satsing på havvind?

Er alle enige i at dette er en god idé?

Satsingen har møtt motbør. Opposisjonen frykter at det ikke vil være lønnsomt og at skattebetalerne må ta risikoen. Dette fordi kraften ikke kobles på et europeisk marked.

Regjeringen er dermed blitt kritisert for at satsingen er avhengig av subsidier.

Støre: – Om lag 7 TWh

I februar meldte den svenske regjeringa at ho ønskjer å bygge ut havvind tilsvarande 20–30 terawattimar. På same tid meldte Nederland at dei doblar ambisjonen for 2030.

I Hurdalsplattformen seier regjeringa at dei vil «legge til rette for ein storstilt satsing på havvind».

I februar la den same regjeringa fram «ei omfattande satsing» då dei opna to område for utbygging: Sørlege Nordsjø II og Utsira nord.

Disse feltene utenfor Norge vurderes til flytende havvind

Statsminister Jonas Gahr Støre sa i den samanheng at «første fase» av utbygginga vil gje «om lag 7 TWh i året».

Det er same energimengde som Equinor og resten av olje- og gassbransjen produserer på norsk sokkel kvar einaste dag.

Til grunn for reknestykket la Støre ein effekt på 1,5 gigawatt og ein kapasitetsfaktor på 53 prosent. Kapasitetsfaktoren eller brukstida er styrt av kor mykje det bles.

Pressekonferanse om satsing på havvind

STORSTILT: I Hurdalsplattformen seier Støre-regjeringa at dei vil «legge til rette for ein storstilt satsing på havvind».

Foto: Beate Oma Dahle / NTB

– Vanskeleg å få havvind oppe å stå innan 2030

Eit anna tal som har figurert frå offisielt hald er 4,5 gigawatt innan 2030.

Eit anslag som interesse- og bransjeorganisasjonen Norwea omtalte som altfor optimistisk før jul.

«Med det som er sagt i energimeldinga, så vil vi ikkje få havvind innan 2030», sa Norwea-direktør Åslaug Haga.

I dag uttaler prosjektleiar for kommunikasjon og samfunnskontakt i Norwea, Robert Kippe, seg litt meir håpefullt:

– Det blir vanskeleg å få havvind innan 2030. Fristen for å rekke det er i ferd med å renne ut, men det er framleis mogeleg på ein god dag og med stor politisk vilje.

Havvind til besvær

MØRKT PÅ DET: – Per no er det ingen større havvindprosjekt som ser ut til å bli realisert før 2030, sa Ann Myhrer Østenby i NVE til Klassekampen i fjor.