Kokk og utflytt seljeværing, Kristina Leknesund Myrseth, har store planar for ny turistsatsing.
– Eg vil ikkje seie så mykje om konseptet enno, men det blir kafe og restaurant. Eg vil også satse på catering, seier ho.
Det var Fjordenes Tidende som først omtalte saka. Myrseth vil satse i Selje fordi ho ville heim att.
KOKK og TURISTVERT: Kristina Leknesund Myrseth.
Foto: Privat– Eg bur i Bergen, og har budd vekke sidan ungdomsskulen. Eg har lenge hatt lyst å flytte heim og dette blei ein kjempemoglegheit.
Fått mange positive tilbakemeldingar
Vestkapp blir rekna som det vestlegaste fjellplatået i Norge og ligg på fjellet Kjerringa i Selje kommune. Platået ligg vêrhardt til og ruvar 497 meter over Stadhavet. Kvart år kjem det mange turistar hit. Såleis vert kafeen til Myrseth den vestlegaste på fastlandet.
LANDEMERKE: Verradaren på Vestkapp.
Foto: Gunnar SildenVestkapphuset blei rasert orkanen Dagmar i jula 2011. Huset er no bygd opp att, men framleis det står att litt arbeid inni. Sjølv om det er lenge sidan det var drift i huset, er ho trygg på at det vil gå bra.
– Eg har fått mange gode tilbakemeldingar frå både frå kjente og ukjente. Eg trur folk har venta på dette.
– Når opnar de dørene?
– Vi har ikkje sett dato, men siktar oss inn på mai, seier ho.
Trur ho vil lykkast
STENGT: Vestkapphuset har vore stengt i fleire år etter at Dagmar gjorde store skader på bygningen.
Foto: PrivatDet er selskapet til Oddgeir Kvernevik som eig bygget. Han og kona dreiv Vestkapphuset i ti år før Dagmar herja. No tykkjer han det er kjekt at det blir drift att.
– Eg er absolutt optimist. Vi dreiv godt då vi hadde det. Det er mykje folk som kjem hit og det handlar om å finne eit konsept som fungerer.
No er tomta ved sida av Vestkapphuset til sals. Det er Selje kommune sel den 5,6 mål store tomta med ein prislapp på 210.000 kroner.
– Vi visste ikkje heilt kva vi skulle gjere med tomta. I 2017 var det ulike personar som ville kjøpe den, så no legg vi den ut for sal, seier Selje-ordførar Svein Robert Osdal.