Hopp til innhold

25 innbyggjarar får flytte heim i Olden

Folk i Olden måtte vekk frå heimane sine då fleire elvar fløymde over. No er situasjonen under kontroll og dei evakuerte får flytte heim.

Flaum i Olden søndag 15. september 2019

GJER SKADE: Store vassmengder skapte problem like utanfor Olden sentrum.

Foto: NRK

– Klokka 19 var det heilt roleg. Klokka 21 braka det laus. Då rann det over alt, over vegar. Elvane tok nye leie og rann inn i kjellarane til folk, seier Ragnheid Åsnes.

Ho var augevitne til at fleire elvane i Olden i Nordfjord søndag kveld gjekk over sine breidder og fann nye løp. Politiet måtte evakuere folk frå fleire hus og frå campingplassar på grunn av at Oldeelva og Simaelva fløymde over.

Folk som bur i Olden fortel at dei aldri har opplevd så mykje vatn, som det som kom søndag kveld.

– Det kom store steinar nedover med elva. Dei måtte bruke traktor for å brøyte vegen slik at bilane kunne kome forbi, fortel Åsnes.

To born blant dei evakuerte

Totalt 25 personar er evakuerte. Området dei er evakuerte frå kjem til å vere avsperra til ein hydrolog har inspisert området. Det er planlagt å skje kl. 09.00 måndag.

– Dei evakuerte sov på hotell eller hos familie og kjenningar, seier operasjonsleiar Stein Rune Halleraker i politiet.

Det blei brukt gravemaskin og traktorar under evakueringa. Minst to born er blant dei evakuerte.

– Det er ingen som er meldt sakna eller skadde etter det som skjedde, seier Halleraker.

Stryn kommune har sett krisestab.

Evakuerte campingplass

Kenneth Sølvberg driv Nesset Fjordcamping. Han fortel til NRK at sjølve campingen ser ut til å komme frå det utan skader.

– Men politi og brannvesen har evakuert om lag 10 gjester.

Han seier situasjonen ser ut til å vere under kontroll for campingen sin del. Sølvberg sjølv og familien som bur like ved, er ikkje evakuerte

– Problemet her var ikkje flaum, men mangel på vatn. Elva såg ut til å proppe seg oppom vegen her, fortel Sølvberg.

Flaumtopp ved midnatt

– Elvane er store og sjølv om dei når flaumtoppen no ved midnatt så kjem elvane til å vere store i mange timar framover, seier Brigt Samdal som er regiondirektør i NVE.

Måndag morgon er mannskap frå Sivilforsvaret og Vegvesenet framleis på staden, medan brannvesenet, helsepersonell og Røde Kors reiste frå staden natt til måndag.

Ei rekkje vegar i området var stengde, men desse er no opna for trafikk att. Det er manuell dirigering på fv. 60.