Hopp til innhold

Mann i 30-åra sikta for drap på kona si: Barn varsla naudetatane

Kvinna i 20-åra døydde truleg av stikkskadar, melder politiet. Den sikta og avdøde har tre felles barn.

STILLS04

ETTERFORSKING: Politiet har starta drapsetterforsking etter ei valdshending i Rådalen i Bergen.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

Måndag kalla politiet inn til pressekonferanse på politihuset i Bergen, i samband med drapssaka søndag kveld.

– Ei kvinne i 20-åra er erklært død, og ein mann i 30-åra er sikta for drap. Dei var gift og har tre felles barn i barnehagealder, seier påtaleansvarleg i saka, Sven Arne Dahl-Michelsen.

Paret kom til Noreg som overføringsflyktningar i 2019. Det var eit av barna som varsla naudetatane om hendinga.

Politiet har gjort beslag i fleire knivar frå åstaden. Dødsårsaka er sannsynlegvis stikkskadar, seier Dahl Michelsen.

– Vi er ikkje kjende med familien frå før, og er heller ikkje kjende med at det skal ha vore tidlegare konfliktar i familien.

Benjamin Dyrdal

Det er politisperringar på staden måndag ettermiddag.

Foto: Benjamin Dyrdal / NRK

Barna tatt hand om av barnevernsvakta

Fleire politipatruljar og ambulansar rykte ut til bustaden i Rådalen søndag kveld. På adressa blei to personar funne skadde. Dei blei etter kort tid køyrde til sjukehus.

– Begge dei to vart funne livlause då naudetatane kom til staden, seier Dahl-Michelsen måndag.

Mannen som no er på sjukehus har status som sikta i saka.

– Mannen har fått medisinsk behandling på sjukehuset. Eg kan ikkje uttale meg noko meir om skadar, seier Dahl-Michelsen.

Dei tre barna som var til stades er ikkje fysisk skadde, og blir no tatt hand om av barnevernsvakta.

Sikta er førebels ikkje avhøyrd

Det er førebels uklart korleis den sikta mannen stiller seg til saka.

– Eg har ikkje snakka med klienten min enda, og eg kan ikkje uttale meg før det. Han er ikkje avhøyrt, og eg veit ikkje når han skal bli det. Før den tid, kan eg ikkje seie noko om saka, seier forsvarar Erik Johan Mjelde.

Ein nabo seier til NRK at det er skummelt at noko slikt kunne skje i nabolaget.

– Det er veldig overraskande. Eg trudde ikkje noko slikt kunne skje her.

Naboen skildrar nabolaget som stille og roleg.

Politiet rykte ut med store patruljar til ei privat adresse i Bergen sør.

Ei av fleire drapssaker i 2024

Så langt i 2024 er 14 personar drepne i Noreg, i 11 ulike drapssaker.

Fleire av desse er drap i nære relasjonar.

7. januar blei 33 år gamle Tina Milena Solberg funnen død i Øygarden kommune utanfor Bergen. Ein mann ho hadde to barn med er sikta for drap og har erkjent straffskuld.

Solberg bar valdsalarm på grunn av mannen, som er tidlegare dømd for trugslar mot ei anna kvinne.

23. januar vart det funne fire døde personar i ein bustad i Nes. Ein av dei avdøde er sikta for drap på sine to døtrer og eit barnebarn.